tirsdag 7. oktober 2008

"Den vellukka og den mislukka læraren"

Når me snakka om den vellukka og den mislukka læraren i dag, så inspirerte det meg til å fortelje om nokre lærarar eg har hatt opp gjennom åra.

Eg tenkjer på ein spesiell lærarar når det er snakk om den vellukka.
Han var utroleg vis, ikkje berre innan for sitt fag, men også innanfor så mykje anna. Han hadde brei erfaring, og hadde jobba fleire stader med same fag, men innanfor ulike felt. Undervisinga var utruleg lærerik og strukturert, alle hadde respekt for han. I tillegg til å vera dyktig, så brydde han seg veldig mykje om oss. Sjølv om eg berre hadde han i eit fag, så kjentes det som om han var kontaktlæraren vår . Han hadde alltid tid til oss. Dersom han hadde fri så kom han likevel på skulen for å hjelpe oss dersom me ønskte det. Han var utrulig engasjert og levde verkelig for faget sitt. I tillegg hadde han ein strålande personlegdom og humor. Han tok ikkje seg sjølv høgtidelig. Då klassen gjekk ut så var det fleire som hadde 5 og 6 som standpunktkarakter. No er han pensjonert, og det er svært synd for skulen. Dei har mista ein verkeleg dyktig lærar. Alle dei åra han har jobba med faget, så tykkjar han framleis at det er like kjekt. Det er beundringsverdig.

Når me kjem til feltet mislukka lærarar så har eg dessverre meir eksempel på det, då tenkjer eg særleg på tre lærarar. Alle var svært greie og gode kompisar, men kanskje litt for mykje. Den eine var ny utdanna, og me hadde lite respekt for han. Han kjefta aldri, me gjorde akkurat det me ville, og han spora lett av i timane. Nokre døme på det er at han for eksempel vart med på samtalane til gutane i klassen om dataspel ( når elevane eigentleg skulle gjera lekser), han vart kasta i bassenget i ei bade økt. Når det var noko me syntes var kjedelig og ikkje hadde lyst til, så masa me litt, så slapp me.
Den andre læraren hadde få år igjen i yrket sitt, og det lyste av han at han var lei. Kvar time gjekk i det same; transperangar med stikkord. På transperanga var det tal frå undersøkingar som var utført i for eksempel 1989. Han hadde altså brukt dei same oppgåvene og stikkorda kvart einaste år. Han gadd ikkje fornye noko. Skulle me ha prøve så var det berre til å spørje klassen over om me kunne få sjå på deira prøve frå i fjor. Fleire timar hadde me ikkje undervisning, då hadde me kjendis og nyheits quizar, der me vann sjokoladar. Me fekk gjere alt me sporte om. Begge desse personane var veldig kjekke som personar, men det eg lærte i desse faga var det eg leste meg til sjølv.
Den tredje var ein veldig godt likt lærar blant elevane. Han viste stor omsorg og glede, han var morosam og engasjert. Men som undervisar var han elendig. Han fokuserte meir på å verta likt enn at han faktisk skulle læra oss noko. Han var tysk lærar, men han snakka meir om landet enn om språket. Fortalte om kor mykje fint der var å sjå der, og om landets historie. Me koste oss med tysk sjokolade og gode forteljingar. Men då eksamen kom fekk mange litt panikk; me kunne alt om landet, men ikkje så særleg mykje om språket.


Det er godt å ha opplevd ulike lærarar, og stilane deira. Dette gir meg erfaringar til å finne min eigen stil. Eg har lært av dei. Eg har sett korleis eg definitivt ikkje skal vera, og eg har sett korleis eg har lyst å verte. Eg har lyst at andre skal sjå på meg slik eg ser på den vellukka læraren. Ein kan sjølvsagt ikkje kopiera andre sine stilar. Men ein kan lære av dei, og danne eigne meiningar og synspunkt. Viktigast av alt meinar eg er å væra seg sjølv. Ein merkar snart om nokon spelar, så er det også slitande for seg sjølv å vera nokon ein ikkje er.
Eg har lyst å bli ein vellukka lærar:-)

4 kommentarer:

Nina Irmelin sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Nina Irmelin sa...

Hei Tina. Veldig kjekt å lese bloggen din ;)Alle kjenner seg vel igjen mer eller mindre i det du skriver om lærerne. Jeg tror nok at alle begynner med positiv innstilling når de begynner som lærer. De vil gjerne fikse opp og gjøre ting bedre enn det de selv har erfart. mitt spørsmål er: hvilke faktorer kan spille en rolle, for at læreren ikke utrette det han/hun har lært og tror på? Mitt spørsmål er ganske vidt og med synsing, med dette er noe jeg har tenkt mye på og er litt "redd" skal skje meg. Jeg og vil bli en vellykka lærer.

Tina Totland sa...

Hei Nina:-)
Tusen takk for kommentaren.
Det du spør om er vanskleg å svare på. Eg anar eigentleg ikkje korleis det blir som det blir. Det handlar kanskje om at dei har så høge forventningar, og desse vert øydelagd, eller at yrke rett og slett ikkje passar for dei. Det er stor skilnad fra å sitje på skulebenken til å undervise, ikkje alt er like lett å praktisera. Det er eit bra spørsmål du har stilt. Eg trur det er viktig å tenkje på dette:-) Eg og er redd dette skal skje meg:-P

Steinar sa...

Tina, det er braat du har eit så reflektert forhold til desse lærarane- du viser tydeleg at du har lært noko om det å vere lærar av dei:-)