onsdag 11. februar 2009




Hva er motivasjon?
- Indre og ytre motivasjon

I følgje Imsen (2006) handlar motivasjon om korleis kjensler, tankar og fornuft tvinnar seg saman og gir farge og glød til dei handlingane vi utføre. Motivasjon defineras gjerne som det som forutsaker aktivitet hos individet, det som held aktiviteten ved like, og det som gir den mål og meining. Slik eg ser det er motivasjon noko som startar opp, noko som gir ei rørsle, og ei retning. Det er noko som driv ein, og som ofte er knytte til interesse. Det handlar på mange måtar om å verta gira, engasjert, og positivt innstilt til å gjennomføre noko. Motivasjon for meg skape forventningar og interesse. Ein kan seie at å få i gang motivasjonen er alfa omega, både på skulen og i privat livet.

Motivasjon er ein situasjonsbestemt tilstand som påverkas av verdiar, erfaringar, sjølvoppfatning, og forventningar. Mange kjensler spelar inn. Både glede, smerte, lyst, angst, meisring, status, ambisjonar og mange fleire. Alt dette hang saman i kultur og arv. Kjensler, kognisjon/tenking og motivasjon påverkar kvarandre gjensidig. Dette er illustrert i modellen ”sinnets triologi”.







Det er mange ulike måtar å sjå på motivasjon. Eg dreg fram nokre pedagogiske grunnsyn, og deira syn på motivasjon. Det behavioristiske perspektivet baserar seg på teorien om straff og belønnig. Dette er noko eg trur alle lærarar nytte nesten kvar dag i det ubevisste. Til dømes dersom de jobbar bra denne timen skal de få spele kort dei fem siste minutta, eller dersom de ikkje er rolege får de ikkje spele kort i dag. Det kognitive perspektivet legger vekt på korleis tankane våre bidrar til å forme motivasjon. Dei meinar i følgje Imsen (2006) at menneske er nyfikne og undersøkjande. Basert på trongen til å finne meining, motiverar det til læring. Ein er ute eter ubalanse i systemet som skal føre til akkomodasjon.
Det humanistiske perspektivet ser på menneske som sjølvstendige og fridomssøkjande, de søker etter meining og er klar til å ta ansvar. Medan behovsteoriane forklare mennesklege handlingar ut frå grunnleggjande behov, som er blant de tidlegaste og mest utbrette oppfatningane om motivasjon. Her står Maslows behovhierarki sterkt. Eg meinar at alle desse teoriane står i samspel i mi tolking av kva motivasjon er.





Når vi snakkar om motivasjon snakkar vi om indre og ytre motivasjon. Slik eg ser det så er ytre motivasjon noko ein gjennomfører fordi at ein vert påverka av andre. Om ein tenkjer seg om så er det ikkje sikkert at ein gjennomførar det fordi at ein sjølv vil det. Det kan vera grunna forventningar frå andre eler for å oppnå belønning. Medan indre motivasjon ser eg på som noko ein gjennomføre av eigen lyst. Noko ein gjere fordi ein sjølve er interessert, at ein sjølv vil oppnå noko med aktiviteten. Ein kan kanskje seie at det er eit slags indre driv som driver deg til aktiviteten fordi ein sjølv vil det. Det er mange argument for og imot indre motivasjon. Nokon kan seie at ytre motivasjon er ei slags falsk motivasjon, då ein gjennomførar noko for andres skuld. Nokon meinar at belønning er ei ulempe då det kan verke slik at ein gjennomføre aktiviteten for å oppnå belønning i form av gjenstandar, då mange meinar at karakterane i seg sjølve er belønninga. Sjølv tenkjer eg på dei som slit på skulen. Det er ein kamp kvar dag då leksa skal gjerast. Eg syns i grunn at å gi desse elevane belønning for å oppnå noko, så kan det vera ei stor motivasjon for de som manglar den fullstendig. De gjere nok i hovudsak arbeidet for å tene pengar og ser ikkje viktigheita av å gjere det bra, men er det ikkje viktigast at ein består?
Mange kan seie; ja men kor lenge skal ein belønne, skal det verta ein vane? Eg trur at dette handlar om modning. Dersom ein etter nokon år kuttar rett av med belønninga. så kan det hende at det er heilt greitt for personen, då ein har modnast og ser at det er viktig å bry seg om utdanninga si. Ein ser kanskje på det tidspunktet at eg kan faktisk klare å oppnå like gode resultat utan belønning. Det handlar ofte om at barn treng å sjå framgangen i form av gjenstandar. Andre meinar også at indre motivasjon er ei større motivasjon, då ein utan påverknad frå andre ser at ei sjølv kan klare å meistre noko. det handlar om å finne seg sjølve og sine handlingar utan å verta påverka av andres handlingar.

Men kan ei velje kunn ein motivajsonstype. Korleis kan ein ikkje påverkast av andre? Menneske er eit sosialt vesen. Korleis kan ein danne seg eit sjølvbilete utan å verta påverka av andre? Korleis kan ein frå nyfødt av klar å danne eit bilete av seg sjølve utan at ein høyrer på noko frå andre?


Slik eg ser det påverkar ytre motivasjon til betre indre motivasjon. Dersom ein får god respons, mykje ros og støtte frå verda rundt ein, da vil det skape ei kjensle av at ein verkeleg kan klara noko på eigehand. På denne måten vil ein vekke meistringsmotivasjonen inni seg.
I skulen har elevane krav på tilpassa opplæring, samt tykkjar eg at dei også bør få tilpassa motivasjon. Eg ser på det som ei svært utfordrande oppgåve å motivera elevane, særleg å halde motivasjonen deira oppe. Som lærar meinar eg at det er viktig at ein står fram som eit godt førebilete, støtte, motivarar og inspirarar. Grunnlaget for tilpasse motivasjon samt TPO meinar eg at er å kjenne elevane sine. Ein må vita grunnar til at dei eventuelt trekkjer seg vekk. Ein må konfrontera elevane, sikre at dei veit at du ikkje er ”ute etter å ta dei”, men sikre eit trygt og godt læringsmiljø, der det er lov å feile. Dersom ein ikkje prøver, vinn ein ikkje. Ein må sørgje for å ha reglar, men ein må vera snill samtidig som ein er streng, ein slags omsorgsfull disiplin. Elevane må veta at dei kan stola på oss, veta at me er der for dei, og at me ynskjer det beste for dei. Eg trur at når det gjeld å motivera elevar så må ein veta kva som interesserar dei. I meiningsfylt matematikk av Botten (2003) står det eit døme om ein elev som slit med matematikk, læraren finn ut at eleven er interessert i musikk og dyr. Læraren tek då med seg eleven til dyrebutikken, let ho rekne med prisar, prosent osv, frå butikken, samt lage statistikk rundt kva musikk venene hannar likar. Eg meinar at bobla her er å kjenne elevane, det andre kjem utanfor.

7 kommentarer:

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Hei, Tina!

Må berre seie at eg måtte klikke meg inn og lese då eg såg den flammande M`en i blogglista mi. Var dette bevisst frå di side? =)

Flott at du skriv på nynorsk, noko eg har lova meg sjølv òg, knytta opp mot nynorskeksamen til våren.

Du har mange gode formuleringar, og du får stoffet ned eit hakk. Dei vil seie at du skriv enkelt og forståeleg. For min del, lærer eg best jo meir fagspråk eg klarer å nytte, mens andre får meir ut av å forenkle stoffet best mogleg. Flott!

Du skriv;
"Basert på trongen til å finne meining, motiverar det til læring. Ein er ute eter ubalanse i systemet som skal føre til akkomodasjon".
-Dette har eg og prøvd å formulere i min blogg, men eg tykkjer denne var ein innertiar. Me har ikkje lyst at elevane våre skal vere mette. Me må prøve etter vår største evne å gi elevane utfordringar, slik at sulten etter kunnskap og meistring ikkje avtar.

Du tek begrepet motivasjon eit steg vidare, og gjev det ein tilpassa vri. Eg er nok ein gong einig med deg her. Alle er ulike, og me må kjenne til kvar og ein slik at me kan motivere på den rette måten. Tilpassa motivasjon er viktig. Bra!

Det er nokre begrep og emner eg gjerne kunne sett meir til i teksten. Du er inne på læraren som motivator og inspirator, samt tilpassa opplæring. Her kunne du ha fletta inn attribusjonsteori for meir fylde.

Du er innom Mead og spegling, men i forhold til overfor, kunne du tatt med begrep som den "betydningsfulle andre" og den "generaliserte andre", for å illustrere verdien til læraren betre.
Poenget mitt blir vel det å tenkje på å argumentere med dybde så godt ein kan. Neste gong, fokuser på at utsagna dine får ein pedagogisk grunnmur bak seg, sjølv om retorikken seier ein ikkje treng.


Flott innlegg, Tina. Eg har enno ikkje byrja på motivasjonsoppgåva, og ditt perspektiv på emnet har gjeve meg mykje startkrutt.



-Anders

Tina Totland sa...

Heisann Anders:-)

Først må eg seie tusen takk for ein kjempe bra kommentar. Eg vert veldig gla for å få ein slik kommentar, då eg ser at du verkeleg har lese og satt deg inn i bloggen min, det synes eg at er kjekt.

bra at den flammande M'en skapte merksemd det var min intensjon:-) også veldig kjekt at du legg merke til at eg skriv nynorsk, einig med deg i at dette er ei god øving mot eksamen.

grunnen til at eg skriv det på ein litt forenkla måte er at eg prøvar å gjere stoffet om til mitt eige, og ved å gjere det slik er det lettare for meg å hugse. men det er klart at litt fagspråk piffar det opp:-D

når eg ser kommentarane dine om kva du synes eg burde hatt med så er eg heilt einige. først så tenkte eg at eg kunne ikkje skrive om alt på grunn av at eg har byrja på pedagogikk oppgåva der eg omtalar ein del av desse begrepa, så eg ville ikkje skrive det same. men når eg ser det no så kunne det vore greit å hatt det med:-)

tusen takk for ein fin kommentar, og nokre nyttige tips. eg tykkjar at du er flink til å skrive konkrete og gode kommentarar:-)

Sissel S.G. sa...

Hei, Tina. Ikkje så greit å kommentere bloggen din etter Anders, for han har fått med det meste synest eg. Prøver likevel. Først av alt kjempeflott inlegg med mykje relevant innformasjon!=)

Det var lurt av deg å ta med ein liten oversikt over pedagogiske grunnsyn og deira syn på motivasjon og skilnaden på desse. Denne er informativ og lettfatteleg, og du fekk komprimert stoffet veldig samstundes som du fekk med det viktigaste.

Dessuten har du eit veldig godt poeng i at motivasjon og modning heng saman: at ein forhåpentlegvis ein dag vaknar opp og oppdagar at læring har verdi i seg sjølv uavhengig av belønning, men at ein gjerne må ha vokse med oppgåva ei stund for å komma fram til ein slik erkjennelse.

Eg likte og veldig godt avsnittet om læraren si allsidige og viktige rolle. Her får du fram mange viktige poeng og viser avslutningsvis til eit godt døme på TPO : læraren som tek med seg jenta i dyrebutikken for å konkritisera matematikken. Det største problemet vert vel å finna tid til å gå så grundig til verks...

Du skriv at det er mange argument både for og imot indre motivasjon. Er det det? Meiner du kansje ytre motivasjon? Eg stussa litt på den.

Tina Totland sa...

Hei Sissel:-)

tusen takk for ein fine kommentar.
kjekt at du la merke til dei ulike pedagogiske grunnsyna, motivasjon og modning, og historia om jenta i frå meiningsfylt matematikk. eg er heilt einige med deg i at for at ei slik handlinga skal kunne gjennomførast så å ein ha ressursar og tid, noko som ikkje alltid er så enkelt å få til. sjølv om det absolutt bør kunne skje.
når eg skreiv om argument for og i mot indre og ytre motivasjon, tok eg utgangspunkt i gruppeoppgåva me gjorde på skulen.
takk for kommentaren:-)

Steinar sa...

Dette er eit godt innlegg med ein god påfølgjande debatt! Mykje god refleksjon her, og eg blei rett og slett inspirert av å lese innlegget ditt. Flott!

Du og dine kommentatorar tar tak i sentrale sider ved motivasjonsomgrepet og har ein utviklande debatt!

Spesielt likar eg det du skriv om at elevena treng tilpassa motivasjon! Det er heilt sant, og burde kanskje vore like vanleg å snakke om som tilpassa opplæring?

Nøkkelpunktet for å få dette til, er som du er inne på, å kjenne elevane. Korleis kan du få kjennskap til elevane, at dei for eksempel er interesserte i musikk og dyr?

Tina Totland sa...

Heisann Steinar:-)

Tusen takk for kommentaren.
ja, tilpassa motivasjon burde kanskje vore omtalt like mykje som tilpassa opplæring, då eg ser på det som svært grunnlaggjande då det gjeld læring.
Når det gjeld å få kjennskap til elevane ser eg på at det kan skje gjennom dialog, elevsamtalar, sosiale samankomstar. Ein må møte elevane sine der dei er, og vise at ein er interressert i dei, og ynskjer det beste for dei.

Steinar sa...

Eig fornuftig plass å starte det!