torsdag 16. oktober 2008

Straff og lønning

Mi meining om straff og lønning er at eg er på ein måte i mot det og på ein måte for det.
Eg meinar at lønning er eit vidt begrep. I nokre tilfelle gir det stor motivasjon i å oppnå noko ved å få lønning i form av gjenstandar. Eg meinar at å bli lønna i form av gjenstandar skal ikkje verta til noko vane. Eg meinar at det kan føre til at då ventar ein lønning for alt ein gjere, og vil ha lønning for noko som skulle vorte sjølvsagt å gjere.
Men som sagt er lønning eit vidt begrep, og treng ikkje vera i form av gjenstandar. Eg er for lønning med ros, og at elevane sjølve skal forstå gleda i å oppnå noko. At til dømes lesing til ein prøve gir gode karakterar, det er ei lønn i seg sjølv meinar eg. Dette tykkjar eg at det er viktig at born forstår, ikkje berre i skule samanheng, men også ein viktig del av livet.
Eg har framleis ikkje klart å danna mitt eige pedagogiske grunnsyn, det vil nok ta si tid. Men akkurat dette punktet frå behaviorismen vil eg nok ta med meg vidare. Eg vil ta det med meg vidare for eg trur at dette kan vera med på å gi elevane motivasjon og ei god sjølvkjensle i å oppnå noko.

tirsdag 7. oktober 2008

"Den vellukka og den mislukka læraren"

Når me snakka om den vellukka og den mislukka læraren i dag, så inspirerte det meg til å fortelje om nokre lærarar eg har hatt opp gjennom åra.

Eg tenkjer på ein spesiell lærarar når det er snakk om den vellukka.
Han var utroleg vis, ikkje berre innan for sitt fag, men også innanfor så mykje anna. Han hadde brei erfaring, og hadde jobba fleire stader med same fag, men innanfor ulike felt. Undervisinga var utruleg lærerik og strukturert, alle hadde respekt for han. I tillegg til å vera dyktig, så brydde han seg veldig mykje om oss. Sjølv om eg berre hadde han i eit fag, så kjentes det som om han var kontaktlæraren vår . Han hadde alltid tid til oss. Dersom han hadde fri så kom han likevel på skulen for å hjelpe oss dersom me ønskte det. Han var utrulig engasjert og levde verkelig for faget sitt. I tillegg hadde han ein strålande personlegdom og humor. Han tok ikkje seg sjølv høgtidelig. Då klassen gjekk ut så var det fleire som hadde 5 og 6 som standpunktkarakter. No er han pensjonert, og det er svært synd for skulen. Dei har mista ein verkeleg dyktig lærar. Alle dei åra han har jobba med faget, så tykkjar han framleis at det er like kjekt. Det er beundringsverdig.

Når me kjem til feltet mislukka lærarar så har eg dessverre meir eksempel på det, då tenkjer eg særleg på tre lærarar. Alle var svært greie og gode kompisar, men kanskje litt for mykje. Den eine var ny utdanna, og me hadde lite respekt for han. Han kjefta aldri, me gjorde akkurat det me ville, og han spora lett av i timane. Nokre døme på det er at han for eksempel vart med på samtalane til gutane i klassen om dataspel ( når elevane eigentleg skulle gjera lekser), han vart kasta i bassenget i ei bade økt. Når det var noko me syntes var kjedelig og ikkje hadde lyst til, så masa me litt, så slapp me.
Den andre læraren hadde få år igjen i yrket sitt, og det lyste av han at han var lei. Kvar time gjekk i det same; transperangar med stikkord. På transperanga var det tal frå undersøkingar som var utført i for eksempel 1989. Han hadde altså brukt dei same oppgåvene og stikkorda kvart einaste år. Han gadd ikkje fornye noko. Skulle me ha prøve så var det berre til å spørje klassen over om me kunne få sjå på deira prøve frå i fjor. Fleire timar hadde me ikkje undervisning, då hadde me kjendis og nyheits quizar, der me vann sjokoladar. Me fekk gjere alt me sporte om. Begge desse personane var veldig kjekke som personar, men det eg lærte i desse faga var det eg leste meg til sjølv.
Den tredje var ein veldig godt likt lærar blant elevane. Han viste stor omsorg og glede, han var morosam og engasjert. Men som undervisar var han elendig. Han fokuserte meir på å verta likt enn at han faktisk skulle læra oss noko. Han var tysk lærar, men han snakka meir om landet enn om språket. Fortalte om kor mykje fint der var å sjå der, og om landets historie. Me koste oss med tysk sjokolade og gode forteljingar. Men då eksamen kom fekk mange litt panikk; me kunne alt om landet, men ikkje så særleg mykje om språket.


Det er godt å ha opplevd ulike lærarar, og stilane deira. Dette gir meg erfaringar til å finne min eigen stil. Eg har lært av dei. Eg har sett korleis eg definitivt ikkje skal vera, og eg har sett korleis eg har lyst å verte. Eg har lyst at andre skal sjå på meg slik eg ser på den vellukka læraren. Ein kan sjølvsagt ikkje kopiera andre sine stilar. Men ein kan lære av dei, og danne eigne meiningar og synspunkt. Viktigast av alt meinar eg er å væra seg sjølv. Ein merkar snart om nokon spelar, så er det også slitande for seg sjølv å vera nokon ein ikkje er.
Eg har lyst å bli ein vellukka lærar:-)

Korleis eg vil gjera klasserommet til ein god læringsarena:

3 forhold eg tykkjar er særs viktig i eit klasserom:
Det er særdeles mykje om spelar inn i eit klasserom for å få til ein god læringsarena. Å velje ut kunn tre forhold er vanskeleg, men her er nokre av dei eg tykkjar er viktige.

1) At elevane sine forventningar til læraren vert oppfylt:
Det er viktig at elevane kjenner at ein vert sett, at ein er kjente for læraren og klassen, at ein vert oppmuntra, at ein vert respektert, at ein kan stole på læraren. Elevane treng å vera sikker på seg sjølv, dei treng å få vita at dei meistrar noko. Læraren skal ikkje ha same stilling som elevane, dei skal vera venner, men likevel skal læraren først og fremst vera ledaren.

2) Reglar og grenser:
Eg tykkjar at det er viktig at det er reglar i eit klasserom. Alle skal respektera alle, og ein skal vita kvar grensene går. Ein skal inkludera kvarandre. Elevane må få vera med på å setje grenser og reglar. Eg meinar at dersom dei har vore med på å danne dei sjølve så tek dei reglane meir på alvor, og kjenner at dei eig reglane. Dei vil kjenne dei og hugse dei betre.

3) Konfliktløysing:

Ofte i skulesamanheng oppstår det små og store konfliktar. Ein må først prøve å la elevane løyse problemet på eigen måte, men om dette ikkje går, så grip inn. Som meklar er det då viktig å ikkje ta parti. Eg meinar at konfliktar bør gripast tak i, og løysast. Elevane skal ikkje gå å grue seg, vera nervøs eller sint. Det er viktig å snakke ut om problem

Konklusjon:
Eg meinar at dette er grunnleggjande for å få til ei god undervisning, eit godt læremiljø, og ikkje minst eit godt klassemiljø. Alle elevar skal føle seg trygge til å kunne utvikle seg sjølve.

torsdag 2. oktober 2008

Øving gjer meister

Denne veka kjem er til kort med blogginga, sidan eg ikkje var tilstedes i pedagogikk timen. Eg vil likevel prøve å skrive noko om kva eg tykkjar er viktig å ta omsyn til når ein skal planleggje ei undervisning.

Planlegging dreier seg om å omforme tida som er til rådigheit, og lærestoffet som skal læres, til elevaktivitetar. Planlegging reduserar usikkerheta i skulekvardagen. Det er mykje å tenkje over når ein planlegg ei undervisning.

Kva er hensikta, intensjonen med undersvisninga?
Undervisningas innhald
Metode og organisering
Læremidlar og medieval
Kva kan elevane frå før?
Kva er nytt for elevane?
Kva er elevane interesserte i?
Har elevane spesielle problem eller ressursar i forhold til undervisninga?
Korleis kan eg som lærar vekke merksemda deira, og gjera dette kjekt?

Eg tykkjar at det er viktig gi elevane knaggar å henge kunnskapen på, slik at dei lettare forbind det til noko, og hugsar det. For eksempel nytte nærmiljøet og aktivitetar. Eg meinar at elevane lærar av å praktisere. Elevane kan vera med på å utforme eigne læringsmål. Elevane må få ta del i undervisninga. Ein må føre dialogar og ha samarbeid. Alle individ er ulike, og ein må ha noko for kvar sin smak. Ein må kjenne elevane sine. Ein må prøve å tenkje som dei. Som lærar må ein gjera elevane nyfikne, og variera undervbisninga. Ein skal motivera, gi tilbakemeldingar, og gi elevane ei meining med å lære. Kvar elev skal få ros så ofte som mogleg, slik at dei har noko å vera stolt over, slik dei føler seg flinke. Arbeidsmåtar vil variera alt etter elevanes alder, trinn, fag, skoleslag, gruppestørrelse.

Korleis ein klare å halde merksemda til elevane gjennom ei heil økt, kan nok vera vanskeleg til tider. Men er trur at av erfaringar så lærar ein seg metodar og teknikkar. Som lærar må ein vera fleksibel, for det er store sjansar for at planane ein lagar ikkje vert gjennomført pga at noko anna dukkar opp.
Eg meinar at noko av det viktigast er å halde roen. Blir tida knapp kan ein ikkje gire opp og pøse ut informasjonen, bere for å ha gjennomgått stoffet. Det lærar elevane ikkje noko av.