torsdag 6. november 2008

Hukommelsen

Denne veka har eg valt å skrive om hukommelse. Dette er noko som verkeleg fekk meg til å tenkje. Menneskets hukommelse er utruleg fasinerande. Tanken på hjernen som eit så komplisert maskineri er utanfor mi forståing. Me har kortidsminne og langtidsminne. Den kan innkode, lagre og gjenhente informasjon. Den kan slette det vi ikkje har brukt for, eller vonde minner vi vil fortrenge.

Eg trur mange kan kjenne seg igjen ved at det av og til kjennes ut som at hjernen er full. Den har rett og slett vorte overbelasta. Eg tykkjar at det er viktig å finne sin eigen læringsstrategi. Det er mykje stoff som skal inn i løpet av skulegangen, og mykje me kjem til å gløyme. Eg kan kjenne meg igjen ved å og torturere meg sjølv gjennom mykje stoff, berre for å lette på samvitet, utan å hugse særleg mykje. Eg trur at det vert mykje lettare å lære dersom ein har ein god læringsstrategi, og dersom ein tek seg tid til la informasjonen søkkja inn i hukommelsen og lagre seg.
Som i kognitivismen så er gløymsle også min verste fiende. Eg er opptatt av å finne min strategi, men det er ikkje enkelt. Eigentlig har eg pugga mykje tidlegare, det er tungt. Men då me laga historiar og såg for oss stadar, så var det kjempe enkelt å hugse dei 14 største landområda i verda. Eg meinar at det er enklare å hugse stoffet dersom ein knytte det til noko ein kan frå før, bearbeidar, og repiterar.


Eg har lust å fortelje noko som eg opplever ofte.
Eg jobbar i ein skobutikk. Eg har mange kundar som ikkje klarar å bestemme seg for kva dei vil ha. Dei prøver kanskje alt i heile butikken, så går dei heim for å tenkje på det. Neste dag kjem dei kanskje igjen for dei har angra seg i at dei ikkje kjøpte dei. Men når dei ser dei denne gangen, så ser dei ikkje ut slik som dei hugsar. Dette tykkjar eg at er eit godt døme på korleis kortidsminne fungerar, og at hukommelsen aleine kan endre eit bilete.

Å vera bevisst om si eiga læring, er ikkje like enkelt for alle.
Det er viktig for oss som lærarar å vite om dei ulike teknikkane slik at vi kan hjelpe elevar i å finne deira læringsteknikk.

5 kommentarer:

Marianne sa...

Heisann! Er heilt enig om at læringsteknikkar er viktige for å få ein effektiv læring. som du seier,er det viktig å ha kjennskap til ulike læringsteknikkar, for å kunne lære dei bort til framtidige elevar. Er det alle teknikkane som egner seg til all type læring?

Steinar sa...

Skoeksemplet er eit godt eksempel på korleis hjernen kan "lure" oss, me kan som du skriv, aldri vere sikker på minnene våre!

Elles så skriv du at gløyming er hukommelsen si verste fiende, men gløyming kan vel også faktisk vere ein god ven i visse situasjonar? Eller?

Tina Totland sa...

Hei Steinar:-)
Det har du heilt rett i. Eg tenkte meg ikkje heilt om der. Hadde me skulle hugse på absolutt alt, så trur eg det hadde vore ganske slitande. Det er ikkje all informasjon som er like viktig, og det er mykje ein berre treng å hugse i ein liten periode. I tilegg som eg har skreve kan det vera godt å fortrenge vonde minner...

Tina Totland sa...

Heisann Marianne:-)
Tusen takk for ein fin kommentar:-)
Det er nok ikkje alle teknikkar som egnar seg til all type læriing. Dette kjem nok ann på person og læringsstoff:-)

Steinar sa...

Støttar det du skriv der!