tirsdag 9. september 2008

Dagens time
-Persepsjon

Det som fengde meg mest etter dagens time, var det om persepsjon. Altså at ein handlar ut i frå korleis ein oppfattar og tolkar det ein høyre, ser, kjenner osv. at ein alt for lett kan danne eigne meiningar ut i frå tidlegere erfaringar, kunnskap og sanseinntrykk. Dette kan vera skummelt, med tanke på at elevar og andre kan misoppfattast. Dei kan framstillast som noko dei ikkje er, både positivt og negativt. Ei slik dømming er noko me alle gjere, utan at me sjølv tenkjer over det. Eg er heilt einige med Sissel, eg og trur at alle menneske har eit ubevisst behov for å kjenna folk, og putta dei i bosar, ofte alt for tideleg. Det kan vera gode og dårlege bosar.
For eksempel; Nils knuste ein gong vindauge i døra på skulen, dette kjem sannsynlegvis til å følgje han for resten av livet. Der han vert putta i den dårlege bosen, og han får alltid skulda dersom nok hender. Medan Anne som er skule flink, og aldri gjere noko gale, vil nok sannsynleg aldri skyldast dersom noko hender.
Her kjem glorifisering og stereotypar inn i bilete; Anne som aldri gjere noko gale, og alle som heiter Nils er pøblar. Det er alt for lett å ta alle i same klyppe salt. Har ein eit slik førsteinntrykk så er det vanskeleg å endre dette inntrykket. Første – og andre – inntrykk har ein tendens til å feste seg.
Som framtidig lærarar meiner eg at dette kan vera lurt å vera bevisst over. Mennesker kan endre seg. Sjølv om Nils var uheldig i ein situasjon tyder ikkje det at han ikkje er ein god person, og at han alltid skal skyldast. Sjølv om Anne alltid er snill, så tyder ikkje det at ho aldri gjere noko gale. Det er lurt å stille seg kritisk i nokre situasjonar, for å ikkje la seg lure trill rundt. Elevane kjem til å teste oss. Dei over kanskje nokon heilt andre ann me trur. Likevell er det viktig å gi alle ein sjanse. Ein må ikkje la bilete av dei brenna seg fast i hovudet, men vera open.

4 kommentarer:

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Du peiker på fleire viktige moment, Tina! Det å putte folk i "båsar", har mykje med det å ikkje kjenne til eleven tilstrekkeleg. Har du kjend ein elev lenge og vel kan det vere lettare og ta slike avgjersler. På ei anna side vil eg seie det fins visse stereotypar ein må ta hensyn til. Nokre born er faktisk så smarte at dei tek i bruk nettopp dette med at ein skal sjå vekk ifrå dei, som stereotypar!

Anonym sa...

Hei Tina! Du har tatt opp et tema som er veldig aktuelt, både som medmenneske og lærar. Eg meiner at om du er medviten på dette har du eit mykje meir opent sinn i alle situasjonar. Fordommar er det same som forforståingar, og det er lett tolke feil. Og ikkje kjekt for den det gjeld!

Hauge sa...

Du skriv reflektert Tina! Du har gode argument og eg må sei meg heilt einig! Tema du har tatt opp engasjerte også meg og sette verkeleg ein tankevekkar!

Steinar sa...

Hei! Ja, eg støttar alle desse kommentarane, du tar opp eit viktig tema, som kan vere vanskeleg å få til praksis. Men det at du er klar over dette og reflekterer omking det, er utan tvil eit godt utgangspunkt.

Lukke til i praksis!