torsdag 13. november 2008

Konstruktivismen

Det konstruktivistiske utgangspunktet baserar seg på at ein avvise at kunnskap er objektive sanningar som kan overførast mellom menneske. Kunnskap er i stede noko me menneske må konstruera sjølve gjennom aktivitet. Piaget har hatt enorm innflytelse her. Han var svært opptatt av korleis born lærar. Han var ikkje opptatt resultata, men kvifor born gjere feil. Han har ført mykje eksperiment på dette, basert på samtale, dialog, prøving, feiling og forsking. Det var han som kom med teorien om det mentale skjemaet. Det mentale skjemaet er eit aktiv handlingsmønster som utviklast frå fødsel av og vidare gjennom livet. Dette er noko som endrar seg i hjernen, indre representasjonar av ulike erfaringar. Altså det mentale skjemaet er noko som endrar seg, og utvidar seg meir etter fleire erfaringar ein får. Til dømes dersom ein seier ordet bil. Da kan eg mykje om det, utan at eg treng å sjå det. eg har eit bilete inni hovudet mitt om denne gjenstanden.

BIL:
Bagasjerom, vindauge, setetrekk, sete, matter, ratt,
knottar, dørar, motor, hjul, drivstoff, spylarvæske,
kjølevæske, pedalar, ulike fargar og størrelsar,
musikk, vindaugsviskerar, osv.....

Eg kunne skreve mykje meir, for skjemaet mitt innanfor bil er veldig vidt. Bil er noko eg har kjent til i mange år. medan skjemaet mitt om til dømes Colombia er litt smalare, fordi det er ikkje fullt så kjent for meg.

Læringsprosessane i følgje konstruktivismen dreiar seg om to delprosessar: assimilasjon og akkommodasjon. Assimilasjon er den prosessen som kjem først. Det vil seie å tilpasse verda til seg sjølve. Altså ein tilpasse den nye kunnskapen ein får med noko ein kjenne til frå før, ein knytte det til tidlegare erfaringar. Seinare kjem akkommodasjonsprosessen som handlar om å tilpassa seg sjølv til verda. Det vil seie at ein ser fleire samanhangar mellom ting, og får ei djupare forståing for læringa. Det er dette som er den verkelege læringa.

Eg har eit døme på det: då eg var lita var me tre born som var mykje saman. Det var syskenborne mitt og naboguten. Syskenborne mitt kalla jo far min sjølvsagt for onkel. Det gjorde også naboguten. Heilt til han byrja på skulen så trudde han at pappa heite onkel. Når han byrja på skulen fann han ut kva onkel eigentleg tyder, og at pappa ikkje heite onkel, men at han verkeleg hadde eit anna namn.
Då tenkje eg at han assimilerte ved at syskenborne mitt kalla han onkel, det vart då eit kjent ord for han, og difor kalla han pappa onkel, og trudde han heite det på ordentleg. Han knytte pappa og namnet onkel saman av tidlegare erfaringar. Seinare fekk han ei djupare forståing for ordet onkel, og oppdaga då at pappa hadde eit anna namn. Han akkommoderte. I tillegg endra og utvida det mentale skjemaet hans rundt ordet onkel.

4 kommentarer:

Steinar sa...

Det er så mykje lettare for meg å gjere meg opp ei meining om de har forstått når de også konkretiserer for meg:-)
Slik som du gjorde her!

Naboguten sitt skjema for slektskap blei tydeleg akkomodert og utvida.

Kva slags praktiske konsekvensar ser du for deg i din lærarkvardag som følgje av konstruktivistiske idear?

Tina Totland sa...

Hei Steinar:-)
Takk for ein fin kommentar.
Hvis eg har forstått spørsmålet ditt rett, så tenkjer eg at i min lærarkvardag vil eg kanskje møte elevar med misoppfatningar, som til dømes nabogutten, som eg kanskje må vera med på å rette opp. Eller så kan det hende at eg møtar elevar som har akkomondert med feil informasjon.

Marie sa...

Du forklarar på ein veldig fin måte som er lett å forstå=) Du brukar eigne ord,og det er flott at du har med eksempel som viser at du klarar å setja teorien inn i fleire samanhengar.

Veldi bra Tina:-)

Tina Totland sa...

Hei Marie:-)
Tusen takk for ein fin kommentar:-)