onsdag 24. september 2008

Mitt pedagogiske grunnsyn

Dette med pedagogiske retningar tykkjar eg at er veldig spannande.
Eg tykkjar at å plassera med sjølv i forhold til desse retningane er vanskeleg, fordi er føler ikkje heilt at eg kjenne dei godt nok enda.
Eg veit sjølv kva eg vil og kva eg meinar, men å vera bevisst på det og setje ord på det er vanskeleg. Eg er eigentleg einige med ulike retningar, men eg er også svært ueinige i nokre av dei. Eg vil seie at eg har eitt ganske blanda syn. Eg er einig med psykoanalyse – psykodynamikk. Der er dei opptekne av at minner ikkje må fortrengjast. Eg tykkjar at ein kan lære av minner og av erfaringar, både på godt og vondt. Eg og meinar at det er viktig å vera oppteken av emosjonar og bearbeiding av kjensler, men til ei viss grad. Eg er også samd med behavorismen i at ein skal fokusera på det ytre, men eg tykkjar også at det er viktig å fokusera mykje på det indre. Ein kan lett bli lurt av det ein ser. Eg er også litt ueinige i ein del av forskingane deira. Dyr kan ikkje samanliknast med menneske. Eg trur at det er ikkje alt som er meininga at me skal vita. Eg er samd i at lønning og straff kan vera bra i nokre situasjonar, men ikkje over lengre tid. Eg tykkjar ikkje at ein alltid skal forvente lønningar dersom ein har gjort noko bra. Menneske er ikkje eit objekt i mitt syn.
Sjølv meinar eg at eg heller litt meir mot den humanistiske retninga, det er der eg kjenner meg best att. Eg meinar at menneske skal stå i sentrum. Det er viktig å ha eit positivt menneskesyn, der ein leggje vekt på menneskets grunnleggjande behov. Eg trur at alle menneske har eit indre behov for å vekse. Eit behov for å ta ansvar for eige liv, eit behov for å komma seg framover, eit behov for sjølvrealisering. Det er viktig å tenkje framover, men i motsetning til humanismen, så meinar eg at ein likevel skal kunne tenkje på fortida. Eg kan seie meg heilt samd i Maslows sjølvrealiseringspyramiden, og meinar at dette er eit godt bilde for korleis menneske kan vokse for å oppnå det ein ønskjer.
Som sagt har eg eit syn blanda av mykje, for eg er også samd i Fenomenologi. Der ein er opptatt av korleis menneske opptrer i det ytre, men også i kva dei tenkjer, altså det indre. Me kan ikkje styra andres handlingar, men me kan prøva å forstå dei. Eg synes det er viktig å prøve å sjå saker frå elevens side, korleis er det å vera dei? Det er viktig å ikkje skape misforståingar, og ikkje ta alle under same bås. Alle er forskjellige, og ein må ta individa som dei er. Menneske har fri vilje og kan bestemma sjølv kva dei vil, og må sjølv ta ansvar for eigne handlingar. Vår jobb som lærarar er å vegleda.

3 kommentarer:

Hauge sa...

Skikkeleg bra relfeksjonar Tina! Om me ikkje klarar å sei at det og det er vårt pedagogiske grunnsyn er det i alle fall viktig å kuna reflektera og veta kva andre har meint og meiner!

Steinar sa...

Jepp, det er viktig å ha kunnskap i botn som ein kan gradvis kan byggje sitt eige grunnsyn på, og der er du godt i gong. På bakgrunn av det du skriv, føler eg at du står nærmast eit barnesentrert grunnsyn? Men læraren er og vikitig, så kva meiner du blir hennar oppgåve i det barnesentrerte grunnsynet?

Tina Totland sa...

Ja, du har kanskje rett i det:-) eg meinar at her er lærarens oppgåve å dyrke fram elevanes kunnskap. lytte til svara dei har, og stille spørsmål. la dei gjere ting, slik at dei har noko å knytte kunnskapen opp til. gi dei opplevelsar og erfaringar.