torsdag 2. oktober 2008

Øving gjer meister

Denne veka kjem er til kort med blogginga, sidan eg ikkje var tilstedes i pedagogikk timen. Eg vil likevel prøve å skrive noko om kva eg tykkjar er viktig å ta omsyn til når ein skal planleggje ei undervisning.

Planlegging dreier seg om å omforme tida som er til rådigheit, og lærestoffet som skal læres, til elevaktivitetar. Planlegging reduserar usikkerheta i skulekvardagen. Det er mykje å tenkje over når ein planlegg ei undervisning.

Kva er hensikta, intensjonen med undersvisninga?
Undervisningas innhald
Metode og organisering
Læremidlar og medieval
Kva kan elevane frå før?
Kva er nytt for elevane?
Kva er elevane interesserte i?
Har elevane spesielle problem eller ressursar i forhold til undervisninga?
Korleis kan eg som lærar vekke merksemda deira, og gjera dette kjekt?

Eg tykkjar at det er viktig gi elevane knaggar å henge kunnskapen på, slik at dei lettare forbind det til noko, og hugsar det. For eksempel nytte nærmiljøet og aktivitetar. Eg meinar at elevane lærar av å praktisere. Elevane kan vera med på å utforme eigne læringsmål. Elevane må få ta del i undervisninga. Ein må føre dialogar og ha samarbeid. Alle individ er ulike, og ein må ha noko for kvar sin smak. Ein må kjenne elevane sine. Ein må prøve å tenkje som dei. Som lærar må ein gjera elevane nyfikne, og variera undervbisninga. Ein skal motivera, gi tilbakemeldingar, og gi elevane ei meining med å lære. Kvar elev skal få ros så ofte som mogleg, slik at dei har noko å vera stolt over, slik dei føler seg flinke. Arbeidsmåtar vil variera alt etter elevanes alder, trinn, fag, skoleslag, gruppestørrelse.

Korleis ein klare å halde merksemda til elevane gjennom ei heil økt, kan nok vera vanskeleg til tider. Men er trur at av erfaringar så lærar ein seg metodar og teknikkar. Som lærar må ein vera fleksibel, for det er store sjansar for at planane ein lagar ikkje vert gjennomført pga at noko anna dukkar opp.
Eg meinar at noko av det viktigast er å halde roen. Blir tida knapp kan ein ikkje gire opp og pøse ut informasjonen, bere for å ha gjennomgått stoffet. Det lærar elevane ikkje noko av.

4 kommentarer:

Anette sa...

Hei hei!

kjempebra innlegg på bloggen, selv om du ikke var tilstede i timen. Jeg synes du har fått med deg mange viktige momenter som en lærer bør tenke på når han/hun skal planlegge en time/økt.

Jeg er helt enig med deg i at en lærer bør være fleksibel og kunne forandre på planlegginga si hvis det plutselig skjer noe =) Og at læreren klare å holde seg rolig og ikke la seg stresse av sabotasje o.l. synes jeg også er viktig.

Selv om du ikke har skrevet om den didaktiske relasjonsmodellen kan vi likevel knytte det du har skrevet opp mot den c",)

Steinar sa...

Heilt ening i at du peikar på viktige moment knytta til undervisningsplanlegging. Kva spørsmål meiner du det er viktigast å starte med?

Tina Totland sa...

Eg tykkjar eigentleg at alle er like viktige. Hvis eg må velge, så meinar eg at det er viktig å tenkje på korleis ein kan gjera lærestoffet kjekt og spennande for elevane. Dersom ein ikkje prøver å gripe merksemda deira, så veit eg av erfaring at det er lett for elevane å falle vek, og tnekje på heilt andre ting. Dette kjem nok til å verte ei stor utfordring:-)

Tina Totland sa...

Hei Anette:-)
Tusen takk for ein fin kommentar. Eg kunne nok sikkert hatt skrevet litt meir om den didaktiske relasjonsmodellen, skal hugse det til neste gang;-)