tirsdag 28. april 2009

Sosialisering og utvikling

- Kva er sosialisering?
- Korleis påverkar dette skulen?


Ingen elevar er like, står det i Imsen ( elevens verden 2006: 51). Nokon elevar er store av vekst, medan andre er små for alderen. Nokon har lys hud, andre har mørkare. Jenter og gutar båe kler seg og oppføre seg forskjellig. Noko lærar raskt og er flinke på skulen, medan andre treng litt lengre tid til oppgåvene. Me finn store skilnader mellom individ til og med i same alder. Dette når det gjeld oppførsel, motivasjon, fysisk utragering og sosial tilpassing, med meir.
Grunnen til at ein finn slike store skilnader meinar eg er fordi alle kjem frå ulike familiar og miljø der ein har vorte oppdradd ulikt. I følgje Imsen (elevns verden 2006:52) er oppdraging eit omgrep ein nyttar om det arbeidet ein gjere når ein forme born til samfunnsmenneske. Oppdraginga er målretta, bevisst, og forming av åtferdsmønster og personlegdom. Oppdraginga heng sterkt knytte til arv og miljø.

Det skjer mykje eit menneskes liv. Ein utviklar seg frå å vera eit spedborn, til å verta ungdom, vaksen og gammal. Utviklinga skjer i samspel mellom eit nedarva ”program” som er nedlagt i oss alle, grad av omsorg og stimulering i miljøet og ikkje minst arvelige anlegg som er spesielle for det enkelte individ. I Imsen (elevens verden 2006) beskrives denne utviklinga i ein teori kalla utviklingspsykologi. Denne handlar nettopp om korleis born, unge og vaksne endrar seg sosialt, mentalt og åtferdsmessig gjennom livet.

Kva er så sosialisering?

Eg tolkar sosialisering som ei oppdraging. Borna formas på mange måtar, og frå mange kantar. ”Forminga” kan vera bevisst og ubevisst, positiv og negativ.
Eg vil seie at dei fyrste leveåra er det familien og nære vener som er med på å forme barnet. Dette på ein oppdragande, målretta og bevisst måte. Korleis barnet vert oppdratt er avhengig av haldingar og verdiar som ligg til grunne i familien. Etter kvart som barnet veks opp vert ein kjend med fleire miljø, ein får fleire miljø å forholda seg til, og det er mykje rundt ein som er med å påverke korleis ein vert som person. Dette då sosialisering har båe ei påverknads side og ei mottakar side.


Vanlege bevisste sosialiseringfaktorar kan vera skule og barnehage, medan reklame og propaganda er ein ubevisst faktor. Eg tykkjer her at ein kan trekkje ein samanheng til motivasjon, sjølvoppfatning og meistring, der me vart kjend med omgrepet signifikante andre. Signifikante andre er personar som er viktige for deg. Personar ein vil at skal vera stolt over deg, ein vil at skal like deg, osv, for eksempel foreldre, besteforeldre, sysken, gode venner, ein du likar. Desse signifikante andre meinar eg at vil spela ei stor rolle i sosialisering.
Det kan vera andre sosialiseringsfaktorar, som trusamfunn, media, idolar, militæret, mote, arbeidsliv, politikk, reklame og mykje anna. Slik eg ser det kan det vera mange ulike miljø innan eit større miljø/ ei bygd. Ein har til dømes eit miljø for dei som interesserer seg i fotball, i hest, i dans, i musikk, i datamaskin osv. Alle desse faktorane er med på å påverke og forme ein som person på ein slik måte at ein skal passe inn i samfunnet. Det finnes reglar for korleis ein skal oppføre seg, kva som er lov og kva som ikkje er akseptert.

Dessverre er det mange sosialiseringfaktorar som også har ei uheldig påverknadskraft. Eit viktig døme på det er media, og bruk av digitale verktøy. Media har ofte ein tendens til å gjera saker større enn dei er. Media kan vera med på å skremme barn. Tilgangen til å sjå krig, drap, og alt elenda i verda er veldig stor, ein får det gjennom media kvardag. For borna vert dette tilslutt normalt. Ein kan tenkje seg til at mange av grunnane til skuledrap kan komme av ein slik påverknadsfaktor? Ein anna viktig faktor er verkelegheits seriar. Ikkje alle born forstår at det som regel er manus bak ein slik serie, at det ikkje er vanleg å oppføre seg på ein slik måte ein gjer i desse seriane. Reklame eg også ei stor påverknadskraft for born, motepresser er nok kome grunna det. Internett sider og spel, ein møter menneske som har same interesse som dei, t.d dei som har ete forstyrring. At dei møter andre med same interesse, kan vera med på å forsterke situasjonen, då dei gir kvarandre tips til korleis ein kan gjere . Det er enormt mange dømer på dei uheldige påverknadskraftene media har på menneske.

Dette er heilt klart også er ei utfordring for skulen, då elevane tilbring mykje av tida si på skulen. Borna får ei feil framstilling av korleis verkelegheita er, og korleis ein skal oppføre seg. Det er heilt klart at born lett kan verta påverka av stygt språk gjennom fjernsynet, slikt språk er ikkje tolerert i skulen. Dei tek med eg haldningar som ikkje vert tolerert i skulen. Mykje av tida som lærar går til å ordne opp i konfliktar. For at skulen skal fungera som eit godt fellesskap kan ikkje dårlege haldningar verta tolererte.

Eg trur at det er viktig for skulen å fokusera på dette. Gi elevane ei meining om kva ein bør stole på og kva ein ikkje bør stole på. Ein bør forklare at det er ikkje alt som er i media som er truverdig, at ein må stilla seg kritisk. Samt meinar eg at eit godt utgangspunkt for å få det til å fungera er å ha god kontakt med heimane.

Ingen kommentarer: