onsdag 27. august 2008

Ein lærar eg hugsar godt

Eg har gått lenge å tenkt på kva lærar eg skulle skrive om, valet var ikkje enkelt. Eg har hatt mange gode lærarar opp gjennom åra, og mange ikkje fullt så gode. Til slutt fall valet på den læraren som har lært meg mange gode eigenskapar, ikkje berre fagleg, men og mykje om haldningar, tenkjemåtar, synspunkt, og om rett og galt.

Då eg byrja først skuleåret på grunnskulen var me ein klasse på 30 elevar, så ho hadde nok å stri med. Åra gjekk og læraren følgde med oss. I 7 år hadde me ho som kontaktlærar, noko som kanskje ikkje er så vanleg. Det seiar seg jo sølv at me då vart sterkt knytte saman.
Ho er ein lærar som har brei kunnskap i dei fleste fag, noko som eg tykkjar er viktig dersom ein skal undervise. Ho vart snart respekterte av oss som elevar, samtidig som ho var svært omsynsfull. Ho var ledaren vår, og samtidig vennen vår.
Ho satt foten ned når det var noko ho ikkje likte, og roste oss opp i skyene når det var noko ho likte.
Ho lærte oss alt frå grammatikk til å dyrke poteter, lage mat, og kloke visdoms ord.
Ho tok oss mykje med ut på turar. Me hadde vår eigen åker i skog kanten, der me dyrka poteter, sukkererter og mykje anna. Dette tok me med attende til skulen å lærte å laga blant anna pommes frites, og saft av det me sjølve hadde dyrka. Me hadde også fast plass i skogen der me koste oss me leikar, storm kjøkken og ekskursjonar.
Ho var heilt super. Ho gav oss glede i skule kvardagen. Me syntes det var like kjekt med turar i 1.kl som i 7.kl. Eg meinar at det å ha det kjekt, og trivs i skulekvardagen er grunnleggjande for å kunne lære.
Ho var svært politisk av seg. Var det noko som ikkje var rettferdig så greip ho fatt i det med ein gang. Ho fekk oss til å kjenne oss tryge, som er viktig for at barn og unge skal våge og klare å utvikle seg.
Det var ingenting å vera redd for, rekka me opp handa og svarte feil så betydde det ingenting.

Ein av grunnane til at me vart så tett knytte, var vell at me gjekk gjennom svært mykje saman dei sju åra. Huset til ei venninne brann ned på sjølvaste juletrefesten, seinare mista ho far sin. Ein gut i klassen mista mor si av kreft, og ein mista bror sin. Me mista sjølv ein klasse kamerat av svulst på litle hjernen. Alt dette skjedde over kort tid. For mange av oss var dette det første møte med døden, noko som me tok svært sorgfullt, og også veldig skremmande.
Me fekk sjølvsagt støtte frå heimen, men me måtte likevel gå på skulen. Eg beundrar måten den læraren klarte å stå framfor ein gjeng på 30 elevar i sorg, når ho var like trist sjølv, og ho måtte vera der for oss.
Det var det så var så fantastisk med denne læraren.
Ho hadde alltid tid til oss, uansett om det var i skuletid eller på fritida. Me vart inviterte heim til ho på bollar og brus, og me kom av eige initiativ. Me kom for å snakka, me hadde fleire djupe samtalar og fekk gode råd. Ho skøyv sine eigne problem tilsides, for å hjelpe oss med våre. Ho var ein fantastisk lyttar, og dyktig til å setje seg sjølv inn i våre situasjonar, noko som er ein kjempe god eigenskap å ha som lærar.
Til slutt så såg ho på oss som sine 30 born.

Eg meinar at det er ekstremt viktig å lære elevane sine å kjenne. Være der for dei, uansett om det er på skulen eller i det private. Det er viktig å ta folk som dei er. Gi dei glede over å lære, akkurat slik som ho gjorde med oss. Å ha ein slik lærar har inspirert meg til å verte lærar sjølv. Eg har lyst å vera ein slik person for andre, som ho har vore for oss.
Eg tenkte ikkje så mykje på det då, men i ettertid tenkte eg mykje på kor ein fantastisk lærar ho er. Det lyste at hu treivs i yrke sitt. Hu ville at me skulle lykkast, ikkje berre på skulen, men og i livet. Detta arbeide hu hardt for.
Eg trur at ein vil gå gjennom svært mykje som lærar. Å då er det ikkje alltid fagkunnskapen som gjelder, men korleis ein er som person. Ein må ha klart for seg kva ein sjølv meinar, og kva ein står for. Ein må kunne forandre planar etter elevanes behov. Ein må ta seg av dei.
Ein anar aldri kva som kan skje, det kan vera det mest utenkelege.

Å ta jobben med seg heim er eit val ein tar når ein bestemmer seg for å verte lærar. Då tenkjer eg ikkje berre fagleg, men også psykisk.
Ein må ha klart for seg kor viktig oppgåva som lærar er. Ein må vite kvifor ein er der. Ein må ta jobben sin på alvor.
Alt det ein gjer som lærar, har så utrulig mykje å seie for elevanes framtid.
Ein må vise at ein bryr seg.

lørdag 23. august 2008

Hei!

Eg heiter Tina, er 18 år gammal og kjem frå Moster på Bømlo.
Tidlegare har eg gått tre år på allmenn, på Bømlo vidaregåande skule. Der eg valte fag som biologi og matematikk, noko som interesserte meg svært mykje. Eg valte også psykologi som valfag, i tillegg var eg støttekontakt for ein funksjonshemma gut som gjekk på skulen vår. Dette syns eg var veldig givande og veldig kjekt. Eg tykkjar at eg lærte mykje av det å vera støttekontakt, det fekk meg til å endre syn på ein heil del ulike saker.

Eg har vell eigentleg alltid tenkt at det var lærar eg ville verte.
Eg har alltid syntes at det virke som eit spennande, krevjande og variert yrke. Eg likar meg godt i lag med andre folk, og tykkjar det er kjekt å hjelpe andre. Så valet vart ikkje så vanskeleg for meg, eg bestemde meg tidleg for at valet skulle verte allmennlærar linja på HSH. Eg trur at dette er eit yrke eg kjem til å trives godt i.

Desse første skuledagane har vore heilt topp. Eg var ganske nervøs første dagen, men oppdaga snart at det var det ingen grunn til. Klassen og lærarane virka heilt supre.

Eg vonar me kjem til å få det mykje kjekt saman, som eg allereie tykkjar me har hatt. Skattejakt var kjempe kjekt. Det var spennande å lage, og morosamt å sjå kva forskjellig dei ulike gruppene hadde funne på. Eg har aldri vore på HSH tidlegare, så dette var ein glimrande moglegheit til å få sjå seg rundt. Eg vart svært overraska over kor fin natur det er i omgivnaden rundt skulen.
Eg syns og at alle var kjempe flinke, og kreative når me skulle laga song/dikt.


Eg trur me kjem til å få det svært travelt i åra så kjem, men også veldig kjekt.

Eg ser fram til dei kommande åra:-)