onsdag 26. november 2008

” La de 100 MI skoler blomstre”
Gardner

Howard Gardner ( 1943 - ) er ein kjent mann innan forskinga på menneske sine intelligensar. Han har jobba som Harvard professor i pedagogikk og neurologi, noko som har påverka han til å skapa ein annleis teori.
I meir enn 25 år har Gardner forska på menneskets eigenskapar. På 80 – talet lanserte han teorien om multi – intelligensar (MI). Her hevdar han at alle er fødde med dei ulike typane intelligens, men at me utviklar dei og nyttar dei i ulik grad gjennom livet. Korleis ein vert utprøvd, er med på utviklinga av intelligensen. Ein treng høg intelligens for å klare å løyse komplekse problem, men ein treng ikkje nødvendigvis høg intelligens for å klare seg i kvardagen. Dette er eg i grunn heilt samd i. Det er mange døme på at menneske med sterke impulsar klarar seg bra. Ofte dei som sitt bakarst i klasse romme, dei som er litt tause, kanskje dei som har lese og skrive vanskar. Det er ofte dei som kjem lengst her i livet. Det er ofte slik at dei som er flinke teoretisk ikkje klarar å gjennomføre det i praksis. Medan dei andre har meir pågangsmot, og er ikkje redd for å feila.

Gardner vil vekk frå dei tradisjonelle testane og ” Gauss – kurva”. Han tek utgangspunkt i kva elevane kan, og kva dei kan læra. Ikkje kva dei ikkje kan, og kva dei ikkje kan læra.
Gjennom arbeidet sitt har han funne ut at menneske har minst 10 ulike intelligensar:

1) Verbal – lingvistisk intelligens, som handlar om å vera flink språkleg.
2) Logisk – Matematisk intelligens, som handlar om å vera velutvikla innanfor matematikk og naturvitenskap, evna til å tenkje logisk, analysera og løysa problem.
3) Musiklask – intelligens, er typisk for komponistar og musikarar. Det er evna til å uttrykkje seg gjennom instrument, og rytmikk.
4) Spatial – intelligens, er typisk for arkitektar, kunstnarar osv. Det handlar om å ha evna til å sjå romlege relasjonar.
5) Kroppsleg eller kinestetisk intelligens handlar om finnmotorikk, kontrollere kroppsrørsler, nytte kroppen til å skape produkt osv.
6) Interpersonleg intelligens (sosial-), er evna til å oppfatte og reagera adekvat på andre menneske sine stemninigar, ynskje, kjensler og behov.
7) Intrapersonleg intelligens ( intuitiv -) handlar om evna til sjølvinnsikt.
8? Natur intelligens, handlar om evna til innsikt og kunnskap om den levande naturen.
Men denne teorien er ikkje fullt godtatt som ein intelligens enda.

Gardner er fortsett på jakt etter talent som kan definerast som intelligens. Han er på jakt etter det ekta. Han meinar at alle elevar passar inn under hans teori, ikkje avgrensa typar elevar. Flest mogleg av born sine evner må stimulerast. Han har kritisert skulen for at undervisinga må sikta mot ekte forståing. Han har også sjølv vorte kritisert ved at teorien hans har vorte nytta til å forsvara ulike måtar for å tilpassa undervisninga til alle elevar, t.d bruken av læringsstilar.

Eg kan sei meg samd i at dei fleste vil kjenne seg at ein stad i Gardners intelligensar, kanskje fleire stadar. Det som er viktigast for meg er at elevane skal utviklast til deira fullaste potensiale. Eg syns det er viktig at elevar her eigne talent dei kan vera stolt over, og som dei kan få utvikle seg i. Det skal ikkje berre fokuserast på det, ein treng breiare felt kunnskap. Men eg meinar at elevar treng å få vise sitt talent, kjenne meistring og stoltheit.
Eg kjenner ein som har lese og skrive vanskar. Denne eleven hatar alt som har med skule å gjere. Men eleven er utruleg flink i handarbeid og alt som har med sjø å gjere. Foreldra står hardt på for at han skal få ein kjekk skulegang, der ikkje alt er tungvindt for han. Difor har dei fleire gongar invitert klassen med på turar til sjøen og skogen, der han kan visa fram sitt talent saman med dei andre. Noko som gir han kjensla av å meistra noko som kanskje ikkje dei andre kan. Dette er viktig for å verta motivert.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Tina!
Det var en bra oppsummering om Gardner, og hans intelligensteori. Du nevner Gardners syn på tester, og at han var kritisk til bruk av kartleggingstester på elever. Kan du tenke deg hvorfor han var kritisk til disse? Og et vanskelig spørsmål, hvordan kan vi vurdere en elevs lærevansker om en ikke bruker slike tester?

Tina Totland sa...

Hei Kristin:-)
Tusen takk for ein kjempe fin kommentar!
Eg trur at Gardner var kritisk til kartleggingstestar av elevar på grunn av at det kan skape feil bilete av eleven.
Godt spørsmål.Eg meinar sjølve at det bør vera ein kombinasjon av elevsamtalar og testar. Det vil nok vera vansklegare å vurdera eleven dersom ein ikkje har testar. Eg trur at det kan komme meir fram om eleven gjennom dialog. Vanskleg å seie kva ein kan gjera utan testane....

Steinar sa...

Hei! Her peikar du på eit interessant fenomen, nemleg at personar med låg "skuleintelligens" klarar seg svært så godt i yrkeslivet og livet elles. Kva grunnar trur du det kan ha?

Tina Totland sa...

Hei Steinar:-)
Takk for kommentaren.
Når eg skreiv dette tenkte eg mest på feks dei som har lese og skrivevansker, og liknande. Eg seier ikkje at det alltid er slik. Men eg har fått inntrykk av at det ofte er slik at dei som har det lærar betre gjennom å gjera. Dei tenkjer ofte meir praktisk, og lærar av å praktisera, og hugsar då lettare. Dei finn ofte praktikske og logiske løysningar, medan det teoretiske stokkar seg for dei. Dei har ofte problem med å uttrykkje og fomulera seg riktig eller å forstå spørsmål/stoff som vert lese.
Det er då dei må sjansen til å læra på sin måte. Dei må jobbe hardare enn oss andre.
Når eg ser på folk eg kjenner, som har lærevanskar eller lite utdanning i eit bra yrke. Tenkjer eg litt at det handlar om å vera på rett stad til rett tid. Likevell tenkjer eg og at dersom ein er til dømes bilmakanikar, då treng ein ikkje å vera like god i stil skriving som forfattera. Eg trur også at det handlar om å ha ståpå vilje, og mot. Ein må få vist korleis ein er som person, og kor dyktig ein er. Dei må kanskje ofte ta den tunge vegen. Dei kjem ikkje med glans inn på til dømes ingenør, men må jobba seg opp over i systemet.