torsdag 2. april 2009

Mitt tidsubestemte blogginnlegg:-)






Tankar frå praksis.

Eg har i grunn tenkt lenge på kva eg hadde lyst å skrive om i dette blogginnlegget. No når eg er ferdig i praksis sitt eg igjen med mange erfaringar og refleksjonar, kring kriteria og det å vera i eit klasserom, kommunisera med elevane og undervisa. Difor har eg lyst å skrive litt om nettopp dette. I desse tre vekene har det vore lange og travle dagar, det har vore veldig kjekt, og eg føler i grunn at eg har nådd måla mine, og lært mykje. For desse tre vekene har merksemdskriteriet, kompetansekriteriet, og informasjonskriteriet stått i fokus. Først må eg seie at det var veldig greitt å ha slike kriterium i fokus. Dette gjorde at eg var meir bevisst på handlingane mine.

Det kriteriet som eg har hengt meg mest opp i, og som eg tykkjar er veldig viktig er merksemdkriteriet. merksemdkriteriet handlar i grunn og botn om det å sjå eleven. Dette kriteriet vert gjerne kalla eit ”baseline – kriterium”, som tyder at det er eit grunnleggjande viktig kriterium som ligg til grunne for alt anna me gjere innan formativ vurdering. Slik eg ser det så heng alt me gjere saman med at me ser elevane. For å gi elevane våre best mogleg læringsutbyte så me må sjå dei. Denne oppgåva er omfattande, men særs viktig. Med at ved å sjå elevane har me sjanse til å gi dei best mogleg læringsutbyte meinar eg at: etter betre me kjenner elevane, gjennom observering, kommunisering, korleis lærar dei? Jo betre kan me gi dei tilpassa opplæring. Me som lærarar har i oppgåve å vera med på å utvikle elevane. Me spelar ei stor rolle i livet deira, då me er til stede mykje av tida. Ved å sjå elevane gir me dei bekrefting. Det er noko me alle treng. Me treng bekrefting på at me blir sett, på at me har prestert bra, osv. I denne oppgåva har me som lærarar ei fantastisk moglegheit til å vera med å byggje opp elevanes sjølvoppfatning, samt gi dei ei kjensle av at dei kan meistre. Frå den veka der dette kriteriet stod i fokus fekk eg ein del opplevingar. Eg opplevde kor fort ein elev kan få merksemda di, og andre elevar vert gøymt, eg opplevde ein elev som plutseleg var forsvunne frå gym økta, og ein som sat aleine då gruppa frå prosjektet hans var sjuke. Slike opplevingar som det gav meg ei aha oppleving over kor ekstremt viktig det er. Samt har eg vorte veldig godt kjent med elevane, då eg har gått bevisst inn for å kommunisera og verta kjent med deira interesser. Dette kriteriet har eg eigentleg stilt for meg sjølve alle dei tre vekene. Eg har vore veldig opptatt av å snakke med alle, nytte namna deira, gi eit nikk, eit klapp på skuldra, og andre ting som gir dei ei bekrefting på at eg har sett dei. Nokre dagar nytta eg ein metode som eg er særs nøgd med. Når elevane skulle gå heim for dagen bad eg dei pakke sekken, og stille seg på plassane sine då dei var klare. Eg følgde nøye med då dei stilte seg opp. Eg gjekk rundt til dei som stod finast, og kom raskast til ro. Tok ein og ein elev i handa og sa takk for i dag. På denne måten såg eg alle elevane, samt lønna eg dei som var flinkast til å komme til ro.

Dei to andre vekene har handla om vurdering av kompetanse samt ”feedback” og ”feed forward”.
Kompetansekriteriet handlar om å vurdera elevanes kompetanse, slik at ein kan møte dei der dei er. Då kan ein gi best mogleg tilpassa opplæring. Kompetansekriteriet handlar om å stille dei gode spørsmåla. Spørsmål som fremmer læring. Om å kommunisera med elevane på ein slik måte som fremmer forståing og problemløysing. Me skal motivera dei og få dei til å ville meistre. Dei gode spørsmåla gir elevane ei moglegheit til å oppdage, og lære gjennom dette. ved å vurdera elevanes kompetanse, gir det oss ei moglegheit til ¨møte dei der dei er. Derfrå kan me tilpasse opplæringa etter deira behov.

informasjonskriteriet handlar om at me som lærarar skal gi tilbakemeldingar som gir hjelp og retning for fagleg framgang og gir informasjon om kva ei god presentasjon er. Me skilje mellom begrepa ”feed back” og ”feed forward”. Slik eg ser det er ”feed back” ei tilbakemelding på/vurdering av korleis ein har presentert noko, medan ”feed forward” er ei melding som skal hjelpa deg framover mot ei god presentasjon. Her må me vera konkrete. Utsegn som flott, godt jobba, bra osv er ikkje godt nok. Ein må ta tak i det som trengs å forbetrast, og hjelpe elevane med å forstå dette. Me må skriva/forklare det på ein slik måte at elevane forstår kva som må gjerast. Dersom ein for eksempel skriv: hugs punktum. Så kan det godt hende at eleven forstår at ein treng fleire punktum, men veit kanskje ikkje korleis ein set punktum. Det er her det er viktig for oss å vera veldig konkret på kva me meinar, og korleis dei kan forbetre seg. Ein kan ikkje berre skrive kva elevane ikkje kan. Dette er heilt klart noko som er svært viktig for å fremje læring. Samt er det like viktig å ta tak i det som er positivt. Eg likar å starte med det då eg gir ei tilbakemelding, slik at elevane skal få ei positiv instilling. Samt tykkjar eg at det er svært viktig at ein gir den ”negative” kritikken på ein positiv måte, døme: Eg ville gjerne høyrt at du snakkar litt høgare ved framsyninga, då du er veldig flink, og det er interessant det du seier. Eg trur at på denne måten unngår ein at elevane går i forsvar. Samt trur eg at å gi tilbakemeldingar på denne måten gir elevane ei større kjensle av å meistre, enn om dersom ein seier: snakk høgare. Desse vekene har me nytta vurderingsmetoden ”two stars and a wish”. Eg likar med denne metoden at eg får kome med eit ønske, som er med på å forbetre elevanes presentasjon. Sjølv kjente eg også at då det gjaldt ”two stars” så vart det mykje like kommentarar. Eg trur nok at dette med vurdering er noko eg vert betre til med erfaring.
Eg kan oppsummera med at eg har hatt det veldig kjekt i praksis. Eg har lært mykje. No tek eg påske ferie.



God påske :-)

2 kommentarer:

Steinar sa...

Du har her skrive eit interessant innlegg omkring praksiserfaringar. Det er spesielt kjekt å lese at du har hatt nytte av å fokusere på dei ulike kriteria, for eksempel kor viktig det er å sjå den enkelte elev.

Du har også omgjort dette til praksis på ein fin måte i eksempelet ditt med korleis du avslutta dagen ved å sjå den enkelte!

Kva av dei to andre kriteria synest du var vanskelegast i praksis - og kvifor det?

Tina Totland sa...

Hei Steinar:-)

Takk for kommentaren:-)
Av dei to andre kriteri tykkjar eg eigentleg at kompetansekriteriet var det vansklegaste. kompetansekriteriet handlar om å vurdera elevanes kompetanse, samt stille spørsmål som fremmer læring. Her opplevde eg at tida ikkje strakk heilt til. Dersom mange elevar treng hjelp samtidig vert det lett for å berre gå rundt forklare kva ein skal gjera, og gå vidare til neste elev. Noko eg tenkte litt på no, er at dersom ein bevisst går inn for å stille slike spørsmål. Da kan det kanskje vera lurt å på forhand tenkje seg til kva spøsmål som kjemt til å verta stilt, ein kan då forberede seg på nokre "oppdagande spøsmål" ein kan gi til elevane.