torsdag 26. februar 2009

Undervisningsplanlegging

Den didaktiske relajsonsmodellen og læreforutsetningar.

Ein av våre jobbar som lærarar er å gi timane innhald og samanheng. Ein stor del av arbeidet går til planlegging. Lærarar planlegge på fleire nivå, for eit heilt skuleår, for periodar, veker, dag og arbeidsøkter. Planlegging gir oss blant anna struktur og tryggleik, det er ei oversikt over kva mål elevane skal oppnå, samt ei oversikt over korleis ein ligg ann i forhold til tid til rådigheit. Skissa er med på inkludere både foreldre og elevar, og det heng saman med arbeidsmåtar. Sjølvsagt må planane kunne justerast når ting skjer. Samt må ein vera fleksibel, då læraen skal ha kontrollen, ikkje planen.

Pedagogiske forskarar har i følgje Lyngsnes og Rismark (didaktisk arbeid 2007) vore opptatt av lærenes planlegging. Dei har haldt intervju, bedt dei tenkje høgt, skrive logg, osv for å finne ut korleis planane har fungert i praksis. læraranes planlegging virke inn på det elevane lære, fordi planlegginga dreier seg om tida som er til råde og lærestoffet som skal læres.
Lærarar må ta mange val. I planlegginga møter ein ofte spørsmåla kva? Korleis? Kvifor? Ein må heile tida vera bevisst på kva måla er, kva arbeidsmåtar ein vil nytte og kvifor ein gjere som ein gjere. Som hjelp til planlegginga har ein den didaktiske relajsonsmodellen, som kan fungera som reiskap i det didaktiske arbeidet. I følgje Lyngsnes og Rismark (didaktisk arbeid 2007) kan ein seie at den didaktiske modellen er ein teorikonstruksjon for planlegging og analyse av didaktiske virksomheiter. Modellen er anvendeleg slik at den kan nyttast av nybegynnarar og av erfarne. Slik eg ser det er modellen alfa omega for lærarar. Den hjelper i å minne oss på kva ein skal ta omsyn til under planlegginga. Samt kan den nyttast som refleksjon, då ein kan gå attende etter til dømes ei økt å sjå om ein har oppnådd det ein ynskte for økta.

Den didaktiske modellen me følgje inneheld desse kategoriane:



Når eg planleggjar tenkjer eg først og fremst på måla og innhaldet for timen. Deretter tenkjer eg på korleis eg ynskjer å ha det, og om det kan gjennomførast. Medan når eg tenkjer på det så tykkjer eg kanskje at didaktiske føresetnadar er den viktigaste kategorien i modellen. Didaktiske føresetnadar inneheld elevføresetnadar, læreføresetnadar, fysiske, biologiske, sosiale og kulturelle føresetnadar. Då tenkjer er slik at dersom dette ikkje er teke omsyn til og lagt til rette for då er det mykje vanskelegare å oppnå dei måla som er stilte. Lyngsnes og Rismark (didaktisk arbeid 2007) skriv at det er ein samanheng mellom alle kategoriane. Eg er einig i dette, men samt tenkjer eg at alle kategoriane heng saman, men at dei er forankra i didaktiske føresetnadar, då eg ser på det som grunnleggjande faktorar for at noko skal kunne gjennomførast. Slik eg har opplevd det i praksis så er det mange lærarar som ikkje nyttar modellen. Eg meinar at for oss som nybegynnarar er det bra å he ein slik modell slik at me har noko å sjå til. Samtidig lærar me å ta omsyn til dei ulike kategoriane. Eg trur at etter meir erfaring ein har som lærar så vert planlegginga lettare, ein treng ikkje alle desse skjemaa fordi ein på ein måte alltid nytte det ubevisst. Altså meinar eg at desse føresetnadene skal komme automatisk då ein planleggjar, fordi dei er så viktige.

Ei av dei viktigaste faktorane tykkjar eg at er læreføresetnader. Elevane kjem til skulen med ulike forventningar, kunnskapar, erfaringar, evner og bakgrunn. Dette forholdet kallast læreføresetnadar. For å kunne planleggja på ein kreativ og fleksibel måte må ein kjenna elevane sine. Ein må vita kva dei er interesserte i, og kva evner dei har frå før. Å verta kjent med elevanes læreføresetnadar går i tråd med Piagets og Vygotskys tenking. I Piagets teori er det nødvendig å kjenna elevanes skjema for å planleggja i samsvar med tilpassa opplæring. Alle elevar har ulike kunnskapar, og derav ulike skjema, og difor må ein kjenne desse for å kunne planleggje vidare. I Vygotskys teori handlar det om å ha kjennskap til elevanes aktuelle utviklingsnivå, for å kunne finne ut noko om deira nærmaste utviklingssona, slik at ein skal kunne forme stillasa i elevanes læringsarbeid. Læreføresetnadar er sjølvsagt knytte til mål. Då eg var i praksis opplevde eg kor ekstremt mykje det var å ta omsyn til då eg skulle planleggje. Eg måtte ta omsyn til om timen var rett før mat friminuttet, då elevane var svoltne, elle om det var siste time på dagen, då elevane var trøtte og ville heim. 50% av foreldra til elevane ver skilte. Då elevane gløymte bøker pga dei hadde flytta frå mora til faren i helga, så kan ein ikkje seie noko anna enn at det er greitt. Det var fleire som måtte klare seg aleine om morgonen, og hadde difor ikkje spist frukost. Det var to i klassen som var utviklingshemma. Ikkje alle tåler like mykje ”kritikk”. Det var nokon som ikkje kunne jobbe saman, osv. det er ekstremt mykje å ta omsyn til. Eg tykkjar heile tida at eg skriv at det viktigaste er å kjenne elevane sine, og her viser det seg igjen. For å få best mogleg utbyte av undervisinga så må ein kjenne elevane sine. Me som lærarar må møte elevane der dei er, det er avgjerande for å få det samspelet ein ynskjer.

Læreføresetnadar er ikkje gitt ein gong for alle. Det er dynamisk, heile tida i endring og utvikling. Eleven utviklar seg heile vegen, både intellektuelt, fysisk, psykisk, kjenslemessig og sosialt. Dette tyder at me som lærarar heile tida må ha auga opne for å på best måtte danna tilpassa opplæring for kvar enkelte elev.

6 kommentarer:

Sissel sa...

Hipp hurra.. du fikset siden;-)

Hei Tina.

Nå skal du få dine velfortjente stjerner og ønske.

* Bloggen din er grundig da du tar med relevant teori, bakgrunnen for hvorfor vi bør bruke skjemaet samtidig som du sper på med personlig erfaring. Flott.

* Du skriver bra. Språket du bruker er forståelig. Du fletter fint sammen "hverdagsspråk" med faglig termer. Leste nettopp gjennom referat fra kullteam møte og ser der at det skriftlige språket vårt har fått kritikk. For meg virker det som du har full kontroll på dette (selv om jeg ikke er en ekspert på nynorsk).

Mitt ønske er flere konkrete ideer om hvordan vi som fremtidige lærere kan "møte" eleven på deres premisser samtidig som vi klarer å formidle den kunnskapen vi er forpliktet til å formidle. Du har nevnt flere grunner til at eleven kanskje kommer uforberedt til skolen (det være seg uten frokost, skilte foreldre osv), men hvordan skal vi "se" alle disse i en klasse? En til to elever kan vi hjelpe, men i et klasserom er det mange individ.

Tina Totland sa...

Heisann Sissel:-)

hehe, ja no er den fiksa, aner ikkje kva som skjedde:-P

Tusen takk for ein fin kommentar:-)
kjekt at du legg merke til språkbruken.

Eg tykkjar i grunn at det er litt vanskeleg å komme med fleire konkrete idear til korleis ein kan møte elevane.
det er klart at etter fleire elevar det er i ein klasse, dess vansklegare er det. eg tenkjer at gjennom erfaringar å tid kjem me til å læra ulike måtar å verta kjent med/møta elevane våre.
kva tenkjer du om det?
har du nokre konkrete idear?
dette er vertfal heilt klart eit viktig spørsmål som me treng å tenkje på:-)

Sissel sa...

Hei igjen!

Slenger ballen tilbake du.. hehe

Nei, jeg har dessverre ikke noen konkrete ideer til hvordan man skal kunne ta hensyn til hver enkelt individ store deler av tiden. Tror kanskje hvis vi er observante og hele tiden har dette i bakhodet så vil tiden og erfaringen hjelpe oss.

Tina Totland sa...

Enig:-D

Steinar sa...

Hei!

Du får godt fram at du meiner elevføresetnader kanskje er den viktigaste kategorien i relasjonsmodellen, og du gir gode konkrete eksempel på ulike faktorar som her spelar inn, mat, tid på dagen etc. Det er eit godt utgangspunkt for vidare planlegging!

Debatten med Sissel er også interessant, men eg vil utfordre deg meir i samme retning, det kjem få konkrete døme fram i diskusjonen dykkar: Kva kan du konkret gjere for å bli kjent med elevane dine sine ulike føresetnader? Korleis vil du for eksempel finne ut kva dei arbeidsformer dei likar, kva dei er interesserte i på fritida???

Tina Totland sa...

Hei Steinar:-)

Tusen takk for kommentaren.
Eg trur at for å verta kjent med elevane mine sine føresetnader, er elevsamtalen eit nyttig middel. Dei elevsamtalane eg har observert i praksis går mykje på korleis elevane har det. Dei handlar om korleis dei har det på skulen, kva dei likar å gjera på, kva fag dei interressera seg mest i. samt les dei gjennom lekser, og vert spørt om saker i forhald til lekse quizen dei har kvar veke. Gjennom elevsamtalen spør også lærarane kva dei gjer på på fritida, kven dei er med, korleis dei har det osv. elevsamtalen er deffinitivt ein nyttig metode i arbeidet ved å verta kjent med elevane sine føresetnader. I tillegg til dette tykkjar eg at det er viktig å fokusere, observera og sjå elevane sine.
Gjennom til dømes sosiale aktivitetar kan ein verta kjent med eleven som person. Medan i arbeidet om å finne dei arbeidsmetodane elevane likar, så trur eg at dette må skje gjennom testar, uttprøving og observasjonar. Heile tida er det viktig å ha kontakt med elevane, og sjå dei.