tirsdag 28. april 2009

Sosialisering og utvikling

- Kva er sosialisering?
- Korleis påverkar dette skulen?


Ingen elevar er like, står det i Imsen ( elevens verden 2006: 51). Nokon elevar er store av vekst, medan andre er små for alderen. Nokon har lys hud, andre har mørkare. Jenter og gutar båe kler seg og oppføre seg forskjellig. Noko lærar raskt og er flinke på skulen, medan andre treng litt lengre tid til oppgåvene. Me finn store skilnader mellom individ til og med i same alder. Dette når det gjeld oppførsel, motivasjon, fysisk utragering og sosial tilpassing, med meir.
Grunnen til at ein finn slike store skilnader meinar eg er fordi alle kjem frå ulike familiar og miljø der ein har vorte oppdradd ulikt. I følgje Imsen (elevns verden 2006:52) er oppdraging eit omgrep ein nyttar om det arbeidet ein gjere når ein forme born til samfunnsmenneske. Oppdraginga er målretta, bevisst, og forming av åtferdsmønster og personlegdom. Oppdraginga heng sterkt knytte til arv og miljø.

Det skjer mykje eit menneskes liv. Ein utviklar seg frå å vera eit spedborn, til å verta ungdom, vaksen og gammal. Utviklinga skjer i samspel mellom eit nedarva ”program” som er nedlagt i oss alle, grad av omsorg og stimulering i miljøet og ikkje minst arvelige anlegg som er spesielle for det enkelte individ. I Imsen (elevens verden 2006) beskrives denne utviklinga i ein teori kalla utviklingspsykologi. Denne handlar nettopp om korleis born, unge og vaksne endrar seg sosialt, mentalt og åtferdsmessig gjennom livet.

Kva er så sosialisering?

Eg tolkar sosialisering som ei oppdraging. Borna formas på mange måtar, og frå mange kantar. ”Forminga” kan vera bevisst og ubevisst, positiv og negativ.
Eg vil seie at dei fyrste leveåra er det familien og nære vener som er med på å forme barnet. Dette på ein oppdragande, målretta og bevisst måte. Korleis barnet vert oppdratt er avhengig av haldingar og verdiar som ligg til grunne i familien. Etter kvart som barnet veks opp vert ein kjend med fleire miljø, ein får fleire miljø å forholda seg til, og det er mykje rundt ein som er med å påverke korleis ein vert som person. Dette då sosialisering har båe ei påverknads side og ei mottakar side.


Vanlege bevisste sosialiseringfaktorar kan vera skule og barnehage, medan reklame og propaganda er ein ubevisst faktor. Eg tykkjer her at ein kan trekkje ein samanheng til motivasjon, sjølvoppfatning og meistring, der me vart kjend med omgrepet signifikante andre. Signifikante andre er personar som er viktige for deg. Personar ein vil at skal vera stolt over deg, ein vil at skal like deg, osv, for eksempel foreldre, besteforeldre, sysken, gode venner, ein du likar. Desse signifikante andre meinar eg at vil spela ei stor rolle i sosialisering.
Det kan vera andre sosialiseringsfaktorar, som trusamfunn, media, idolar, militæret, mote, arbeidsliv, politikk, reklame og mykje anna. Slik eg ser det kan det vera mange ulike miljø innan eit større miljø/ ei bygd. Ein har til dømes eit miljø for dei som interesserer seg i fotball, i hest, i dans, i musikk, i datamaskin osv. Alle desse faktorane er med på å påverke og forme ein som person på ein slik måte at ein skal passe inn i samfunnet. Det finnes reglar for korleis ein skal oppføre seg, kva som er lov og kva som ikkje er akseptert.

Dessverre er det mange sosialiseringfaktorar som også har ei uheldig påverknadskraft. Eit viktig døme på det er media, og bruk av digitale verktøy. Media har ofte ein tendens til å gjera saker større enn dei er. Media kan vera med på å skremme barn. Tilgangen til å sjå krig, drap, og alt elenda i verda er veldig stor, ein får det gjennom media kvardag. For borna vert dette tilslutt normalt. Ein kan tenkje seg til at mange av grunnane til skuledrap kan komme av ein slik påverknadsfaktor? Ein anna viktig faktor er verkelegheits seriar. Ikkje alle born forstår at det som regel er manus bak ein slik serie, at det ikkje er vanleg å oppføre seg på ein slik måte ein gjer i desse seriane. Reklame eg også ei stor påverknadskraft for born, motepresser er nok kome grunna det. Internett sider og spel, ein møter menneske som har same interesse som dei, t.d dei som har ete forstyrring. At dei møter andre med same interesse, kan vera med på å forsterke situasjonen, då dei gir kvarandre tips til korleis ein kan gjere . Det er enormt mange dømer på dei uheldige påverknadskraftene media har på menneske.

Dette er heilt klart også er ei utfordring for skulen, då elevane tilbring mykje av tida si på skulen. Borna får ei feil framstilling av korleis verkelegheita er, og korleis ein skal oppføre seg. Det er heilt klart at born lett kan verta påverka av stygt språk gjennom fjernsynet, slikt språk er ikkje tolerert i skulen. Dei tek med eg haldningar som ikkje vert tolerert i skulen. Mykje av tida som lærar går til å ordne opp i konfliktar. For at skulen skal fungera som eit godt fellesskap kan ikkje dårlege haldningar verta tolererte.

Eg trur at det er viktig for skulen å fokusera på dette. Gi elevane ei meining om kva ein bør stole på og kva ein ikkje bør stole på. Ein bør forklare at det er ikkje alt som er i media som er truverdig, at ein må stilla seg kritisk. Samt meinar eg at eit godt utgangspunkt for å få det til å fungera er å ha god kontakt med heimane.

torsdag 2. april 2009

Mitt tidsubestemte blogginnlegg:-)






Tankar frå praksis.

Eg har i grunn tenkt lenge på kva eg hadde lyst å skrive om i dette blogginnlegget. No når eg er ferdig i praksis sitt eg igjen med mange erfaringar og refleksjonar, kring kriteria og det å vera i eit klasserom, kommunisera med elevane og undervisa. Difor har eg lyst å skrive litt om nettopp dette. I desse tre vekene har det vore lange og travle dagar, det har vore veldig kjekt, og eg føler i grunn at eg har nådd måla mine, og lært mykje. For desse tre vekene har merksemdskriteriet, kompetansekriteriet, og informasjonskriteriet stått i fokus. Først må eg seie at det var veldig greitt å ha slike kriterium i fokus. Dette gjorde at eg var meir bevisst på handlingane mine.

Det kriteriet som eg har hengt meg mest opp i, og som eg tykkjar er veldig viktig er merksemdkriteriet. merksemdkriteriet handlar i grunn og botn om det å sjå eleven. Dette kriteriet vert gjerne kalla eit ”baseline – kriterium”, som tyder at det er eit grunnleggjande viktig kriterium som ligg til grunne for alt anna me gjere innan formativ vurdering. Slik eg ser det så heng alt me gjere saman med at me ser elevane. For å gi elevane våre best mogleg læringsutbyte så me må sjå dei. Denne oppgåva er omfattande, men særs viktig. Med at ved å sjå elevane har me sjanse til å gi dei best mogleg læringsutbyte meinar eg at: etter betre me kjenner elevane, gjennom observering, kommunisering, korleis lærar dei? Jo betre kan me gi dei tilpassa opplæring. Me som lærarar har i oppgåve å vera med på å utvikle elevane. Me spelar ei stor rolle i livet deira, då me er til stede mykje av tida. Ved å sjå elevane gir me dei bekrefting. Det er noko me alle treng. Me treng bekrefting på at me blir sett, på at me har prestert bra, osv. I denne oppgåva har me som lærarar ei fantastisk moglegheit til å vera med å byggje opp elevanes sjølvoppfatning, samt gi dei ei kjensle av at dei kan meistre. Frå den veka der dette kriteriet stod i fokus fekk eg ein del opplevingar. Eg opplevde kor fort ein elev kan få merksemda di, og andre elevar vert gøymt, eg opplevde ein elev som plutseleg var forsvunne frå gym økta, og ein som sat aleine då gruppa frå prosjektet hans var sjuke. Slike opplevingar som det gav meg ei aha oppleving over kor ekstremt viktig det er. Samt har eg vorte veldig godt kjent med elevane, då eg har gått bevisst inn for å kommunisera og verta kjent med deira interesser. Dette kriteriet har eg eigentleg stilt for meg sjølve alle dei tre vekene. Eg har vore veldig opptatt av å snakke med alle, nytte namna deira, gi eit nikk, eit klapp på skuldra, og andre ting som gir dei ei bekrefting på at eg har sett dei. Nokre dagar nytta eg ein metode som eg er særs nøgd med. Når elevane skulle gå heim for dagen bad eg dei pakke sekken, og stille seg på plassane sine då dei var klare. Eg følgde nøye med då dei stilte seg opp. Eg gjekk rundt til dei som stod finast, og kom raskast til ro. Tok ein og ein elev i handa og sa takk for i dag. På denne måten såg eg alle elevane, samt lønna eg dei som var flinkast til å komme til ro.

Dei to andre vekene har handla om vurdering av kompetanse samt ”feedback” og ”feed forward”.
Kompetansekriteriet handlar om å vurdera elevanes kompetanse, slik at ein kan møte dei der dei er. Då kan ein gi best mogleg tilpassa opplæring. Kompetansekriteriet handlar om å stille dei gode spørsmåla. Spørsmål som fremmer læring. Om å kommunisera med elevane på ein slik måte som fremmer forståing og problemløysing. Me skal motivera dei og få dei til å ville meistre. Dei gode spørsmåla gir elevane ei moglegheit til å oppdage, og lære gjennom dette. ved å vurdera elevanes kompetanse, gir det oss ei moglegheit til ¨møte dei der dei er. Derfrå kan me tilpasse opplæringa etter deira behov.

informasjonskriteriet handlar om at me som lærarar skal gi tilbakemeldingar som gir hjelp og retning for fagleg framgang og gir informasjon om kva ei god presentasjon er. Me skilje mellom begrepa ”feed back” og ”feed forward”. Slik eg ser det er ”feed back” ei tilbakemelding på/vurdering av korleis ein har presentert noko, medan ”feed forward” er ei melding som skal hjelpa deg framover mot ei god presentasjon. Her må me vera konkrete. Utsegn som flott, godt jobba, bra osv er ikkje godt nok. Ein må ta tak i det som trengs å forbetrast, og hjelpe elevane med å forstå dette. Me må skriva/forklare det på ein slik måte at elevane forstår kva som må gjerast. Dersom ein for eksempel skriv: hugs punktum. Så kan det godt hende at eleven forstår at ein treng fleire punktum, men veit kanskje ikkje korleis ein set punktum. Det er her det er viktig for oss å vera veldig konkret på kva me meinar, og korleis dei kan forbetre seg. Ein kan ikkje berre skrive kva elevane ikkje kan. Dette er heilt klart noko som er svært viktig for å fremje læring. Samt er det like viktig å ta tak i det som er positivt. Eg likar å starte med det då eg gir ei tilbakemelding, slik at elevane skal få ei positiv instilling. Samt tykkjar eg at det er svært viktig at ein gir den ”negative” kritikken på ein positiv måte, døme: Eg ville gjerne høyrt at du snakkar litt høgare ved framsyninga, då du er veldig flink, og det er interessant det du seier. Eg trur at på denne måten unngår ein at elevane går i forsvar. Samt trur eg at å gi tilbakemeldingar på denne måten gir elevane ei større kjensle av å meistre, enn om dersom ein seier: snakk høgare. Desse vekene har me nytta vurderingsmetoden ”two stars and a wish”. Eg likar med denne metoden at eg får kome med eit ønske, som er med på å forbetre elevanes presentasjon. Sjølv kjente eg også at då det gjaldt ”two stars” så vart det mykje like kommentarar. Eg trur nok at dette med vurdering er noko eg vert betre til med erfaring.
Eg kan oppsummera med at eg har hatt det veldig kjekt i praksis. Eg har lært mykje. No tek eg påske ferie.



God påske :-)

tirsdag 10. mars 2009

Leik og læring

Leik!

Leiken er mangfaldig og har mange ulike uttrykksformer. Ei definisjon på leik er noko som får menneske til å gjennomføra ei aktivitet av eiga lyst utan at det treng å liggje noko mål til bakgrunn for handlinga.
For oss lærarar er leik ein glimrande metode å nytte ved læring i skulen, kanskje noko som vert nytta for lite. Eit viktig bodskap då det gjeld å oppnå den optimale kontakt med eleven er å møte eleven på det nivået ein er. Leik er i aller høgste grad ein del av det å vera liten, så kvifor ikkje møte borna gjennom leiken? Samt å møte eleven er leik med på å skape ei variasjon i skulekvardagen. Leik kan vera eit positivt innspel i ei ”keisam” økt. Ein kan læra kolossalt mykje gjennom leik.

Kva er det som kjenneteiknar leik?

1. Det er typisk for leik er at den er indremotivert. Då forstår eg det slik at leiken er ei lønning i seg sjølve. Leik skapar til dømes spenning og lyst, dette er ekstremt viktig då det gjeld læring. Dette fordi det er motiverande når noko er spennande, ein vert nyfiken, og ein får lyst til å læra. Eg trur kanskje at dette kan vera ein kjempe god metode i skulen då elevane somme tider forbinder å læra som noko kjedelig, men å leika er noko dei likar. Kanskje dei ikkje vert bevisst på utbyte dei har fått av leiken før leiken er over. Samt er eg sikker på at gjennom leik så vil ein få ”knaggar” til å hengje kunnskapane på. Eg tykkjar vertfall sjølve at spesielle og kjekke situasjonar hugsar eg betre enn keisame.

2. Eit anna typisk kjenneteikn for leik er at ein sett verkelegheita til side. Ein latar som ein er i ei anna verd, der kunn fantasien setter grenser. Dette er ei situasjon eg er sikker på at dei fleste kan kjenne seg att i. Dei fleste av oss har nok leika superheltar som reddar verda, skaper fred, vorte millionærar, og har kunna klart alt ein ynskjer. Verkelegheita gjeld ikkje. Ein trur at ein er i stand til å meistre alt. Ein tilpassar leiken til eigne føresetnadar, der det er vanskeleg å mislykkast. Ei viktig sak i skulen handlar nettopp om dette. Me som lærarar i oppgåve å vera med på å skape identitet hos elevane våre. Me skal støtte dei og hjelpe dei, slik at dei skal få ei god sjølvoppfatning. Slik eg ser det så er det slik at etter betre sjølvoppfatning ein har, etter større tru har ein på at ein skal klare å meistre. Gjennom leik kan me vera med på å byggja opp sjølvbilete til eleven. Me ynskjer at elevane skal verta trygge på seg sjølve, slik at dei i alle skule situasjonar, og andre, skal kjenne at dei kan klare det.

3. Noko som er flott med leiken er at borna har ei viss kontroll på kva som skjer. Borna tek sjølve initiativet, sett grense, tek val, og bearbeide handlingar. Dette er med på å utvikle borna som eit sjølvstendig menneske, med eigne meiningar og ytringar.

4. Det siste kjenneteikne for leik som eg vil ta med gjelder samspelet i leiken. Borna lærar å kommunisera på mange ulike plan. Dette kjenneteikne heng også saman med Vygotskys teori om det sosiale vesenet. Borna utviklar seg saman med andre gjennom leiken.

Det er mange ulike måtar å sjå på leik.

Freud meinte at leik var utløp for ubevisste motiv og konfliktar, dette gjennom det psykodynamiske synet, på leik som ”reinsing”. Det eg trur er meint med dette er at mange born har opplevd dramatiske hendingar i livet sitt. Dette kan vera skilsmisse, død, osv. slikke opplevingar kan ofte gjenspeilast i måten borna leikar på. Dei kan for eksempel oppføra seg valdleg, eller vera veldig redde, ha angst for handlinga. Slik er ser det meinar Freud at ein skal leike seg gjennom ei spesiell handling, og berabeide det som bornet har angst for. Slik eg ser det, så må føresetnadane for dette vera eit godt og trygt miljø, og at ein stolar på kvarandre.

Leik vert også sett på som humanistisk vekst, i samband med Maslows behovshieraki. Ein av dei grunnleggjande behova for oss menneske etter mat og drikke, er å vera saman med andre. Me menneske treng å ha nokon rundt oss, me treng medkjensle, støtte og kjærleik. Kan ein oppnå dette gjennom leik? Kan leik vara med på å dekke ødette behovet? Eg meinar at det kan det. Eg meinar at born og leik bær takast på alvor. Dette er eit gunnleggjande fysologisk behov som eg er trur av leik delvis kan dekkja, vertfall til ei viss grad.

Piaget ser på leik hovudsakeleg som assimilasjon. Å imitera er ein stor del av leiken. Difor ser eg at dette kan knytast til teorien om assimilasjon. Born kan ta kva som helst gjenstandar, leike med den, og førestille seg at det er noko anna. Fyrst tenkte eg at; er ikkje det berre fantasien då? Men korleis kunne ein førestilt seg til dømes ein telefon, dersom ein ikkje hadde kunnskap om korleis ein telefon ser ut. Altså ein må ha kunnskap for å leike på denne måten. Då kan det jo tenkast seg at jo eldre ein vert, dess meir avansert vert leikinga. Samt tenkjer eg at ein teiknar jo fantasifigurar, kvar får ein desse ideane frå? Puttar ein saman inntrykk frå mange ulike figurar?

Det var nokre måtar å sjå på leik på. Eg kan seie med samd i desse tankane. Ein ting er sikkert, det er vertfall at leik skal vera kjekt, samt skal det takast på alvor. Det finnes mange måtar å leike på, gjennom rollebaserte leikar, regelstyrte, konstruksjon, fysisk betone, og samle leikar.
Noko som er litt artig er at eg i sist veke snakka med ein veninna som går på Bryne vidaregåande skule. Ho fortalte meg at lærarane der hadde vore på eit kurs, på grunn av ei spørjeundersøking frå skulen. Undersøkinga hadde fått eit negativ utslag på variasjon og spanande/ kjekke undervisingstimar. Dette kurset handla om leik i skulen. Veninna mi kunne ikkje forstå kvifor dei skulle leike i skulen, ho og andre tenkte at dette var useriøst og slik ein gjorde på borneskulen. Eg må innrømme at eg forstod kva ho meinte. No denne veka har eg innsett kvifor lærarane vart sendt på dette kurset. Det var kanskje litt seint å begynne for alvor med leik der no? Eg trur litt på at dersom ein leikar fra byrjinga av, og held det ved like så er det ikkje ”flaut”. Eg har vertfall lært det at å leike er viktig. Leik har ei vanvittig stor læringsverdi. Leik trenar både vaksen å små til å ta initiativ og kontakt med andre. Det trenar ein til å verta sjølvstendig, og til å samarbeide. Det trenar ein til å ta perspektiv og omsyn, ein må lære å vente på tur for eksempel. Ein vert trenet i motorikk, språkutvikling, kommunikasjon, normer, reglar, kreativitet, utforsking og mykje meir. Me har ikkje leika mykje i mi skuletid, men eg hugsar ein gang på ungdomsskulen me leika ”english tee party”. Dette var i engelsk økta. Me hadde med oss kjeks og te. Me sat i lag å drakk te og måtte prate på engelsk. Me laga oss ulike roller, og koste oss. Dette er heilt klart noko som skaper motivasjon, språkutvikling, kommunikasjon og sosialisering, samt var det svært morosam.
Leik er ei fantastisk oppleving. Ein lever seg inn i ei slags perfekt verd. Et trur at det er dette Csikszentmihalyi meinar med ei mental flow. Ein leikar for leikens skuld. Noko som alle bør oppleve.
1 1997 då ein villa ha seks åringar inn i skulen prioriterte ein i lk97 leik som metode, utfolding, og tilnærming til fag. Dette heng heilt klart saman med tilpassa opplæring, der ein møter elevane der dei er. I lk06 vart leiken i skulen nedtona, noko som eg tykkjar er ganske synd. Eg meinar at ein bør satse på leiken i skulen. Leik er med på å utvikle elevane sine evner og talentar individuelt og saman med andre. Leik gir lærelyst, uthaldt, og gjer ein nyfiken. Leik stimulere til utvikling av eigne læringsstrategiar, og evne til kritisk tenking. Leik er med på å utvikle eleven som person på mange felt, samt sikre eit læringsmiljø som fremmer helse, trivsel og læring. Til dette synes eg at ein kan knytte speilingsteorien. Gjennom leik med andre er det med på å danna bilete av ein sjølve og av kven andre er.

Dei vaksne må også involvera seg, dette på ulike plan. For å få eit godt leikemiljø meinar eg at det er viktig at læraren sjølv visar engasjement, iver og lyst.
Det er ekstremt mange gode grunnar til kvifor ein skal leike i skulen.

torsdag 26. februar 2009

Undervisningsplanlegging

Den didaktiske relajsonsmodellen og læreforutsetningar.

Ein av våre jobbar som lærarar er å gi timane innhald og samanheng. Ein stor del av arbeidet går til planlegging. Lærarar planlegge på fleire nivå, for eit heilt skuleår, for periodar, veker, dag og arbeidsøkter. Planlegging gir oss blant anna struktur og tryggleik, det er ei oversikt over kva mål elevane skal oppnå, samt ei oversikt over korleis ein ligg ann i forhold til tid til rådigheit. Skissa er med på inkludere både foreldre og elevar, og det heng saman med arbeidsmåtar. Sjølvsagt må planane kunne justerast når ting skjer. Samt må ein vera fleksibel, då læraen skal ha kontrollen, ikkje planen.

Pedagogiske forskarar har i følgje Lyngsnes og Rismark (didaktisk arbeid 2007) vore opptatt av lærenes planlegging. Dei har haldt intervju, bedt dei tenkje høgt, skrive logg, osv for å finne ut korleis planane har fungert i praksis. læraranes planlegging virke inn på det elevane lære, fordi planlegginga dreier seg om tida som er til råde og lærestoffet som skal læres.
Lærarar må ta mange val. I planlegginga møter ein ofte spørsmåla kva? Korleis? Kvifor? Ein må heile tida vera bevisst på kva måla er, kva arbeidsmåtar ein vil nytte og kvifor ein gjere som ein gjere. Som hjelp til planlegginga har ein den didaktiske relajsonsmodellen, som kan fungera som reiskap i det didaktiske arbeidet. I følgje Lyngsnes og Rismark (didaktisk arbeid 2007) kan ein seie at den didaktiske modellen er ein teorikonstruksjon for planlegging og analyse av didaktiske virksomheiter. Modellen er anvendeleg slik at den kan nyttast av nybegynnarar og av erfarne. Slik eg ser det er modellen alfa omega for lærarar. Den hjelper i å minne oss på kva ein skal ta omsyn til under planlegginga. Samt kan den nyttast som refleksjon, då ein kan gå attende etter til dømes ei økt å sjå om ein har oppnådd det ein ynskte for økta.

Den didaktiske modellen me følgje inneheld desse kategoriane:



Når eg planleggjar tenkjer eg først og fremst på måla og innhaldet for timen. Deretter tenkjer eg på korleis eg ynskjer å ha det, og om det kan gjennomførast. Medan når eg tenkjer på det så tykkjer eg kanskje at didaktiske føresetnadar er den viktigaste kategorien i modellen. Didaktiske føresetnadar inneheld elevføresetnadar, læreføresetnadar, fysiske, biologiske, sosiale og kulturelle føresetnadar. Då tenkjer er slik at dersom dette ikkje er teke omsyn til og lagt til rette for då er det mykje vanskelegare å oppnå dei måla som er stilte. Lyngsnes og Rismark (didaktisk arbeid 2007) skriv at det er ein samanheng mellom alle kategoriane. Eg er einig i dette, men samt tenkjer eg at alle kategoriane heng saman, men at dei er forankra i didaktiske føresetnadar, då eg ser på det som grunnleggjande faktorar for at noko skal kunne gjennomførast. Slik eg har opplevd det i praksis så er det mange lærarar som ikkje nyttar modellen. Eg meinar at for oss som nybegynnarar er det bra å he ein slik modell slik at me har noko å sjå til. Samtidig lærar me å ta omsyn til dei ulike kategoriane. Eg trur at etter meir erfaring ein har som lærar så vert planlegginga lettare, ein treng ikkje alle desse skjemaa fordi ein på ein måte alltid nytte det ubevisst. Altså meinar eg at desse føresetnadene skal komme automatisk då ein planleggjar, fordi dei er så viktige.

Ei av dei viktigaste faktorane tykkjar eg at er læreføresetnader. Elevane kjem til skulen med ulike forventningar, kunnskapar, erfaringar, evner og bakgrunn. Dette forholdet kallast læreføresetnadar. For å kunne planleggja på ein kreativ og fleksibel måte må ein kjenna elevane sine. Ein må vita kva dei er interesserte i, og kva evner dei har frå før. Å verta kjent med elevanes læreføresetnadar går i tråd med Piagets og Vygotskys tenking. I Piagets teori er det nødvendig å kjenna elevanes skjema for å planleggja i samsvar med tilpassa opplæring. Alle elevar har ulike kunnskapar, og derav ulike skjema, og difor må ein kjenne desse for å kunne planleggje vidare. I Vygotskys teori handlar det om å ha kjennskap til elevanes aktuelle utviklingsnivå, for å kunne finne ut noko om deira nærmaste utviklingssona, slik at ein skal kunne forme stillasa i elevanes læringsarbeid. Læreføresetnadar er sjølvsagt knytte til mål. Då eg var i praksis opplevde eg kor ekstremt mykje det var å ta omsyn til då eg skulle planleggje. Eg måtte ta omsyn til om timen var rett før mat friminuttet, då elevane var svoltne, elle om det var siste time på dagen, då elevane var trøtte og ville heim. 50% av foreldra til elevane ver skilte. Då elevane gløymte bøker pga dei hadde flytta frå mora til faren i helga, så kan ein ikkje seie noko anna enn at det er greitt. Det var fleire som måtte klare seg aleine om morgonen, og hadde difor ikkje spist frukost. Det var to i klassen som var utviklingshemma. Ikkje alle tåler like mykje ”kritikk”. Det var nokon som ikkje kunne jobbe saman, osv. det er ekstremt mykje å ta omsyn til. Eg tykkjar heile tida at eg skriv at det viktigaste er å kjenne elevane sine, og her viser det seg igjen. For å få best mogleg utbyte av undervisinga så må ein kjenne elevane sine. Me som lærarar må møte elevane der dei er, det er avgjerande for å få det samspelet ein ynskjer.

Læreføresetnadar er ikkje gitt ein gong for alle. Det er dynamisk, heile tida i endring og utvikling. Eleven utviklar seg heile vegen, både intellektuelt, fysisk, psykisk, kjenslemessig og sosialt. Dette tyder at me som lærarar heile tida må ha auga opne for å på best måtte danna tilpassa opplæring for kvar enkelte elev.

onsdag 11. februar 2009




Hva er motivasjon?
- Indre og ytre motivasjon

I følgje Imsen (2006) handlar motivasjon om korleis kjensler, tankar og fornuft tvinnar seg saman og gir farge og glød til dei handlingane vi utføre. Motivasjon defineras gjerne som det som forutsaker aktivitet hos individet, det som held aktiviteten ved like, og det som gir den mål og meining. Slik eg ser det er motivasjon noko som startar opp, noko som gir ei rørsle, og ei retning. Det er noko som driv ein, og som ofte er knytte til interesse. Det handlar på mange måtar om å verta gira, engasjert, og positivt innstilt til å gjennomføre noko. Motivasjon for meg skape forventningar og interesse. Ein kan seie at å få i gang motivasjonen er alfa omega, både på skulen og i privat livet.

Motivasjon er ein situasjonsbestemt tilstand som påverkas av verdiar, erfaringar, sjølvoppfatning, og forventningar. Mange kjensler spelar inn. Både glede, smerte, lyst, angst, meisring, status, ambisjonar og mange fleire. Alt dette hang saman i kultur og arv. Kjensler, kognisjon/tenking og motivasjon påverkar kvarandre gjensidig. Dette er illustrert i modellen ”sinnets triologi”.







Det er mange ulike måtar å sjå på motivasjon. Eg dreg fram nokre pedagogiske grunnsyn, og deira syn på motivasjon. Det behavioristiske perspektivet baserar seg på teorien om straff og belønnig. Dette er noko eg trur alle lærarar nytte nesten kvar dag i det ubevisste. Til dømes dersom de jobbar bra denne timen skal de få spele kort dei fem siste minutta, eller dersom de ikkje er rolege får de ikkje spele kort i dag. Det kognitive perspektivet legger vekt på korleis tankane våre bidrar til å forme motivasjon. Dei meinar i følgje Imsen (2006) at menneske er nyfikne og undersøkjande. Basert på trongen til å finne meining, motiverar det til læring. Ein er ute eter ubalanse i systemet som skal føre til akkomodasjon.
Det humanistiske perspektivet ser på menneske som sjølvstendige og fridomssøkjande, de søker etter meining og er klar til å ta ansvar. Medan behovsteoriane forklare mennesklege handlingar ut frå grunnleggjande behov, som er blant de tidlegaste og mest utbrette oppfatningane om motivasjon. Her står Maslows behovhierarki sterkt. Eg meinar at alle desse teoriane står i samspel i mi tolking av kva motivasjon er.





Når vi snakkar om motivasjon snakkar vi om indre og ytre motivasjon. Slik eg ser det så er ytre motivasjon noko ein gjennomfører fordi at ein vert påverka av andre. Om ein tenkjer seg om så er det ikkje sikkert at ein gjennomførar det fordi at ein sjølv vil det. Det kan vera grunna forventningar frå andre eler for å oppnå belønning. Medan indre motivasjon ser eg på som noko ein gjennomføre av eigen lyst. Noko ein gjere fordi ein sjølve er interessert, at ein sjølv vil oppnå noko med aktiviteten. Ein kan kanskje seie at det er eit slags indre driv som driver deg til aktiviteten fordi ein sjølv vil det. Det er mange argument for og imot indre motivasjon. Nokon kan seie at ytre motivasjon er ei slags falsk motivasjon, då ein gjennomførar noko for andres skuld. Nokon meinar at belønning er ei ulempe då det kan verke slik at ein gjennomføre aktiviteten for å oppnå belønning i form av gjenstandar, då mange meinar at karakterane i seg sjølve er belønninga. Sjølv tenkjer eg på dei som slit på skulen. Det er ein kamp kvar dag då leksa skal gjerast. Eg syns i grunn at å gi desse elevane belønning for å oppnå noko, så kan det vera ei stor motivasjon for de som manglar den fullstendig. De gjere nok i hovudsak arbeidet for å tene pengar og ser ikkje viktigheita av å gjere det bra, men er det ikkje viktigast at ein består?
Mange kan seie; ja men kor lenge skal ein belønne, skal det verta ein vane? Eg trur at dette handlar om modning. Dersom ein etter nokon år kuttar rett av med belønninga. så kan det hende at det er heilt greitt for personen, då ein har modnast og ser at det er viktig å bry seg om utdanninga si. Ein ser kanskje på det tidspunktet at eg kan faktisk klare å oppnå like gode resultat utan belønning. Det handlar ofte om at barn treng å sjå framgangen i form av gjenstandar. Andre meinar også at indre motivasjon er ei større motivasjon, då ein utan påverknad frå andre ser at ei sjølv kan klare å meistre noko. det handlar om å finne seg sjølve og sine handlingar utan å verta påverka av andres handlingar.

Men kan ei velje kunn ein motivajsonstype. Korleis kan ein ikkje påverkast av andre? Menneske er eit sosialt vesen. Korleis kan ein danne seg eit sjølvbilete utan å verta påverka av andre? Korleis kan ein frå nyfødt av klar å danne eit bilete av seg sjølve utan at ein høyrer på noko frå andre?


Slik eg ser det påverkar ytre motivasjon til betre indre motivasjon. Dersom ein får god respons, mykje ros og støtte frå verda rundt ein, da vil det skape ei kjensle av at ein verkeleg kan klara noko på eigehand. På denne måten vil ein vekke meistringsmotivasjonen inni seg.
I skulen har elevane krav på tilpassa opplæring, samt tykkjar eg at dei også bør få tilpassa motivasjon. Eg ser på det som ei svært utfordrande oppgåve å motivera elevane, særleg å halde motivasjonen deira oppe. Som lærar meinar eg at det er viktig at ein står fram som eit godt førebilete, støtte, motivarar og inspirarar. Grunnlaget for tilpasse motivasjon samt TPO meinar eg at er å kjenne elevane sine. Ein må vita grunnar til at dei eventuelt trekkjer seg vekk. Ein må konfrontera elevane, sikre at dei veit at du ikkje er ”ute etter å ta dei”, men sikre eit trygt og godt læringsmiljø, der det er lov å feile. Dersom ein ikkje prøver, vinn ein ikkje. Ein må sørgje for å ha reglar, men ein må vera snill samtidig som ein er streng, ein slags omsorgsfull disiplin. Elevane må veta at dei kan stola på oss, veta at me er der for dei, og at me ynskjer det beste for dei. Eg trur at når det gjeld å motivera elevar så må ein veta kva som interesserar dei. I meiningsfylt matematikk av Botten (2003) står det eit døme om ein elev som slit med matematikk, læraren finn ut at eleven er interessert i musikk og dyr. Læraren tek då med seg eleven til dyrebutikken, let ho rekne med prisar, prosent osv, frå butikken, samt lage statistikk rundt kva musikk venene hannar likar. Eg meinar at bobla her er å kjenne elevane, det andre kjem utanfor.

lørdag 31. januar 2009



Konstruksjon og design
Framtidas skule

I tre veker nå har me hatt eit stort prosjekt der konstruksjon og design stod på tapetet. Me fekk i oppgåve å konstruere og designe framtidas skule. Framtidas skule skulle vera ein base for mellomtrinnet der me skulle ta utgangspunkt i at det var 30 elevar i kvar klasse.
Me såg på dette som ei lærerik og spennande oppgåve, og sette i gang arbeidet med stor iver.
Første del av prosessen starta i formingssalen, der me vart introdusert for dataprogramma sweet home 3D og google sketchUp. Desse programma var grunnlaget for skissa me skulle teikne. Sweet home 3D er eit enkelt program som ein kan nytte til å lage grunnflata og møblere. Google sketchUp er eit litt meir avansert program som er for utvendig og innvendig konstruksjon og design.
Etter gjennomgangen av programma og oppgåva sette me oss saman for litt idemyldring. Me vart fort einige at me ville fokusere på at denne skulen skulle ha mykje lys, store gode rom, og godt inneklima. Me ville mikse det tradisjonelle og det moderne, me ville fokusere på fleksibilitet og samhald. For design ville me ha ein femkantet hestesko, med eit stort amfi i midten. Etter kvart som me diskuterte fann me ut at framtidas skule, vart i grunn vår drømmekule, der budsjettet var ubegrensa. Det vart slik då framtida er eit så vidt begrep, det kan vera neste år, om ti år, eller om hundre år, kven veit kanskje vil framtidas skule sveve i lufta.
Det vart fort tydleg at me alle ville ha trekk frå dei skulane me har vore på, inn i vår skule. Me skiltes ved dette, og tok helg. Me vart einige om at alle skulle tenkje på skulen, samt lese ein artikkel om miljøretta helsevern i skule, på helsetilsynets heimeside. På måndagen møtte me igjen. Etter å ha lese artikkelen fann me ut at å byggje ein skule er ikkje så enkel så me hadde trudd. Det er veldig mange reglar som spelar inn i bygging av skule, alt frå areal, vindauge, material val, nødutgangar , lys og lyd, til toalett og bøttekott.
Vårt ønske for vår skule var at lokalet skulle utformast for å skape et miljø som fremmer helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold, samt førebygger sjukdom og skade. Me ville unngå ulykker og støy. Me ville skape best mulig læringsarena for elevane.
Då dette vart på plass, byrja me med skissene. Me delte gruppa og byrja med kvart vårt program, me veksla på arbeidet slik at alle fekk vera innom programma. Mi hovudoppgåve var sweet home 3D, der eg stod aleine for all innredninga. Me fann snart ut at i praksis var det enklare å konstruere ein vanleg hestesko i staden for vår femkantete.
Me hadde alle mange ønskjer om kva rom me ville ha. Me vart einige om at me ville dele skulen inn i tre fløyer, a,b,og c. Me ville at kvar klasse skulle ha to klasserom kvar med skyvedør i mellom, på denne måten kunne klassen delast etter behov. På skissa har me tatt utgangspunkt i at dei sitt to og to, med dette kan regulerast. Me ville alle bevare den tradisjonelle undervisnings, men samtidig ha fokus på samarbeid i det sosiokulturelle læringssynet, i tillegg valte me også ein samligskrok for undervisning. Kvar klasse skulle også ha ein garderobe i fløya sin, samt herre og dame toalett. Me ville også ha eit datamaskinrom, lager, grupperom, handikap toalett, kantine, aktivitetsrom, bibliotek, bøttekott, musikkrom og skulekjøkken.
Då skissene var på plass, møtte me i formingssalen for å byrje bygginga av modellen.
Dette var eit stort arbeid, og me fann snart ut at me hadde laga basen vår alt for stor, derfor valte me å flytte musikkrommet og skulekjøkkenet over på felles arealet. Det første me måtte bestemme oss for var kva måletokk me ville nytte, for å få ein litt større modell nytta me ein målestokk der 1,5 cm tilsvarte 1meter i røynda. Me byrja å måle og teikne opp grunnflata, rom og veggar. Me skjærte ut, noko som var eit tungt og nøyaktig arbeid. På grunn av mykje sjukdom fann me ut at me ikkje vill få tid til å skjære ut vindauge og dører som me i utgangspunktet hadde tenkt, me valte ein raskare metode som var å male dei på.
Me limte veggene på, og lot det tørke til dagen etterpå, dette var min jobb. Då me kom igjen dagen etterpå byrja me med å male modellen, og lage tak. Då det var mykje sjukdom i gruppa, vert det travle og lange dagar.
Men modellen vart ferdig og klar til presentasjon fredag 16.1. Etter å sett dei andre sine løysningar og fått stilt ein del spørsmål, fann me ting me godt kunne hatt endra. Som for eksempel rom størrelsane, og dør rett inn i garderoben. Hadde me fått ein sjanse til så hadde me endra å på dette.
Etter ein liten pause frå modellen var det rett på fagtekst, manual, og undervisningsopplegg. Me delte på arbeidet og skriveprosessen gjekk bra. Mitt hovudområdet var her fagteksten, delar av manualen, og undervisningsopplegget.
Me gjorde oss klar til framsyning, ved å lage ein power point, der me også ville vise dataprogramma me har nytta.

Arbeidsprosessen vår kan i stor grad beskrivast gjennom entreprenørskap. Me byrja med ein ide, utvikla den, samarbeide, lagde eit produkt, og utførte dette i praksis.
Det har vore ein lang og lærerik prosess, men mykje arbeid på kort tid.
Eg tykkjar at motivasjonsfaktoren kunne vore betre før oppgåva, me kunne til dømes fått inspirasjon ved å kikke på andre skular. Eg tykkjar også at nokre delar av oppgåva har vore litt uklar. Men alt i alt tykkjar eg at oppgåva i utgangspunktet var god og at det har vore ein lærerik prosess. Me har verkeleg fått oppleve samarbeid i stor grad, me har lært om matematikk , konstruksjon og design, der nøyaktigheit er svært viktig for å få eit bra resultat. Me har hatt vår første store framsyning, og me har erfart at det er ikkje alt som er like lett å gjennomføre i praksis.
Me har samarbeid slik det vil verte for oss i framtida, me ha til tider vore veldig ueinige, men kome til ei løysning til slutt. Eg er veldig fornøgd med framsyninga ,eg synes at det var kjekt at me var den einaste gruppa som hadde alt å teke med begge dataprogramma. Eg kan godt skjønne at dei andre gruppene vart litt misunnelege på framtidas skule, då dette er ei veldig aktuell oppgåve i vår utdanning, då me har lært mykje om krav som vert stilt for skular. For eksempel at kvar elev skal ha eit areal på 2-2,5 kvadratmeter, i tillegg til lærar. Pultar skal også setjast 80cm frå varmeomnar, ventilasjonsanlegg osv. Dette er noko eg veit at ikkje vert gjennomført alle stader i praksis.

For vårt undervisningsopplegg hadde vi planlagt at elevane skulle gå saman to og to og lage sitt drømme rom. Klassen består av 30 elevar, slik at det vart 15 grupper. Me har på forhand bestemt målestokk, og kva rom dei ulike gruppene skal innrede. Me skal ha to soverom , ei stove, eit kjøken og eit toalett, dette skal setjast saman til eit slags dokkehus, slik at dei kan plasserast i etasjar og vi kan sjå inn i dei, vi skal også ha eit hus a dei der vi kan sjå opp i. Vi byrja med å fortelje dei kort om vårt prosjekt, samt vise dei sweet home 3D, google sketchUp, og vår modell. Elevane skal byrje med å teikne ei skisse av rommet deira, dei må her rekne ut areal, og møblane i målestokk, dei må planlegge. Deretter skal dei byrje å setje saman romma.

Av heile dette prosjektet er eg mest fornøgd over undervisningsdelen. Elevane storkost seg, dei hadde rett å slett ikkje tid til å ta seg pause. Eg ser på dette som ei stor belønning av alt arbeidet gjennom prosjektet. Dei syns dataprogramma var spennande, og minna dei litt om spelet ”the sims”, som nokre av dei spelte på fritida. Dei vart kjempe motiverte og inspirerte til å setje i gang arbeidet. Sidan dette var deira drømme rom så kunne dei ha alt dei ville. Det vart basseng og boblebad i nesten kvart rom, digre fjernsyn, popcorrnmaskinar og alt ein kan tenkje seg.
Dei rekna ut areal både i cm og i målestokk, dette trengte dei hjelp til. Men eg syns at dei tok det raskt og omstilla tenkinga si. Eg demonstrerte meter ved å gå skritt som tilsvara ca ein meter, me viste også med metermål. Då klokka vart kvart over ett måtte me byrje å rydde, sjølv om alle ikkje vart ferdige. Når dette var gjort fekk dei gruppene som hadde rom i same hus, presentere si skisse og rom. Dei forklarte kva dei hadde teikna på skissa som dei ikkje hadde fått tid til å lage, eller pass til å ta med. Dei viste kva rommet skulle verte brukt til, og kva interiør dei hadde valt. Deretter fekk gruppene går rund i dei andre romma å sjå kvarandre sine rom. Før me gjekk heim hadde me ei oppsummering der dei fortalte kva dei hadde lært ut av denne dagen. hadde Dei fortalte at dei hadde lært om målestokk, om kor viktig det var å vera nøyaktig for å få eit bra resultat, dei fekk oppleve kor viktig planleggingsfasen var, og dei hadde lært å samarbeida då begge sine idear og meiningar skulle få komme fram, dei måtte lytte til kvarandre. Av dette utsagne fekk eg ei god kjensle inni meg om at elevane faktisk hadde lært mykje viktige eigenskapar denne dagen, i tillegg så hadde dei hatt det veldig kjekt, samt hadde me :-)

Å sjå slike elever som i den dagen, det er noko som verkeleg motiverar meg, og gjer at eg gledar meg til eg skal halde på med dette kvar dag.
Det at me fekk utføre dette prosjektet i praksis var det bese med heile prosjektet, så det var ei kjempe fin avslutning på arbeidsprosessen.

torsdag 4. desember 2008

Blogg om blogging!

Nå er desember månaden kommen, og dette halve året har gått forbi i ein fei. Når eg nå skal vurderer kva eg tykkjar om blogginga, har eg ikkje noko vondt å seie. Det første eg tenkte var skrekk å gru, eg ville ikkje at andre skulle lese det eg hadde skreve. Då me byrja syntes eg eigentlig at det var heilt greitt. Det er kjekt å lese andre sine innlegg, lære og få inspirasjon. Eg tykkjar det er ein svært bra læremetode, då den får oss til å reflektere over det me har hatt som pensum for den veka. Me gjere stoffet til vårt eige, og det vert difor lettare å hugse meinar eg. Den er også ei fin måte å nytte på grunn av at det er noko me kan sjå attende på, eit slags samandrag. I tillegg er det ein fin måte for oss å øve oss på å kommentera kvarandre, og spørsmåla som vert stilt gir gode grunnar til refleksjon og ettertanke. Til tider har eg synest at blogginga har vore litt tidskrevjande, og at det vert litt overprioritert i forhold til andre fag. Likevel er eg svært fornøgd med den, for eg har forstått viktigheita over faget. Når eg tenkjer attende føler eg at eg har lært mykje av å nytte blogging, og er noko eg kan tenkje meg å ha vidare.


No tek eg snart ferie, og takkar for i år.
Eg ynskjer alle ei riktig god jul, og eit godt nytt år.
Så snakkast me igjen i 2009!

onsdag 26. november 2008

” La de 100 MI skoler blomstre”
Gardner

Howard Gardner ( 1943 - ) er ein kjent mann innan forskinga på menneske sine intelligensar. Han har jobba som Harvard professor i pedagogikk og neurologi, noko som har påverka han til å skapa ein annleis teori.
I meir enn 25 år har Gardner forska på menneskets eigenskapar. På 80 – talet lanserte han teorien om multi – intelligensar (MI). Her hevdar han at alle er fødde med dei ulike typane intelligens, men at me utviklar dei og nyttar dei i ulik grad gjennom livet. Korleis ein vert utprøvd, er med på utviklinga av intelligensen. Ein treng høg intelligens for å klare å løyse komplekse problem, men ein treng ikkje nødvendigvis høg intelligens for å klare seg i kvardagen. Dette er eg i grunn heilt samd i. Det er mange døme på at menneske med sterke impulsar klarar seg bra. Ofte dei som sitt bakarst i klasse romme, dei som er litt tause, kanskje dei som har lese og skrive vanskar. Det er ofte dei som kjem lengst her i livet. Det er ofte slik at dei som er flinke teoretisk ikkje klarar å gjennomføre det i praksis. Medan dei andre har meir pågangsmot, og er ikkje redd for å feila.

Gardner vil vekk frå dei tradisjonelle testane og ” Gauss – kurva”. Han tek utgangspunkt i kva elevane kan, og kva dei kan læra. Ikkje kva dei ikkje kan, og kva dei ikkje kan læra.
Gjennom arbeidet sitt har han funne ut at menneske har minst 10 ulike intelligensar:

1) Verbal – lingvistisk intelligens, som handlar om å vera flink språkleg.
2) Logisk – Matematisk intelligens, som handlar om å vera velutvikla innanfor matematikk og naturvitenskap, evna til å tenkje logisk, analysera og løysa problem.
3) Musiklask – intelligens, er typisk for komponistar og musikarar. Det er evna til å uttrykkje seg gjennom instrument, og rytmikk.
4) Spatial – intelligens, er typisk for arkitektar, kunstnarar osv. Det handlar om å ha evna til å sjå romlege relasjonar.
5) Kroppsleg eller kinestetisk intelligens handlar om finnmotorikk, kontrollere kroppsrørsler, nytte kroppen til å skape produkt osv.
6) Interpersonleg intelligens (sosial-), er evna til å oppfatte og reagera adekvat på andre menneske sine stemninigar, ynskje, kjensler og behov.
7) Intrapersonleg intelligens ( intuitiv -) handlar om evna til sjølvinnsikt.
8? Natur intelligens, handlar om evna til innsikt og kunnskap om den levande naturen.
Men denne teorien er ikkje fullt godtatt som ein intelligens enda.

Gardner er fortsett på jakt etter talent som kan definerast som intelligens. Han er på jakt etter det ekta. Han meinar at alle elevar passar inn under hans teori, ikkje avgrensa typar elevar. Flest mogleg av born sine evner må stimulerast. Han har kritisert skulen for at undervisinga må sikta mot ekte forståing. Han har også sjølv vorte kritisert ved at teorien hans har vorte nytta til å forsvara ulike måtar for å tilpassa undervisninga til alle elevar, t.d bruken av læringsstilar.

Eg kan sei meg samd i at dei fleste vil kjenne seg at ein stad i Gardners intelligensar, kanskje fleire stadar. Det som er viktigast for meg er at elevane skal utviklast til deira fullaste potensiale. Eg syns det er viktig at elevar her eigne talent dei kan vera stolt over, og som dei kan få utvikle seg i. Det skal ikkje berre fokuserast på det, ein treng breiare felt kunnskap. Men eg meinar at elevar treng å få vise sitt talent, kjenne meistring og stoltheit.
Eg kjenner ein som har lese og skrive vanskar. Denne eleven hatar alt som har med skule å gjere. Men eleven er utruleg flink i handarbeid og alt som har med sjø å gjere. Foreldra står hardt på for at han skal få ein kjekk skulegang, der ikkje alt er tungvindt for han. Difor har dei fleire gongar invitert klassen med på turar til sjøen og skogen, der han kan visa fram sitt talent saman med dei andre. Noko som gir han kjensla av å meistra noko som kanskje ikkje dei andre kan. Dette er viktig for å verta motivert.

tirsdag 18. november 2008

Alle kan utvikle seg

Det sosiokulturelle perspektivet baserar seg på det sosiale og kulturelle i samfunnet.
Alt skjer i ein samanheng. Me lærar gjennom venner, familie, media, språk, hjelpemiddler, og historie. Me byggjer på det menneske før oss har funne ut. Altså det sosiokulturelle perspektivet meinar at me lærar gjennom kultur, elevane både gror og dyrkast inn i ein kultur.
Det meines at all individuell utvikling og tenking har utgangspunkt i sosial aktivitet.

Vygotskij (1896 – 1934) er ein sentral person i det sosiokulturelle grunnsynet. Han byggjar på eit marxistisk grunnlag. Noko som kan ha tilknyting til hans bakgrunn, då han levde i ei tid med samfunnsutvikling og klassekamp.
Han meinte at borns kulturelle utvikling forgjekk på to plan; først på det sosiale planet, deretter på det psykologiske. Det går altså frå at borne gjere ting saman med andre, til å gjera ting aleine. Dette har han forklart i den proksimale utviklingssona. Den baserar seg på at ein står aleine, og rundt ein står personar eller hjelpemiddel som er flinkare enn ein sjølve. Ein skal lære frå desse faktorane rundt ein, og utvikle seg i lag gjennom samspel. Denne sona er dynamisk, og endrar seg heile vegen.
Ein legg stor vekt på hjelpemiddel. Reiskapane står mellom oss og verda, dei er mellomliggjande, formidlande, eller medierande.

Eg er i grunn heilt einige med det sosiokulturelle synet. Ein lærar ved å samarbeide heile tida. For å kunne finne på noko, laga eigne tankar så må det vera ein bakgrunn for det. Ein blir alltid påverka av det ein har rundt seg. Eg meinar at ein samarbeidar nesten heile tida. Dersom ein les ei bok så samarbeidar ein med forfattaren. Hadde ein ikkje hatt boka som er eit verktøy, så hadde ein ikkje på eigenhand kome på for eksempel korleis dette pedagogiske grunnsynet er. Å kunne nytte reiskapar og samarbeide saman med andre, gir ein heile tida sjanse til å utvikle seg. Vygotskij meinar at alle kan utvikle seg, og er heilt einig.

Det sosiokulturelle synet er for tida veldig populært. Eg trur at dette har med å gjera at det fokuserar sterkt på språk, tenking og problemløysing. Ein må delta i det kulturelle liv. Det er viktig at ikkje skulens undervising skjer innanfor eit lukka, teoretisk verd, men at den har eit ope syn for korleis skulen plasserar seg i forhold til elevanes liv og kulturar utanfor skulen.
Det er heilt klart at å samarbeide er ein effektiv læringsmetode.
Dersom ein samarbeidar med andre menneske, så kan ein etterpå kanskje klare å utføre det ein har lært på eigenhand:-)

torsdag 13. november 2008

Konstruktivismen

Det konstruktivistiske utgangspunktet baserar seg på at ein avvise at kunnskap er objektive sanningar som kan overførast mellom menneske. Kunnskap er i stede noko me menneske må konstruera sjølve gjennom aktivitet. Piaget har hatt enorm innflytelse her. Han var svært opptatt av korleis born lærar. Han var ikkje opptatt resultata, men kvifor born gjere feil. Han har ført mykje eksperiment på dette, basert på samtale, dialog, prøving, feiling og forsking. Det var han som kom med teorien om det mentale skjemaet. Det mentale skjemaet er eit aktiv handlingsmønster som utviklast frå fødsel av og vidare gjennom livet. Dette er noko som endrar seg i hjernen, indre representasjonar av ulike erfaringar. Altså det mentale skjemaet er noko som endrar seg, og utvidar seg meir etter fleire erfaringar ein får. Til dømes dersom ein seier ordet bil. Da kan eg mykje om det, utan at eg treng å sjå det. eg har eit bilete inni hovudet mitt om denne gjenstanden.

BIL:
Bagasjerom, vindauge, setetrekk, sete, matter, ratt,
knottar, dørar, motor, hjul, drivstoff, spylarvæske,
kjølevæske, pedalar, ulike fargar og størrelsar,
musikk, vindaugsviskerar, osv.....

Eg kunne skreve mykje meir, for skjemaet mitt innanfor bil er veldig vidt. Bil er noko eg har kjent til i mange år. medan skjemaet mitt om til dømes Colombia er litt smalare, fordi det er ikkje fullt så kjent for meg.

Læringsprosessane i følgje konstruktivismen dreiar seg om to delprosessar: assimilasjon og akkommodasjon. Assimilasjon er den prosessen som kjem først. Det vil seie å tilpasse verda til seg sjølve. Altså ein tilpasse den nye kunnskapen ein får med noko ein kjenne til frå før, ein knytte det til tidlegare erfaringar. Seinare kjem akkommodasjonsprosessen som handlar om å tilpassa seg sjølv til verda. Det vil seie at ein ser fleire samanhangar mellom ting, og får ei djupare forståing for læringa. Det er dette som er den verkelege læringa.

Eg har eit døme på det: då eg var lita var me tre born som var mykje saman. Det var syskenborne mitt og naboguten. Syskenborne mitt kalla jo far min sjølvsagt for onkel. Det gjorde også naboguten. Heilt til han byrja på skulen så trudde han at pappa heite onkel. Når han byrja på skulen fann han ut kva onkel eigentleg tyder, og at pappa ikkje heite onkel, men at han verkeleg hadde eit anna namn.
Då tenkje eg at han assimilerte ved at syskenborne mitt kalla han onkel, det vart då eit kjent ord for han, og difor kalla han pappa onkel, og trudde han heite det på ordentleg. Han knytte pappa og namnet onkel saman av tidlegare erfaringar. Seinare fekk han ei djupare forståing for ordet onkel, og oppdaga då at pappa hadde eit anna namn. Han akkommoderte. I tillegg endra og utvida det mentale skjemaet hans rundt ordet onkel.

torsdag 6. november 2008

Hukommelsen

Denne veka har eg valt å skrive om hukommelse. Dette er noko som verkeleg fekk meg til å tenkje. Menneskets hukommelse er utruleg fasinerande. Tanken på hjernen som eit så komplisert maskineri er utanfor mi forståing. Me har kortidsminne og langtidsminne. Den kan innkode, lagre og gjenhente informasjon. Den kan slette det vi ikkje har brukt for, eller vonde minner vi vil fortrenge.

Eg trur mange kan kjenne seg igjen ved at det av og til kjennes ut som at hjernen er full. Den har rett og slett vorte overbelasta. Eg tykkjar at det er viktig å finne sin eigen læringsstrategi. Det er mykje stoff som skal inn i løpet av skulegangen, og mykje me kjem til å gløyme. Eg kan kjenne meg igjen ved å og torturere meg sjølv gjennom mykje stoff, berre for å lette på samvitet, utan å hugse særleg mykje. Eg trur at det vert mykje lettare å lære dersom ein har ein god læringsstrategi, og dersom ein tek seg tid til la informasjonen søkkja inn i hukommelsen og lagre seg.
Som i kognitivismen så er gløymsle også min verste fiende. Eg er opptatt av å finne min strategi, men det er ikkje enkelt. Eigentlig har eg pugga mykje tidlegare, det er tungt. Men då me laga historiar og såg for oss stadar, så var det kjempe enkelt å hugse dei 14 største landområda i verda. Eg meinar at det er enklare å hugse stoffet dersom ein knytte det til noko ein kan frå før, bearbeidar, og repiterar.


Eg har lust å fortelje noko som eg opplever ofte.
Eg jobbar i ein skobutikk. Eg har mange kundar som ikkje klarar å bestemme seg for kva dei vil ha. Dei prøver kanskje alt i heile butikken, så går dei heim for å tenkje på det. Neste dag kjem dei kanskje igjen for dei har angra seg i at dei ikkje kjøpte dei. Men når dei ser dei denne gangen, så ser dei ikkje ut slik som dei hugsar. Dette tykkjar eg at er eit godt døme på korleis kortidsminne fungerar, og at hukommelsen aleine kan endre eit bilete.

Å vera bevisst om si eiga læring, er ikkje like enkelt for alle.
Det er viktig for oss som lærarar å vite om dei ulike teknikkane slik at vi kan hjelpe elevar i å finne deira læringsteknikk.

torsdag 16. oktober 2008

Straff og lønning

Mi meining om straff og lønning er at eg er på ein måte i mot det og på ein måte for det.
Eg meinar at lønning er eit vidt begrep. I nokre tilfelle gir det stor motivasjon i å oppnå noko ved å få lønning i form av gjenstandar. Eg meinar at å bli lønna i form av gjenstandar skal ikkje verta til noko vane. Eg meinar at det kan føre til at då ventar ein lønning for alt ein gjere, og vil ha lønning for noko som skulle vorte sjølvsagt å gjere.
Men som sagt er lønning eit vidt begrep, og treng ikkje vera i form av gjenstandar. Eg er for lønning med ros, og at elevane sjølve skal forstå gleda i å oppnå noko. At til dømes lesing til ein prøve gir gode karakterar, det er ei lønn i seg sjølv meinar eg. Dette tykkjar eg at det er viktig at born forstår, ikkje berre i skule samanheng, men også ein viktig del av livet.
Eg har framleis ikkje klart å danna mitt eige pedagogiske grunnsyn, det vil nok ta si tid. Men akkurat dette punktet frå behaviorismen vil eg nok ta med meg vidare. Eg vil ta det med meg vidare for eg trur at dette kan vera med på å gi elevane motivasjon og ei god sjølvkjensle i å oppnå noko.

tirsdag 7. oktober 2008

"Den vellukka og den mislukka læraren"

Når me snakka om den vellukka og den mislukka læraren i dag, så inspirerte det meg til å fortelje om nokre lærarar eg har hatt opp gjennom åra.

Eg tenkjer på ein spesiell lærarar når det er snakk om den vellukka.
Han var utroleg vis, ikkje berre innan for sitt fag, men også innanfor så mykje anna. Han hadde brei erfaring, og hadde jobba fleire stader med same fag, men innanfor ulike felt. Undervisinga var utruleg lærerik og strukturert, alle hadde respekt for han. I tillegg til å vera dyktig, så brydde han seg veldig mykje om oss. Sjølv om eg berre hadde han i eit fag, så kjentes det som om han var kontaktlæraren vår . Han hadde alltid tid til oss. Dersom han hadde fri så kom han likevel på skulen for å hjelpe oss dersom me ønskte det. Han var utrulig engasjert og levde verkelig for faget sitt. I tillegg hadde han ein strålande personlegdom og humor. Han tok ikkje seg sjølv høgtidelig. Då klassen gjekk ut så var det fleire som hadde 5 og 6 som standpunktkarakter. No er han pensjonert, og det er svært synd for skulen. Dei har mista ein verkeleg dyktig lærar. Alle dei åra han har jobba med faget, så tykkjar han framleis at det er like kjekt. Det er beundringsverdig.

Når me kjem til feltet mislukka lærarar så har eg dessverre meir eksempel på det, då tenkjer eg særleg på tre lærarar. Alle var svært greie og gode kompisar, men kanskje litt for mykje. Den eine var ny utdanna, og me hadde lite respekt for han. Han kjefta aldri, me gjorde akkurat det me ville, og han spora lett av i timane. Nokre døme på det er at han for eksempel vart med på samtalane til gutane i klassen om dataspel ( når elevane eigentleg skulle gjera lekser), han vart kasta i bassenget i ei bade økt. Når det var noko me syntes var kjedelig og ikkje hadde lyst til, så masa me litt, så slapp me.
Den andre læraren hadde få år igjen i yrket sitt, og det lyste av han at han var lei. Kvar time gjekk i det same; transperangar med stikkord. På transperanga var det tal frå undersøkingar som var utført i for eksempel 1989. Han hadde altså brukt dei same oppgåvene og stikkorda kvart einaste år. Han gadd ikkje fornye noko. Skulle me ha prøve så var det berre til å spørje klassen over om me kunne få sjå på deira prøve frå i fjor. Fleire timar hadde me ikkje undervisning, då hadde me kjendis og nyheits quizar, der me vann sjokoladar. Me fekk gjere alt me sporte om. Begge desse personane var veldig kjekke som personar, men det eg lærte i desse faga var det eg leste meg til sjølv.
Den tredje var ein veldig godt likt lærar blant elevane. Han viste stor omsorg og glede, han var morosam og engasjert. Men som undervisar var han elendig. Han fokuserte meir på å verta likt enn at han faktisk skulle læra oss noko. Han var tysk lærar, men han snakka meir om landet enn om språket. Fortalte om kor mykje fint der var å sjå der, og om landets historie. Me koste oss med tysk sjokolade og gode forteljingar. Men då eksamen kom fekk mange litt panikk; me kunne alt om landet, men ikkje så særleg mykje om språket.


Det er godt å ha opplevd ulike lærarar, og stilane deira. Dette gir meg erfaringar til å finne min eigen stil. Eg har lært av dei. Eg har sett korleis eg definitivt ikkje skal vera, og eg har sett korleis eg har lyst å verte. Eg har lyst at andre skal sjå på meg slik eg ser på den vellukka læraren. Ein kan sjølvsagt ikkje kopiera andre sine stilar. Men ein kan lære av dei, og danne eigne meiningar og synspunkt. Viktigast av alt meinar eg er å væra seg sjølv. Ein merkar snart om nokon spelar, så er det også slitande for seg sjølv å vera nokon ein ikkje er.
Eg har lyst å bli ein vellukka lærar:-)

Korleis eg vil gjera klasserommet til ein god læringsarena:

3 forhold eg tykkjar er særs viktig i eit klasserom:
Det er særdeles mykje om spelar inn i eit klasserom for å få til ein god læringsarena. Å velje ut kunn tre forhold er vanskeleg, men her er nokre av dei eg tykkjar er viktige.

1) At elevane sine forventningar til læraren vert oppfylt:
Det er viktig at elevane kjenner at ein vert sett, at ein er kjente for læraren og klassen, at ein vert oppmuntra, at ein vert respektert, at ein kan stole på læraren. Elevane treng å vera sikker på seg sjølv, dei treng å få vita at dei meistrar noko. Læraren skal ikkje ha same stilling som elevane, dei skal vera venner, men likevel skal læraren først og fremst vera ledaren.

2) Reglar og grenser:
Eg tykkjar at det er viktig at det er reglar i eit klasserom. Alle skal respektera alle, og ein skal vita kvar grensene går. Ein skal inkludera kvarandre. Elevane må få vera med på å setje grenser og reglar. Eg meinar at dersom dei har vore med på å danne dei sjølve så tek dei reglane meir på alvor, og kjenner at dei eig reglane. Dei vil kjenne dei og hugse dei betre.

3) Konfliktløysing:

Ofte i skulesamanheng oppstår det små og store konfliktar. Ein må først prøve å la elevane løyse problemet på eigen måte, men om dette ikkje går, så grip inn. Som meklar er det då viktig å ikkje ta parti. Eg meinar at konfliktar bør gripast tak i, og løysast. Elevane skal ikkje gå å grue seg, vera nervøs eller sint. Det er viktig å snakke ut om problem

Konklusjon:
Eg meinar at dette er grunnleggjande for å få til ei god undervisning, eit godt læremiljø, og ikkje minst eit godt klassemiljø. Alle elevar skal føle seg trygge til å kunne utvikle seg sjølve.

torsdag 2. oktober 2008

Øving gjer meister

Denne veka kjem er til kort med blogginga, sidan eg ikkje var tilstedes i pedagogikk timen. Eg vil likevel prøve å skrive noko om kva eg tykkjar er viktig å ta omsyn til når ein skal planleggje ei undervisning.

Planlegging dreier seg om å omforme tida som er til rådigheit, og lærestoffet som skal læres, til elevaktivitetar. Planlegging reduserar usikkerheta i skulekvardagen. Det er mykje å tenkje over når ein planlegg ei undervisning.

Kva er hensikta, intensjonen med undersvisninga?
Undervisningas innhald
Metode og organisering
Læremidlar og medieval
Kva kan elevane frå før?
Kva er nytt for elevane?
Kva er elevane interesserte i?
Har elevane spesielle problem eller ressursar i forhold til undervisninga?
Korleis kan eg som lærar vekke merksemda deira, og gjera dette kjekt?

Eg tykkjar at det er viktig gi elevane knaggar å henge kunnskapen på, slik at dei lettare forbind det til noko, og hugsar det. For eksempel nytte nærmiljøet og aktivitetar. Eg meinar at elevane lærar av å praktisere. Elevane kan vera med på å utforme eigne læringsmål. Elevane må få ta del i undervisninga. Ein må føre dialogar og ha samarbeid. Alle individ er ulike, og ein må ha noko for kvar sin smak. Ein må kjenne elevane sine. Ein må prøve å tenkje som dei. Som lærar må ein gjera elevane nyfikne, og variera undervbisninga. Ein skal motivera, gi tilbakemeldingar, og gi elevane ei meining med å lære. Kvar elev skal få ros så ofte som mogleg, slik at dei har noko å vera stolt over, slik dei føler seg flinke. Arbeidsmåtar vil variera alt etter elevanes alder, trinn, fag, skoleslag, gruppestørrelse.

Korleis ein klare å halde merksemda til elevane gjennom ei heil økt, kan nok vera vanskeleg til tider. Men er trur at av erfaringar så lærar ein seg metodar og teknikkar. Som lærar må ein vera fleksibel, for det er store sjansar for at planane ein lagar ikkje vert gjennomført pga at noko anna dukkar opp.
Eg meinar at noko av det viktigast er å halde roen. Blir tida knapp kan ein ikkje gire opp og pøse ut informasjonen, bere for å ha gjennomgått stoffet. Det lærar elevane ikkje noko av.

onsdag 24. september 2008

Mitt pedagogiske grunnsyn

Dette med pedagogiske retningar tykkjar eg at er veldig spannande.
Eg tykkjar at å plassera med sjølv i forhold til desse retningane er vanskeleg, fordi er føler ikkje heilt at eg kjenne dei godt nok enda.
Eg veit sjølv kva eg vil og kva eg meinar, men å vera bevisst på det og setje ord på det er vanskeleg. Eg er eigentleg einige med ulike retningar, men eg er også svært ueinige i nokre av dei. Eg vil seie at eg har eitt ganske blanda syn. Eg er einig med psykoanalyse – psykodynamikk. Der er dei opptekne av at minner ikkje må fortrengjast. Eg tykkjar at ein kan lære av minner og av erfaringar, både på godt og vondt. Eg og meinar at det er viktig å vera oppteken av emosjonar og bearbeiding av kjensler, men til ei viss grad. Eg er også samd med behavorismen i at ein skal fokusera på det ytre, men eg tykkjar også at det er viktig å fokusera mykje på det indre. Ein kan lett bli lurt av det ein ser. Eg er også litt ueinige i ein del av forskingane deira. Dyr kan ikkje samanliknast med menneske. Eg trur at det er ikkje alt som er meininga at me skal vita. Eg er samd i at lønning og straff kan vera bra i nokre situasjonar, men ikkje over lengre tid. Eg tykkjar ikkje at ein alltid skal forvente lønningar dersom ein har gjort noko bra. Menneske er ikkje eit objekt i mitt syn.
Sjølv meinar eg at eg heller litt meir mot den humanistiske retninga, det er der eg kjenner meg best att. Eg meinar at menneske skal stå i sentrum. Det er viktig å ha eit positivt menneskesyn, der ein leggje vekt på menneskets grunnleggjande behov. Eg trur at alle menneske har eit indre behov for å vekse. Eit behov for å ta ansvar for eige liv, eit behov for å komma seg framover, eit behov for sjølvrealisering. Det er viktig å tenkje framover, men i motsetning til humanismen, så meinar eg at ein likevel skal kunne tenkje på fortida. Eg kan seie meg heilt samd i Maslows sjølvrealiseringspyramiden, og meinar at dette er eit godt bilde for korleis menneske kan vokse for å oppnå det ein ønskjer.
Som sagt har eg eit syn blanda av mykje, for eg er også samd i Fenomenologi. Der ein er opptatt av korleis menneske opptrer i det ytre, men også i kva dei tenkjer, altså det indre. Me kan ikkje styra andres handlingar, men me kan prøva å forstå dei. Eg synes det er viktig å prøve å sjå saker frå elevens side, korleis er det å vera dei? Det er viktig å ikkje skape misforståingar, og ikkje ta alle under same bås. Alle er forskjellige, og ein må ta individa som dei er. Menneske har fri vilje og kan bestemma sjølv kva dei vil, og må sjølv ta ansvar for eigne handlingar. Vår jobb som lærarar er å vegleda.

tirsdag 9. september 2008

Dagens time
-Persepsjon

Det som fengde meg mest etter dagens time, var det om persepsjon. Altså at ein handlar ut i frå korleis ein oppfattar og tolkar det ein høyre, ser, kjenner osv. at ein alt for lett kan danne eigne meiningar ut i frå tidlegere erfaringar, kunnskap og sanseinntrykk. Dette kan vera skummelt, med tanke på at elevar og andre kan misoppfattast. Dei kan framstillast som noko dei ikkje er, både positivt og negativt. Ei slik dømming er noko me alle gjere, utan at me sjølv tenkjer over det. Eg er heilt einige med Sissel, eg og trur at alle menneske har eit ubevisst behov for å kjenna folk, og putta dei i bosar, ofte alt for tideleg. Det kan vera gode og dårlege bosar.
For eksempel; Nils knuste ein gong vindauge i døra på skulen, dette kjem sannsynlegvis til å følgje han for resten av livet. Der han vert putta i den dårlege bosen, og han får alltid skulda dersom nok hender. Medan Anne som er skule flink, og aldri gjere noko gale, vil nok sannsynleg aldri skyldast dersom noko hender.
Her kjem glorifisering og stereotypar inn i bilete; Anne som aldri gjere noko gale, og alle som heiter Nils er pøblar. Det er alt for lett å ta alle i same klyppe salt. Har ein eit slik førsteinntrykk så er det vanskeleg å endre dette inntrykket. Første – og andre – inntrykk har ein tendens til å feste seg.
Som framtidig lærarar meiner eg at dette kan vera lurt å vera bevisst over. Mennesker kan endre seg. Sjølv om Nils var uheldig i ein situasjon tyder ikkje det at han ikkje er ein god person, og at han alltid skal skyldast. Sjølv om Anne alltid er snill, så tyder ikkje det at ho aldri gjere noko gale. Det er lurt å stille seg kritisk i nokre situasjonar, for å ikkje la seg lure trill rundt. Elevane kjem til å teste oss. Dei over kanskje nokon heilt andre ann me trur. Likevell er det viktig å gi alle ein sjanse. Ein må ikkje la bilete av dei brenna seg fast i hovudet, men vera open.

onsdag 3. september 2008

Lærarens mange oppgåver



som lærar møtar ein mange ulike utfordringar i skule kvardagen, både konfliktfulle og tøffe. Alle har ei meining om det ein gjere, og alle har noko å seie. Nokon kjem med ros, andre kjem med ris. Her er blant anna ei av oppgåvene ein har som lærar; ein må ha klart for seg kva ein meinar, og kva ein står for. Ein må tenkje gjennom det ein sjølv seier, for å unngå misforståingar og konfliktar. Mykje ansvar ligg i dag på læraren. Lærarens yrke har vokse mykje dei siste åra. Først og fremst er oppgåva til læraren å formidle allmennkunnskap, mange oppgåver knytte seg til dette. Ein lærar må kunne sjå og oppfatte eleven sine ulikt, og som dei er. Ein må tilpasse opplæringa for kvar enkelte elev, slik at dei skal kunne få moglegheita til å utvikle seg etter eige nivå. Fleire faktorar spelar inn her, ein må sjå etter evner, kjensler, utvikling, kulturell bakgrunn osv. Likevel skal alle verta inkluderte. Ein skal kjenne seg vell, slik at ein skal få eit godt fellesskap, slik at ein kan lære i trygge og kjente omgivnadar. Ein av dei viktigaste oppgåvene er å få elevane til å kjenne seg trygge. Elevane må vita at det er greitt å mislykkast. Ein skal ikkje bli ledd av dersom ein rekk opp handa og svarar feil. Om elevane skal tørre å ”tabbe” seg ut, og samtidig utvikle seg, må dei kjenne seg trygge. Læraren skal motivera og gi elevane glede over å læra. Læraren må knytte lærestoff opp mot noko kjekt, ha variasjon i undervisinga, og halde oppe merksemda deira. Dette er viktig for at elevane skal lære og hugse det læraren fortel om. Det er ikkje bare å undervise, ein må fange elevanes merksemd. I tillegg til det faglege må læraren vise omsyn til elevane. Ein må prøve å sjå saker frå deira side, og ta dei alvorleg i det dei meinar. Elevane må få vera inkluderte i saker som gjeld dei. Ein må ikkje gløyme at ein sjølv har vore i deira stilling.
Ein lærar må setje til side sine eigne personlege saker og problem, for å vera der for elevane, og hjelpe dei med deira problem. Dette gjeld både på skulen og i det private. Ein må også ha evna til å reflektera over seg sjølv, ta til seg kritikk, og vokse på det. ein må vera villig til å ta jobben med seg heim. ein må ville det beste for elevane sine. eg meinar at læraren spelar ei viktig rolle i born og unges liv. Ein må dyrke deira individuelle eigenskapar, gjere dei stolte, og vera med på å byggje opp sjølvtilliten deira. I tillegg er ein med på å lære dei i å samarbeide saman med andre, noko som er kjempe viktig for elevens vidare liv. Eg ser på lærar yrke som eit viktig yrke, der alle oppgåvene er like viktige. Ikkje minst å følgje med i samfunnet, som kan gi mange utfordringar. I tillegg til å jobbe saman med elevar, skal ein også jobbe med kollegar og foreldre. Dette kan vera tøft. Eg trur ikkje at det finnes ei oppskrift på korleis ein god lærar er. Ein vil vokse på erfaringar som åra går. Det finnes nok ikkje noko fasit svar på korleis ein løyser alle desse oppgåvene. Eg meinar at det handlar om korleis ein er som person. Ein må verta respekterte, men samtidig respektera elevane ein har. Ein skal ikkje oppnå respekt av at elevane er redd ein, men på eit vennleg nivå der det står klart at læraren er ledaren.

Kvifor eg hare lyst å verta lærar kan eg ikkje svara på. Eg har alltid hatt lyst å ha eit utfordrande og variert yrke. Eg har lyst på eit yrke som er spennande og kjekt. Eg vil gle meg til å gå på jobb. Eg må kunne tenkje at dette vil eg gjera for resten av livet mitt. Eg har alltid likt å vera med menneske. Eg likar å læra vekk det eg sjølv kan. Det er mange yrke som har dess krava, men eg har alltid berre visst at det er lærar eg vil verte. Eg har lyst å oppleve den kontakta mellom lærar og elevar, som alle snakkar om.
Eg har ei stemme i hovudet mitt som seier at dette er det rette for meg.

onsdag 27. august 2008

Ein lærar eg hugsar godt

Eg har gått lenge å tenkt på kva lærar eg skulle skrive om, valet var ikkje enkelt. Eg har hatt mange gode lærarar opp gjennom åra, og mange ikkje fullt så gode. Til slutt fall valet på den læraren som har lært meg mange gode eigenskapar, ikkje berre fagleg, men og mykje om haldningar, tenkjemåtar, synspunkt, og om rett og galt.

Då eg byrja først skuleåret på grunnskulen var me ein klasse på 30 elevar, så ho hadde nok å stri med. Åra gjekk og læraren følgde med oss. I 7 år hadde me ho som kontaktlærar, noko som kanskje ikkje er så vanleg. Det seiar seg jo sølv at me då vart sterkt knytte saman.
Ho er ein lærar som har brei kunnskap i dei fleste fag, noko som eg tykkjar er viktig dersom ein skal undervise. Ho vart snart respekterte av oss som elevar, samtidig som ho var svært omsynsfull. Ho var ledaren vår, og samtidig vennen vår.
Ho satt foten ned når det var noko ho ikkje likte, og roste oss opp i skyene når det var noko ho likte.
Ho lærte oss alt frå grammatikk til å dyrke poteter, lage mat, og kloke visdoms ord.
Ho tok oss mykje med ut på turar. Me hadde vår eigen åker i skog kanten, der me dyrka poteter, sukkererter og mykje anna. Dette tok me med attende til skulen å lærte å laga blant anna pommes frites, og saft av det me sjølve hadde dyrka. Me hadde også fast plass i skogen der me koste oss me leikar, storm kjøkken og ekskursjonar.
Ho var heilt super. Ho gav oss glede i skule kvardagen. Me syntes det var like kjekt med turar i 1.kl som i 7.kl. Eg meinar at det å ha det kjekt, og trivs i skulekvardagen er grunnleggjande for å kunne lære.
Ho var svært politisk av seg. Var det noko som ikkje var rettferdig så greip ho fatt i det med ein gang. Ho fekk oss til å kjenne oss tryge, som er viktig for at barn og unge skal våge og klare å utvikle seg.
Det var ingenting å vera redd for, rekka me opp handa og svarte feil så betydde det ingenting.

Ein av grunnane til at me vart så tett knytte, var vell at me gjekk gjennom svært mykje saman dei sju åra. Huset til ei venninne brann ned på sjølvaste juletrefesten, seinare mista ho far sin. Ein gut i klassen mista mor si av kreft, og ein mista bror sin. Me mista sjølv ein klasse kamerat av svulst på litle hjernen. Alt dette skjedde over kort tid. For mange av oss var dette det første møte med døden, noko som me tok svært sorgfullt, og også veldig skremmande.
Me fekk sjølvsagt støtte frå heimen, men me måtte likevel gå på skulen. Eg beundrar måten den læraren klarte å stå framfor ein gjeng på 30 elevar i sorg, når ho var like trist sjølv, og ho måtte vera der for oss.
Det var det så var så fantastisk med denne læraren.
Ho hadde alltid tid til oss, uansett om det var i skuletid eller på fritida. Me vart inviterte heim til ho på bollar og brus, og me kom av eige initiativ. Me kom for å snakka, me hadde fleire djupe samtalar og fekk gode råd. Ho skøyv sine eigne problem tilsides, for å hjelpe oss med våre. Ho var ein fantastisk lyttar, og dyktig til å setje seg sjølv inn i våre situasjonar, noko som er ein kjempe god eigenskap å ha som lærar.
Til slutt så såg ho på oss som sine 30 born.

Eg meinar at det er ekstremt viktig å lære elevane sine å kjenne. Være der for dei, uansett om det er på skulen eller i det private. Det er viktig å ta folk som dei er. Gi dei glede over å lære, akkurat slik som ho gjorde med oss. Å ha ein slik lærar har inspirert meg til å verte lærar sjølv. Eg har lyst å vera ein slik person for andre, som ho har vore for oss.
Eg tenkte ikkje så mykje på det då, men i ettertid tenkte eg mykje på kor ein fantastisk lærar ho er. Det lyste at hu treivs i yrke sitt. Hu ville at me skulle lykkast, ikkje berre på skulen, men og i livet. Detta arbeide hu hardt for.
Eg trur at ein vil gå gjennom svært mykje som lærar. Å då er det ikkje alltid fagkunnskapen som gjelder, men korleis ein er som person. Ein må ha klart for seg kva ein sjølv meinar, og kva ein står for. Ein må kunne forandre planar etter elevanes behov. Ein må ta seg av dei.
Ein anar aldri kva som kan skje, det kan vera det mest utenkelege.

Å ta jobben med seg heim er eit val ein tar når ein bestemmer seg for å verte lærar. Då tenkjer eg ikkje berre fagleg, men også psykisk.
Ein må ha klart for seg kor viktig oppgåva som lærar er. Ein må vite kvifor ein er der. Ein må ta jobben sin på alvor.
Alt det ein gjer som lærar, har så utrulig mykje å seie for elevanes framtid.
Ein må vise at ein bryr seg.

lørdag 23. august 2008

Hei!

Eg heiter Tina, er 18 år gammal og kjem frå Moster på Bømlo.
Tidlegare har eg gått tre år på allmenn, på Bømlo vidaregåande skule. Der eg valte fag som biologi og matematikk, noko som interesserte meg svært mykje. Eg valte også psykologi som valfag, i tillegg var eg støttekontakt for ein funksjonshemma gut som gjekk på skulen vår. Dette syns eg var veldig givande og veldig kjekt. Eg tykkjar at eg lærte mykje av det å vera støttekontakt, det fekk meg til å endre syn på ein heil del ulike saker.

Eg har vell eigentleg alltid tenkt at det var lærar eg ville verte.
Eg har alltid syntes at det virke som eit spennande, krevjande og variert yrke. Eg likar meg godt i lag med andre folk, og tykkjar det er kjekt å hjelpe andre. Så valet vart ikkje så vanskeleg for meg, eg bestemde meg tidleg for at valet skulle verte allmennlærar linja på HSH. Eg trur at dette er eit yrke eg kjem til å trives godt i.

Desse første skuledagane har vore heilt topp. Eg var ganske nervøs første dagen, men oppdaga snart at det var det ingen grunn til. Klassen og lærarane virka heilt supre.

Eg vonar me kjem til å få det mykje kjekt saman, som eg allereie tykkjar me har hatt. Skattejakt var kjempe kjekt. Det var spennande å lage, og morosamt å sjå kva forskjellig dei ulike gruppene hadde funne på. Eg har aldri vore på HSH tidlegare, så dette var ein glimrande moglegheit til å få sjå seg rundt. Eg vart svært overraska over kor fin natur det er i omgivnaden rundt skulen.
Eg syns og at alle var kjempe flinke, og kreative når me skulle laga song/dikt.


Eg trur me kjem til å få det svært travelt i åra så kjem, men også veldig kjekt.

Eg ser fram til dei kommande åra:-)