onsdag 3. september 2008

Lærarens mange oppgåver



som lærar møtar ein mange ulike utfordringar i skule kvardagen, både konfliktfulle og tøffe. Alle har ei meining om det ein gjere, og alle har noko å seie. Nokon kjem med ros, andre kjem med ris. Her er blant anna ei av oppgåvene ein har som lærar; ein må ha klart for seg kva ein meinar, og kva ein står for. Ein må tenkje gjennom det ein sjølv seier, for å unngå misforståingar og konfliktar. Mykje ansvar ligg i dag på læraren. Lærarens yrke har vokse mykje dei siste åra. Først og fremst er oppgåva til læraren å formidle allmennkunnskap, mange oppgåver knytte seg til dette. Ein lærar må kunne sjå og oppfatte eleven sine ulikt, og som dei er. Ein må tilpasse opplæringa for kvar enkelte elev, slik at dei skal kunne få moglegheita til å utvikle seg etter eige nivå. Fleire faktorar spelar inn her, ein må sjå etter evner, kjensler, utvikling, kulturell bakgrunn osv. Likevel skal alle verta inkluderte. Ein skal kjenne seg vell, slik at ein skal få eit godt fellesskap, slik at ein kan lære i trygge og kjente omgivnadar. Ein av dei viktigaste oppgåvene er å få elevane til å kjenne seg trygge. Elevane må vita at det er greitt å mislykkast. Ein skal ikkje bli ledd av dersom ein rekk opp handa og svarar feil. Om elevane skal tørre å ”tabbe” seg ut, og samtidig utvikle seg, må dei kjenne seg trygge. Læraren skal motivera og gi elevane glede over å læra. Læraren må knytte lærestoff opp mot noko kjekt, ha variasjon i undervisinga, og halde oppe merksemda deira. Dette er viktig for at elevane skal lære og hugse det læraren fortel om. Det er ikkje bare å undervise, ein må fange elevanes merksemd. I tillegg til det faglege må læraren vise omsyn til elevane. Ein må prøve å sjå saker frå deira side, og ta dei alvorleg i det dei meinar. Elevane må få vera inkluderte i saker som gjeld dei. Ein må ikkje gløyme at ein sjølv har vore i deira stilling.
Ein lærar må setje til side sine eigne personlege saker og problem, for å vera der for elevane, og hjelpe dei med deira problem. Dette gjeld både på skulen og i det private. Ein må også ha evna til å reflektera over seg sjølv, ta til seg kritikk, og vokse på det. ein må vera villig til å ta jobben med seg heim. ein må ville det beste for elevane sine. eg meinar at læraren spelar ei viktig rolle i born og unges liv. Ein må dyrke deira individuelle eigenskapar, gjere dei stolte, og vera med på å byggje opp sjølvtilliten deira. I tillegg er ein med på å lære dei i å samarbeide saman med andre, noko som er kjempe viktig for elevens vidare liv. Eg ser på lærar yrke som eit viktig yrke, der alle oppgåvene er like viktige. Ikkje minst å følgje med i samfunnet, som kan gi mange utfordringar. I tillegg til å jobbe saman med elevar, skal ein også jobbe med kollegar og foreldre. Dette kan vera tøft. Eg trur ikkje at det finnes ei oppskrift på korleis ein god lærar er. Ein vil vokse på erfaringar som åra går. Det finnes nok ikkje noko fasit svar på korleis ein løyser alle desse oppgåvene. Eg meinar at det handlar om korleis ein er som person. Ein må verta respekterte, men samtidig respektera elevane ein har. Ein skal ikkje oppnå respekt av at elevane er redd ein, men på eit vennleg nivå der det står klart at læraren er ledaren.

Kvifor eg hare lyst å verta lærar kan eg ikkje svara på. Eg har alltid hatt lyst å ha eit utfordrande og variert yrke. Eg har lyst på eit yrke som er spennande og kjekt. Eg vil gle meg til å gå på jobb. Eg må kunne tenkje at dette vil eg gjera for resten av livet mitt. Eg har alltid likt å vera med menneske. Eg likar å læra vekk det eg sjølv kan. Det er mange yrke som har dess krava, men eg har alltid berre visst at det er lærar eg vil verte. Eg har lyst å oppleve den kontakta mellom lærar og elevar, som alle snakkar om.
Eg har ei stemme i hovudet mitt som seier at dette er det rette for meg.

3 kommentarer:

Steinar sa...

Hei! Eg trur du skal lytta til den stemma i hovudet ditt som seier at du skal bli lærar!

Du viser at du har eit vidt perspektiv på lærargjerninga, og det er flott!
Du skriv at det er viktig med eit trygt klassemiljø, har du gjort deg nokre tankar omkring kva du konkret kan gjere i klassen for å få det til?

Tina Totland sa...

for at elevane skal få eit trygt klassemiljø vil eg som lærar prøva å vera så rettferdig som mogleg. Eg kjem nok til å heve stemma i nokre situasjonar, men eg vil ikkje kjefte på dei. Eg vil ikkje at dei skal lye meg pga dei er redd meg, men pga at eg er ledaren og dei respektarar meg. Men samtidig vil eg at dei skal vita at dei kan komme til meg om alt.

Steinar sa...

Ja, det er eit godt utgangspunkt med både omsorg og respekt!