onsdag 27. august 2008

Ein lærar eg hugsar godt

Eg har gått lenge å tenkt på kva lærar eg skulle skrive om, valet var ikkje enkelt. Eg har hatt mange gode lærarar opp gjennom åra, og mange ikkje fullt så gode. Til slutt fall valet på den læraren som har lært meg mange gode eigenskapar, ikkje berre fagleg, men og mykje om haldningar, tenkjemåtar, synspunkt, og om rett og galt.

Då eg byrja først skuleåret på grunnskulen var me ein klasse på 30 elevar, så ho hadde nok å stri med. Åra gjekk og læraren følgde med oss. I 7 år hadde me ho som kontaktlærar, noko som kanskje ikkje er så vanleg. Det seiar seg jo sølv at me då vart sterkt knytte saman.
Ho er ein lærar som har brei kunnskap i dei fleste fag, noko som eg tykkjar er viktig dersom ein skal undervise. Ho vart snart respekterte av oss som elevar, samtidig som ho var svært omsynsfull. Ho var ledaren vår, og samtidig vennen vår.
Ho satt foten ned når det var noko ho ikkje likte, og roste oss opp i skyene når det var noko ho likte.
Ho lærte oss alt frå grammatikk til å dyrke poteter, lage mat, og kloke visdoms ord.
Ho tok oss mykje med ut på turar. Me hadde vår eigen åker i skog kanten, der me dyrka poteter, sukkererter og mykje anna. Dette tok me med attende til skulen å lærte å laga blant anna pommes frites, og saft av det me sjølve hadde dyrka. Me hadde også fast plass i skogen der me koste oss me leikar, storm kjøkken og ekskursjonar.
Ho var heilt super. Ho gav oss glede i skule kvardagen. Me syntes det var like kjekt med turar i 1.kl som i 7.kl. Eg meinar at det å ha det kjekt, og trivs i skulekvardagen er grunnleggjande for å kunne lære.
Ho var svært politisk av seg. Var det noko som ikkje var rettferdig så greip ho fatt i det med ein gang. Ho fekk oss til å kjenne oss tryge, som er viktig for at barn og unge skal våge og klare å utvikle seg.
Det var ingenting å vera redd for, rekka me opp handa og svarte feil så betydde det ingenting.

Ein av grunnane til at me vart så tett knytte, var vell at me gjekk gjennom svært mykje saman dei sju åra. Huset til ei venninne brann ned på sjølvaste juletrefesten, seinare mista ho far sin. Ein gut i klassen mista mor si av kreft, og ein mista bror sin. Me mista sjølv ein klasse kamerat av svulst på litle hjernen. Alt dette skjedde over kort tid. For mange av oss var dette det første møte med døden, noko som me tok svært sorgfullt, og også veldig skremmande.
Me fekk sjølvsagt støtte frå heimen, men me måtte likevel gå på skulen. Eg beundrar måten den læraren klarte å stå framfor ein gjeng på 30 elevar i sorg, når ho var like trist sjølv, og ho måtte vera der for oss.
Det var det så var så fantastisk med denne læraren.
Ho hadde alltid tid til oss, uansett om det var i skuletid eller på fritida. Me vart inviterte heim til ho på bollar og brus, og me kom av eige initiativ. Me kom for å snakka, me hadde fleire djupe samtalar og fekk gode råd. Ho skøyv sine eigne problem tilsides, for å hjelpe oss med våre. Ho var ein fantastisk lyttar, og dyktig til å setje seg sjølv inn i våre situasjonar, noko som er ein kjempe god eigenskap å ha som lærar.
Til slutt så såg ho på oss som sine 30 born.

Eg meinar at det er ekstremt viktig å lære elevane sine å kjenne. Være der for dei, uansett om det er på skulen eller i det private. Det er viktig å ta folk som dei er. Gi dei glede over å lære, akkurat slik som ho gjorde med oss. Å ha ein slik lærar har inspirert meg til å verte lærar sjølv. Eg har lyst å vera ein slik person for andre, som ho har vore for oss.
Eg tenkte ikkje så mykje på det då, men i ettertid tenkte eg mykje på kor ein fantastisk lærar ho er. Det lyste at hu treivs i yrke sitt. Hu ville at me skulle lykkast, ikkje berre på skulen, men og i livet. Detta arbeide hu hardt for.
Eg trur at ein vil gå gjennom svært mykje som lærar. Å då er det ikkje alltid fagkunnskapen som gjelder, men korleis ein er som person. Ein må ha klart for seg kva ein sjølv meinar, og kva ein står for. Ein må kunne forandre planar etter elevanes behov. Ein må ta seg av dei.
Ein anar aldri kva som kan skje, det kan vera det mest utenkelege.

Å ta jobben med seg heim er eit val ein tar når ein bestemmer seg for å verte lærar. Då tenkjer eg ikkje berre fagleg, men også psykisk.
Ein må ha klart for seg kor viktig oppgåva som lærar er. Ein må vite kvifor ein er der. Ein må ta jobben sin på alvor.
Alt det ein gjer som lærar, har så utrulig mykje å seie for elevanes framtid.
Ein må vise at ein bryr seg.

3 kommentarer:

Steinar sa...

Du er heldig som har møtt ein slik dyktig lærar som takla så mange sider av livet saman dykk, alt frå uteskule til døden.

Korleis klarte ho å skape denne tryggleiken blant elevane? Korleis gjorde ho det?

Tina Totland sa...

Eg tykkjar eigentleg at det er vanskeleg å setje fingeren på akkurat kva det var ho gjorde for å skape denne tryggleiken i klassen. Det var noko som vart bygd opp gjennom fleire år, og etter kvart som me vart betre kjent.
Me visste akkurat kor me hadde ho, og kor grensene hennar gjekk. Ho gav klar beskjed om kva ho syntes var greitt, og om kva ho ikkje syntes var greitt.
Ho stilte alltid opp, måten hu gav ros og ris på, ting ho sa, alt dette var med på å skape denne tryggleiken.
Som klasse har det aldri vore noko særlige konfliktar, alle kom eigentleg godt overens, det gjorde me med læraren også. Var det konfliktar tok ho det opp med ein gang, det var ikkje noko ein gjekk å ”gnagde” på, å grua seg til, over lengre tid. Me snakka ut om alt. Dermed kjente me oss trygge på kvarandre, og lærte å kjenne kvarandre betre.

Hauge sa...

Eg likte teksten din veldi godt Tina! Du har ein god penn og du får fram kjenslene til meg som lesar når eg lever meg inn i teksten din!