torsdag 16. oktober 2008

Straff og lønning

Mi meining om straff og lønning er at eg er på ein måte i mot det og på ein måte for det.
Eg meinar at lønning er eit vidt begrep. I nokre tilfelle gir det stor motivasjon i å oppnå noko ved å få lønning i form av gjenstandar. Eg meinar at å bli lønna i form av gjenstandar skal ikkje verta til noko vane. Eg meinar at det kan føre til at då ventar ein lønning for alt ein gjere, og vil ha lønning for noko som skulle vorte sjølvsagt å gjere.
Men som sagt er lønning eit vidt begrep, og treng ikkje vera i form av gjenstandar. Eg er for lønning med ros, og at elevane sjølve skal forstå gleda i å oppnå noko. At til dømes lesing til ein prøve gir gode karakterar, det er ei lønn i seg sjølv meinar eg. Dette tykkjar eg at det er viktig at born forstår, ikkje berre i skule samanheng, men også ein viktig del av livet.
Eg har framleis ikkje klart å danna mitt eige pedagogiske grunnsyn, det vil nok ta si tid. Men akkurat dette punktet frå behaviorismen vil eg nok ta med meg vidare. Eg vil ta det med meg vidare for eg trur at dette kan vera med på å gi elevane motivasjon og ei god sjølvkjensle i å oppnå noko.

3 kommentarer:

Hauge sa...

Hei Tina: som vanleg viser du eit svært reflektert syn på det me har som pensum denne veka. Eg deler ein del av dei same tankane! Har du eigne erfaringar eller dømer som viser at straff og lønning har fungert, eller ikkje har fungert?

Tina Totland sa...

Hei Heidi:-)
Eg har ein del erfaringar av at dette har fungert i det private, ved oppdraging. Eg har sett nytta av time out og lønning, det fungerar kjempe bra. Eg trur nok at det er vanskeleg å praktisere dette i ein klasse, men å gi ros er ikkje ei vanskleg sak. Eg tykkjar at alle elevar fortjenar å bli rosa. Dei må få motivasjon, å sjå lønna i det å lære. straff kan til dømes vera å bli sett på eit rom aleina, eller å måtte gå sist heim feks.
Takk for ein fin kommentar:-)

Steinar sa...

Ja, straff og lønning er to sentrale sider i behaviorismen, og det er bra at viser at du har eit reflektert forhold til desse omgrepa!