tirsdag 18. november 2008

Alle kan utvikle seg

Det sosiokulturelle perspektivet baserar seg på det sosiale og kulturelle i samfunnet.
Alt skjer i ein samanheng. Me lærar gjennom venner, familie, media, språk, hjelpemiddler, og historie. Me byggjer på det menneske før oss har funne ut. Altså det sosiokulturelle perspektivet meinar at me lærar gjennom kultur, elevane både gror og dyrkast inn i ein kultur.
Det meines at all individuell utvikling og tenking har utgangspunkt i sosial aktivitet.

Vygotskij (1896 – 1934) er ein sentral person i det sosiokulturelle grunnsynet. Han byggjar på eit marxistisk grunnlag. Noko som kan ha tilknyting til hans bakgrunn, då han levde i ei tid med samfunnsutvikling og klassekamp.
Han meinte at borns kulturelle utvikling forgjekk på to plan; først på det sosiale planet, deretter på det psykologiske. Det går altså frå at borne gjere ting saman med andre, til å gjera ting aleine. Dette har han forklart i den proksimale utviklingssona. Den baserar seg på at ein står aleine, og rundt ein står personar eller hjelpemiddel som er flinkare enn ein sjølve. Ein skal lære frå desse faktorane rundt ein, og utvikle seg i lag gjennom samspel. Denne sona er dynamisk, og endrar seg heile vegen.
Ein legg stor vekt på hjelpemiddel. Reiskapane står mellom oss og verda, dei er mellomliggjande, formidlande, eller medierande.

Eg er i grunn heilt einige med det sosiokulturelle synet. Ein lærar ved å samarbeide heile tida. For å kunne finne på noko, laga eigne tankar så må det vera ein bakgrunn for det. Ein blir alltid påverka av det ein har rundt seg. Eg meinar at ein samarbeidar nesten heile tida. Dersom ein les ei bok så samarbeidar ein med forfattaren. Hadde ein ikkje hatt boka som er eit verktøy, så hadde ein ikkje på eigenhand kome på for eksempel korleis dette pedagogiske grunnsynet er. Å kunne nytte reiskapar og samarbeide saman med andre, gir ein heile tida sjanse til å utvikle seg. Vygotskij meinar at alle kan utvikle seg, og er heilt einig.

Det sosiokulturelle synet er for tida veldig populært. Eg trur at dette har med å gjera at det fokuserar sterkt på språk, tenking og problemløysing. Ein må delta i det kulturelle liv. Det er viktig at ikkje skulens undervising skjer innanfor eit lukka, teoretisk verd, men at den har eit ope syn for korleis skulen plasserar seg i forhold til elevanes liv og kulturar utanfor skulen.
Det er heilt klart at å samarbeide er ein effektiv læringsmetode.
Dersom ein samarbeidar med andre menneske, så kan ein etterpå kanskje klare å utføre det ein har lært på eigenhand:-)

5 kommentarer:

Hauge sa...

flott skreve Tina! Først teori og så kva du meinar om det! Som alltid skriv dusvært reflektert!

Tina Totland sa...

Hei Heidi:-)
kjekt å høyra:-)
Tusen takk:-)

Anonym sa...

Hei Tina!

Eg tykjer du har skrive eit flott innlegg. I tilegg til eige grunnsyn har du tatt med dei ulike faktorane som truleg har inspirert Lev Vigotskij og kva han la vekt på, til dømes marxismen og dens fokus på felleskap, kulturell utvikling og hans syn på det sosiale og psykologiske. Bra!

Tina Totland sa...

Hei Jan Egil:-)
Tusen takk for ein fin kommentar:-)

Steinar sa...

Ja, du gir eit godt perspektiv på sentrale sider ved det sosiokulturelle, bra!

Du som lærar vil arbeide i elevens næraste utviklingssone, kva slags medierande aktivitetar har du sjølv tru på der?