onsdag 26. november 2008

” La de 100 MI skoler blomstre”
Gardner

Howard Gardner ( 1943 - ) er ein kjent mann innan forskinga på menneske sine intelligensar. Han har jobba som Harvard professor i pedagogikk og neurologi, noko som har påverka han til å skapa ein annleis teori.
I meir enn 25 år har Gardner forska på menneskets eigenskapar. På 80 – talet lanserte han teorien om multi – intelligensar (MI). Her hevdar han at alle er fødde med dei ulike typane intelligens, men at me utviklar dei og nyttar dei i ulik grad gjennom livet. Korleis ein vert utprøvd, er med på utviklinga av intelligensen. Ein treng høg intelligens for å klare å løyse komplekse problem, men ein treng ikkje nødvendigvis høg intelligens for å klare seg i kvardagen. Dette er eg i grunn heilt samd i. Det er mange døme på at menneske med sterke impulsar klarar seg bra. Ofte dei som sitt bakarst i klasse romme, dei som er litt tause, kanskje dei som har lese og skrive vanskar. Det er ofte dei som kjem lengst her i livet. Det er ofte slik at dei som er flinke teoretisk ikkje klarar å gjennomføre det i praksis. Medan dei andre har meir pågangsmot, og er ikkje redd for å feila.

Gardner vil vekk frå dei tradisjonelle testane og ” Gauss – kurva”. Han tek utgangspunkt i kva elevane kan, og kva dei kan læra. Ikkje kva dei ikkje kan, og kva dei ikkje kan læra.
Gjennom arbeidet sitt har han funne ut at menneske har minst 10 ulike intelligensar:

1) Verbal – lingvistisk intelligens, som handlar om å vera flink språkleg.
2) Logisk – Matematisk intelligens, som handlar om å vera velutvikla innanfor matematikk og naturvitenskap, evna til å tenkje logisk, analysera og løysa problem.
3) Musiklask – intelligens, er typisk for komponistar og musikarar. Det er evna til å uttrykkje seg gjennom instrument, og rytmikk.
4) Spatial – intelligens, er typisk for arkitektar, kunstnarar osv. Det handlar om å ha evna til å sjå romlege relasjonar.
5) Kroppsleg eller kinestetisk intelligens handlar om finnmotorikk, kontrollere kroppsrørsler, nytte kroppen til å skape produkt osv.
6) Interpersonleg intelligens (sosial-), er evna til å oppfatte og reagera adekvat på andre menneske sine stemninigar, ynskje, kjensler og behov.
7) Intrapersonleg intelligens ( intuitiv -) handlar om evna til sjølvinnsikt.
8? Natur intelligens, handlar om evna til innsikt og kunnskap om den levande naturen.
Men denne teorien er ikkje fullt godtatt som ein intelligens enda.

Gardner er fortsett på jakt etter talent som kan definerast som intelligens. Han er på jakt etter det ekta. Han meinar at alle elevar passar inn under hans teori, ikkje avgrensa typar elevar. Flest mogleg av born sine evner må stimulerast. Han har kritisert skulen for at undervisinga må sikta mot ekte forståing. Han har også sjølv vorte kritisert ved at teorien hans har vorte nytta til å forsvara ulike måtar for å tilpassa undervisninga til alle elevar, t.d bruken av læringsstilar.

Eg kan sei meg samd i at dei fleste vil kjenne seg at ein stad i Gardners intelligensar, kanskje fleire stadar. Det som er viktigast for meg er at elevane skal utviklast til deira fullaste potensiale. Eg syns det er viktig at elevar her eigne talent dei kan vera stolt over, og som dei kan få utvikle seg i. Det skal ikkje berre fokuserast på det, ein treng breiare felt kunnskap. Men eg meinar at elevar treng å få vise sitt talent, kjenne meistring og stoltheit.
Eg kjenner ein som har lese og skrive vanskar. Denne eleven hatar alt som har med skule å gjere. Men eleven er utruleg flink i handarbeid og alt som har med sjø å gjere. Foreldra står hardt på for at han skal få ein kjekk skulegang, der ikkje alt er tungvindt for han. Difor har dei fleire gongar invitert klassen med på turar til sjøen og skogen, der han kan visa fram sitt talent saman med dei andre. Noko som gir han kjensla av å meistra noko som kanskje ikkje dei andre kan. Dette er viktig for å verta motivert.

tirsdag 18. november 2008

Alle kan utvikle seg

Det sosiokulturelle perspektivet baserar seg på det sosiale og kulturelle i samfunnet.
Alt skjer i ein samanheng. Me lærar gjennom venner, familie, media, språk, hjelpemiddler, og historie. Me byggjer på det menneske før oss har funne ut. Altså det sosiokulturelle perspektivet meinar at me lærar gjennom kultur, elevane både gror og dyrkast inn i ein kultur.
Det meines at all individuell utvikling og tenking har utgangspunkt i sosial aktivitet.

Vygotskij (1896 – 1934) er ein sentral person i det sosiokulturelle grunnsynet. Han byggjar på eit marxistisk grunnlag. Noko som kan ha tilknyting til hans bakgrunn, då han levde i ei tid med samfunnsutvikling og klassekamp.
Han meinte at borns kulturelle utvikling forgjekk på to plan; først på det sosiale planet, deretter på det psykologiske. Det går altså frå at borne gjere ting saman med andre, til å gjera ting aleine. Dette har han forklart i den proksimale utviklingssona. Den baserar seg på at ein står aleine, og rundt ein står personar eller hjelpemiddel som er flinkare enn ein sjølve. Ein skal lære frå desse faktorane rundt ein, og utvikle seg i lag gjennom samspel. Denne sona er dynamisk, og endrar seg heile vegen.
Ein legg stor vekt på hjelpemiddel. Reiskapane står mellom oss og verda, dei er mellomliggjande, formidlande, eller medierande.

Eg er i grunn heilt einige med det sosiokulturelle synet. Ein lærar ved å samarbeide heile tida. For å kunne finne på noko, laga eigne tankar så må det vera ein bakgrunn for det. Ein blir alltid påverka av det ein har rundt seg. Eg meinar at ein samarbeidar nesten heile tida. Dersom ein les ei bok så samarbeidar ein med forfattaren. Hadde ein ikkje hatt boka som er eit verktøy, så hadde ein ikkje på eigenhand kome på for eksempel korleis dette pedagogiske grunnsynet er. Å kunne nytte reiskapar og samarbeide saman med andre, gir ein heile tida sjanse til å utvikle seg. Vygotskij meinar at alle kan utvikle seg, og er heilt einig.

Det sosiokulturelle synet er for tida veldig populært. Eg trur at dette har med å gjera at det fokuserar sterkt på språk, tenking og problemløysing. Ein må delta i det kulturelle liv. Det er viktig at ikkje skulens undervising skjer innanfor eit lukka, teoretisk verd, men at den har eit ope syn for korleis skulen plasserar seg i forhold til elevanes liv og kulturar utanfor skulen.
Det er heilt klart at å samarbeide er ein effektiv læringsmetode.
Dersom ein samarbeidar med andre menneske, så kan ein etterpå kanskje klare å utføre det ein har lært på eigenhand:-)

torsdag 13. november 2008

Konstruktivismen

Det konstruktivistiske utgangspunktet baserar seg på at ein avvise at kunnskap er objektive sanningar som kan overførast mellom menneske. Kunnskap er i stede noko me menneske må konstruera sjølve gjennom aktivitet. Piaget har hatt enorm innflytelse her. Han var svært opptatt av korleis born lærar. Han var ikkje opptatt resultata, men kvifor born gjere feil. Han har ført mykje eksperiment på dette, basert på samtale, dialog, prøving, feiling og forsking. Det var han som kom med teorien om det mentale skjemaet. Det mentale skjemaet er eit aktiv handlingsmønster som utviklast frå fødsel av og vidare gjennom livet. Dette er noko som endrar seg i hjernen, indre representasjonar av ulike erfaringar. Altså det mentale skjemaet er noko som endrar seg, og utvidar seg meir etter fleire erfaringar ein får. Til dømes dersom ein seier ordet bil. Da kan eg mykje om det, utan at eg treng å sjå det. eg har eit bilete inni hovudet mitt om denne gjenstanden.

BIL:
Bagasjerom, vindauge, setetrekk, sete, matter, ratt,
knottar, dørar, motor, hjul, drivstoff, spylarvæske,
kjølevæske, pedalar, ulike fargar og størrelsar,
musikk, vindaugsviskerar, osv.....

Eg kunne skreve mykje meir, for skjemaet mitt innanfor bil er veldig vidt. Bil er noko eg har kjent til i mange år. medan skjemaet mitt om til dømes Colombia er litt smalare, fordi det er ikkje fullt så kjent for meg.

Læringsprosessane i følgje konstruktivismen dreiar seg om to delprosessar: assimilasjon og akkommodasjon. Assimilasjon er den prosessen som kjem først. Det vil seie å tilpasse verda til seg sjølve. Altså ein tilpasse den nye kunnskapen ein får med noko ein kjenne til frå før, ein knytte det til tidlegare erfaringar. Seinare kjem akkommodasjonsprosessen som handlar om å tilpassa seg sjølv til verda. Det vil seie at ein ser fleire samanhangar mellom ting, og får ei djupare forståing for læringa. Det er dette som er den verkelege læringa.

Eg har eit døme på det: då eg var lita var me tre born som var mykje saman. Det var syskenborne mitt og naboguten. Syskenborne mitt kalla jo far min sjølvsagt for onkel. Det gjorde også naboguten. Heilt til han byrja på skulen så trudde han at pappa heite onkel. Når han byrja på skulen fann han ut kva onkel eigentleg tyder, og at pappa ikkje heite onkel, men at han verkeleg hadde eit anna namn.
Då tenkje eg at han assimilerte ved at syskenborne mitt kalla han onkel, det vart då eit kjent ord for han, og difor kalla han pappa onkel, og trudde han heite det på ordentleg. Han knytte pappa og namnet onkel saman av tidlegare erfaringar. Seinare fekk han ei djupare forståing for ordet onkel, og oppdaga då at pappa hadde eit anna namn. Han akkommoderte. I tillegg endra og utvida det mentale skjemaet hans rundt ordet onkel.

torsdag 6. november 2008

Hukommelsen

Denne veka har eg valt å skrive om hukommelse. Dette er noko som verkeleg fekk meg til å tenkje. Menneskets hukommelse er utruleg fasinerande. Tanken på hjernen som eit så komplisert maskineri er utanfor mi forståing. Me har kortidsminne og langtidsminne. Den kan innkode, lagre og gjenhente informasjon. Den kan slette det vi ikkje har brukt for, eller vonde minner vi vil fortrenge.

Eg trur mange kan kjenne seg igjen ved at det av og til kjennes ut som at hjernen er full. Den har rett og slett vorte overbelasta. Eg tykkjar at det er viktig å finne sin eigen læringsstrategi. Det er mykje stoff som skal inn i løpet av skulegangen, og mykje me kjem til å gløyme. Eg kan kjenne meg igjen ved å og torturere meg sjølv gjennom mykje stoff, berre for å lette på samvitet, utan å hugse særleg mykje. Eg trur at det vert mykje lettare å lære dersom ein har ein god læringsstrategi, og dersom ein tek seg tid til la informasjonen søkkja inn i hukommelsen og lagre seg.
Som i kognitivismen så er gløymsle også min verste fiende. Eg er opptatt av å finne min strategi, men det er ikkje enkelt. Eigentlig har eg pugga mykje tidlegare, det er tungt. Men då me laga historiar og såg for oss stadar, så var det kjempe enkelt å hugse dei 14 største landområda i verda. Eg meinar at det er enklare å hugse stoffet dersom ein knytte det til noko ein kan frå før, bearbeidar, og repiterar.


Eg har lust å fortelje noko som eg opplever ofte.
Eg jobbar i ein skobutikk. Eg har mange kundar som ikkje klarar å bestemme seg for kva dei vil ha. Dei prøver kanskje alt i heile butikken, så går dei heim for å tenkje på det. Neste dag kjem dei kanskje igjen for dei har angra seg i at dei ikkje kjøpte dei. Men når dei ser dei denne gangen, så ser dei ikkje ut slik som dei hugsar. Dette tykkjar eg at er eit godt døme på korleis kortidsminne fungerar, og at hukommelsen aleine kan endre eit bilete.

Å vera bevisst om si eiga læring, er ikkje like enkelt for alle.
Det er viktig for oss som lærarar å vite om dei ulike teknikkane slik at vi kan hjelpe elevar i å finne deira læringsteknikk.