lørdag 31. januar 2009



Konstruksjon og design
Framtidas skule

I tre veker nå har me hatt eit stort prosjekt der konstruksjon og design stod på tapetet. Me fekk i oppgåve å konstruere og designe framtidas skule. Framtidas skule skulle vera ein base for mellomtrinnet der me skulle ta utgangspunkt i at det var 30 elevar i kvar klasse.
Me såg på dette som ei lærerik og spennande oppgåve, og sette i gang arbeidet med stor iver.
Første del av prosessen starta i formingssalen, der me vart introdusert for dataprogramma sweet home 3D og google sketchUp. Desse programma var grunnlaget for skissa me skulle teikne. Sweet home 3D er eit enkelt program som ein kan nytte til å lage grunnflata og møblere. Google sketchUp er eit litt meir avansert program som er for utvendig og innvendig konstruksjon og design.
Etter gjennomgangen av programma og oppgåva sette me oss saman for litt idemyldring. Me vart fort einige at me ville fokusere på at denne skulen skulle ha mykje lys, store gode rom, og godt inneklima. Me ville mikse det tradisjonelle og det moderne, me ville fokusere på fleksibilitet og samhald. For design ville me ha ein femkantet hestesko, med eit stort amfi i midten. Etter kvart som me diskuterte fann me ut at framtidas skule, vart i grunn vår drømmekule, der budsjettet var ubegrensa. Det vart slik då framtida er eit så vidt begrep, det kan vera neste år, om ti år, eller om hundre år, kven veit kanskje vil framtidas skule sveve i lufta.
Det vart fort tydleg at me alle ville ha trekk frå dei skulane me har vore på, inn i vår skule. Me skiltes ved dette, og tok helg. Me vart einige om at alle skulle tenkje på skulen, samt lese ein artikkel om miljøretta helsevern i skule, på helsetilsynets heimeside. På måndagen møtte me igjen. Etter å ha lese artikkelen fann me ut at å byggje ein skule er ikkje så enkel så me hadde trudd. Det er veldig mange reglar som spelar inn i bygging av skule, alt frå areal, vindauge, material val, nødutgangar , lys og lyd, til toalett og bøttekott.
Vårt ønske for vår skule var at lokalet skulle utformast for å skape et miljø som fremmer helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold, samt førebygger sjukdom og skade. Me ville unngå ulykker og støy. Me ville skape best mulig læringsarena for elevane.
Då dette vart på plass, byrja me med skissene. Me delte gruppa og byrja med kvart vårt program, me veksla på arbeidet slik at alle fekk vera innom programma. Mi hovudoppgåve var sweet home 3D, der eg stod aleine for all innredninga. Me fann snart ut at i praksis var det enklare å konstruere ein vanleg hestesko i staden for vår femkantete.
Me hadde alle mange ønskjer om kva rom me ville ha. Me vart einige om at me ville dele skulen inn i tre fløyer, a,b,og c. Me ville at kvar klasse skulle ha to klasserom kvar med skyvedør i mellom, på denne måten kunne klassen delast etter behov. På skissa har me tatt utgangspunkt i at dei sitt to og to, med dette kan regulerast. Me ville alle bevare den tradisjonelle undervisnings, men samtidig ha fokus på samarbeid i det sosiokulturelle læringssynet, i tillegg valte me også ein samligskrok for undervisning. Kvar klasse skulle også ha ein garderobe i fløya sin, samt herre og dame toalett. Me ville også ha eit datamaskinrom, lager, grupperom, handikap toalett, kantine, aktivitetsrom, bibliotek, bøttekott, musikkrom og skulekjøkken.
Då skissene var på plass, møtte me i formingssalen for å byrje bygginga av modellen.
Dette var eit stort arbeid, og me fann snart ut at me hadde laga basen vår alt for stor, derfor valte me å flytte musikkrommet og skulekjøkkenet over på felles arealet. Det første me måtte bestemme oss for var kva måletokk me ville nytte, for å få ein litt større modell nytta me ein målestokk der 1,5 cm tilsvarte 1meter i røynda. Me byrja å måle og teikne opp grunnflata, rom og veggar. Me skjærte ut, noko som var eit tungt og nøyaktig arbeid. På grunn av mykje sjukdom fann me ut at me ikkje vill få tid til å skjære ut vindauge og dører som me i utgangspunktet hadde tenkt, me valte ein raskare metode som var å male dei på.
Me limte veggene på, og lot det tørke til dagen etterpå, dette var min jobb. Då me kom igjen dagen etterpå byrja me med å male modellen, og lage tak. Då det var mykje sjukdom i gruppa, vert det travle og lange dagar.
Men modellen vart ferdig og klar til presentasjon fredag 16.1. Etter å sett dei andre sine løysningar og fått stilt ein del spørsmål, fann me ting me godt kunne hatt endra. Som for eksempel rom størrelsane, og dør rett inn i garderoben. Hadde me fått ein sjanse til så hadde me endra å på dette.
Etter ein liten pause frå modellen var det rett på fagtekst, manual, og undervisningsopplegg. Me delte på arbeidet og skriveprosessen gjekk bra. Mitt hovudområdet var her fagteksten, delar av manualen, og undervisningsopplegget.
Me gjorde oss klar til framsyning, ved å lage ein power point, der me også ville vise dataprogramma me har nytta.

Arbeidsprosessen vår kan i stor grad beskrivast gjennom entreprenørskap. Me byrja med ein ide, utvikla den, samarbeide, lagde eit produkt, og utførte dette i praksis.
Det har vore ein lang og lærerik prosess, men mykje arbeid på kort tid.
Eg tykkjar at motivasjonsfaktoren kunne vore betre før oppgåva, me kunne til dømes fått inspirasjon ved å kikke på andre skular. Eg tykkjar også at nokre delar av oppgåva har vore litt uklar. Men alt i alt tykkjar eg at oppgåva i utgangspunktet var god og at det har vore ein lærerik prosess. Me har verkeleg fått oppleve samarbeid i stor grad, me har lært om matematikk , konstruksjon og design, der nøyaktigheit er svært viktig for å få eit bra resultat. Me har hatt vår første store framsyning, og me har erfart at det er ikkje alt som er like lett å gjennomføre i praksis.
Me har samarbeid slik det vil verte for oss i framtida, me ha til tider vore veldig ueinige, men kome til ei løysning til slutt. Eg er veldig fornøgd med framsyninga ,eg synes at det var kjekt at me var den einaste gruppa som hadde alt å teke med begge dataprogramma. Eg kan godt skjønne at dei andre gruppene vart litt misunnelege på framtidas skule, då dette er ei veldig aktuell oppgåve i vår utdanning, då me har lært mykje om krav som vert stilt for skular. For eksempel at kvar elev skal ha eit areal på 2-2,5 kvadratmeter, i tillegg til lærar. Pultar skal også setjast 80cm frå varmeomnar, ventilasjonsanlegg osv. Dette er noko eg veit at ikkje vert gjennomført alle stader i praksis.

For vårt undervisningsopplegg hadde vi planlagt at elevane skulle gå saman to og to og lage sitt drømme rom. Klassen består av 30 elevar, slik at det vart 15 grupper. Me har på forhand bestemt målestokk, og kva rom dei ulike gruppene skal innrede. Me skal ha to soverom , ei stove, eit kjøken og eit toalett, dette skal setjast saman til eit slags dokkehus, slik at dei kan plasserast i etasjar og vi kan sjå inn i dei, vi skal også ha eit hus a dei der vi kan sjå opp i. Vi byrja med å fortelje dei kort om vårt prosjekt, samt vise dei sweet home 3D, google sketchUp, og vår modell. Elevane skal byrje med å teikne ei skisse av rommet deira, dei må her rekne ut areal, og møblane i målestokk, dei må planlegge. Deretter skal dei byrje å setje saman romma.

Av heile dette prosjektet er eg mest fornøgd over undervisningsdelen. Elevane storkost seg, dei hadde rett å slett ikkje tid til å ta seg pause. Eg ser på dette som ei stor belønning av alt arbeidet gjennom prosjektet. Dei syns dataprogramma var spennande, og minna dei litt om spelet ”the sims”, som nokre av dei spelte på fritida. Dei vart kjempe motiverte og inspirerte til å setje i gang arbeidet. Sidan dette var deira drømme rom så kunne dei ha alt dei ville. Det vart basseng og boblebad i nesten kvart rom, digre fjernsyn, popcorrnmaskinar og alt ein kan tenkje seg.
Dei rekna ut areal både i cm og i målestokk, dette trengte dei hjelp til. Men eg syns at dei tok det raskt og omstilla tenkinga si. Eg demonstrerte meter ved å gå skritt som tilsvara ca ein meter, me viste også med metermål. Då klokka vart kvart over ett måtte me byrje å rydde, sjølv om alle ikkje vart ferdige. Når dette var gjort fekk dei gruppene som hadde rom i same hus, presentere si skisse og rom. Dei forklarte kva dei hadde teikna på skissa som dei ikkje hadde fått tid til å lage, eller pass til å ta med. Dei viste kva rommet skulle verte brukt til, og kva interiør dei hadde valt. Deretter fekk gruppene går rund i dei andre romma å sjå kvarandre sine rom. Før me gjekk heim hadde me ei oppsummering der dei fortalte kva dei hadde lært ut av denne dagen. hadde Dei fortalte at dei hadde lært om målestokk, om kor viktig det var å vera nøyaktig for å få eit bra resultat, dei fekk oppleve kor viktig planleggingsfasen var, og dei hadde lært å samarbeida då begge sine idear og meiningar skulle få komme fram, dei måtte lytte til kvarandre. Av dette utsagne fekk eg ei god kjensle inni meg om at elevane faktisk hadde lært mykje viktige eigenskapar denne dagen, i tillegg så hadde dei hatt det veldig kjekt, samt hadde me :-)

Å sjå slike elever som i den dagen, det er noko som verkeleg motiverar meg, og gjer at eg gledar meg til eg skal halde på med dette kvar dag.
Det at me fekk utføre dette prosjektet i praksis var det bese med heile prosjektet, så det var ei kjempe fin avslutning på arbeidsprosessen.